Bli med på kjøkkenhagekurs hos meg

Bli med på kjøkkenhagekurs hos meg

DAGSKURS ute i hagen min i Stavanger laurdag 23. mai klokka 10-15 for max 7 deltakarar (Fyrste mann til mølla).
Du lærer mellom anna dette:
Kva kan eg så og planta når? Og koss gjer eg det?
Kva vekster er lett å få til/lurt å starta med for nybegynnarar?
Kva bør eg dyrka om eg vil ha det lettvint?
Koss utnytta plassen best mulig året rundt slik at eg kan få fram mykje mat på liten plass?
Koss laga nye bed. Koss du kan fylla pallekarmane utan å kjøpa sekkevis med jord. Koss laga god kompostjord.
Nøkkelinfo om vatning, gjødsling og skadedyr/insekter.
Med andre ord: Det viktigaste du treng å vita for å lukkast.
Lunchpause kl 12: Jordskokksuppe og nybakt brød. Rabarbrapai.
PRIS: 1000 kroner pr. person
PÅMELDING: Det er ikkje nok å klikka SKAL på dette arrangementet på Facebook. Du MÅ også senda ein epost til margunn.ueland@gmail.com med fullt namn (førenamn og etternamn) og telefonnummer.
Dei sju fyrste som melder seg på får plass. Desse vil då få beskjed koss de skal betala (Vipps til Margunns kjøkkenhage, velg Dagskurs kr 1000 frå menyen).
Alle som melder seg på med e-post vil få svar frå meg om de får plass eller ei.
Påmeldingsfrist: Meld deg på pr. epost (sjå oppføre) innan fredag den 22. mai.
Kle deg etter vêret. Ta gjerne med ei drikkeflaske med vatn.

Adresse: B. Christophersensgate 40, 4009 Stavanger. I enden av ei sidegate til Eiganesveien, ikkje langt frå Tjensvollkrysset.

FOTO: Biletet tok fotograf Knut S. Vindfallet i Leikeplasshagen i fjor sommar då han og Heidi Hjorteland Wigestrand laga ein reportasje om Margunns kjøkkenhage til vekebladet Hjemmet.



2 kommentarar om “Bli med på kjøkkenhagekurs hos meg”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: