3 dessertar og 4 kaker med rabarbra +slik får du digre planter

3 dessertar og 4 kaker med rabarbra +slik får du digre planter

Rabarbrafesten er i gong! Så mykje godt du kan laga av denne praktfulle, fleirårige grønsaken. Dei to siste åra har eg laga 11 ulike rettar med rabarbra. Her får du oppskriftene på åtte av dei eg likar best.  Kanskje du får lyst å testa nokre? I mens skal eg prøva meg på nye. Hadde vore jysla gildt (gøy) om du ville dela di favorittoppskrift, så skal eg dela mine nye etter kvart. Til slutt i dette blogginnlegget får du svar på koss eg får rabarbraen til å bli så svær!

Nykokt rabarbragraut til avkjøling.

Dessertar

Det fyrste eg laga, var dessertar som minna meg om barndomen: Nemleg rabarbrasuppe og rabarbragraut. Fort gjort! Og så godt!

Det eg likar minst med rabarbra, er at det er sukker i mest alle oppskrifter. Ok, det går an å bruka Sukrin.

Neste oppskrift er ein lekker dessert utan  både sukker og sukrin, med kokos og bringebær.

Rabarabradessert utan sukker og sukrin!

Smuldrepai, kake, muffins

Bringebær og kokos er det også i denne smuldrepaien med utgangspunkt i oppskriftene til matdronningane Ingrid Espelid Hovig og Nigella Lawson.

Smak av sommar: Rabarbra, bringebær og kokos. Smuldrepai.

Men min absolutte favoritt-rabarbrasmuldrepai, klekka eg ut oppskrifta til sjøl. Utruleg lett å laga, og mest bare sunne ingrediensar: Eg bare bytta ut stikkelsbær med rabarbra i denne oppskrifta mi. Pluss at eg brukte meir “søtning”: Bare 2 ss kokossukker blei for surt, men det gjekk supert med 2 ss lønnesirup, 2 ss agavesirup og 2 ss sukrin (evt kokossukker).

Rabarbrakake med mynte.

Rabarbra er også supert å ha i kaker og muffins (vårens eple….).  Denne rabarbrakaka med mynte lagar du i ein fei.

Muffins er kos til tekoppen. Desse er med sukrin i staden for  sukker og utan kveitemjøl. To ulike variantar, der eg prøver ulike mjølblandingar. 

HER ER ALLE OPPSKRIFTENE:

RABARBRASUPPE OG RABARBRAGRAUT

RABARBRADESSERT MED KOKOS OG BRINGEBÆR

SMULDREPAI MED RABARBRA, BRINGEBÆR OG KOKOS

SUNN STIKKELSBÆRPAI – BYTT UT BÆR MED RABARBRA OG HA I MEIR SØTNING (sjå tekst over)

RABARBRAKAKE MED MYNTE

RABARBRAMUFFINS UTAN SUKKER OG KVEITEMJØL

Er han ikkje fin?

LETT Å DYRKA

Attpåtil er rabarbra lett å dyrka. Det er bare å planta, så får du rabarbra år etter år. Mengdevis. NB! Så sant du plantar rabarbraen i god og næringsrik jord. Dette skal bli digre planter med lange stilkar og gedigne blad, så du forstår at her må det næring og vatn til.

Eg planta rett og slett i ein stor haug med kompost. For at vatnet ikkje skal dampa av på tørre og varme dagar, dekker eg jorda. Med kva? Med f.eks. plenklypp, kompost og med lauv om hausten. I mars la eg på eit tjukt lag med talle frå Kalle, det vil seia halm som bonde Kalle Nilsen hadde hatt under kalvane i fjoset. Altså halm i spedd kalvepiss og kalveskit. Rabarbraplantene blei gedigne…

Denne rabarbraen har det bra! Fotografert den 13. mai i år.

RabarbrakompostOg av dei svære blada blir det mykje ny kompost!! YEAH! Eg kappar dei opp i bitar med ein sigd, og legg dei i varmkompostbingen (kaldkompostbinge går sjølsagt også bra) lagvis med halvrotna lauv eg har samla i sekker.

HER KAN DU LESA MEIR OM KOSS DU FÅR RABARBRAPLANTENE TIL Å TRIVAST

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg



6 kommentarar om “3 dessertar og 4 kaker med rabarbra +slik får du digre planter”

  • Rabarbra er berre så godt! Eg prøvde ei ny oppskrift i helga: steikt kylling med rabarbra. Det var overraskande godt. Eg steikte kyllingen i omnen i ein halvtime, tok han så ut og la rabarbra blanda med 2 ss kokossukker i botnen av forma, og steikte eit kvarter til. Frå boka: “Den nordiske dietten” av Trine Hahnemann.

  • Hei! Jeg har en rabarbraplante som nesten krymper for hvert år… må flytte den til en bedre plass! Når er det best å gjøre det? Takk for svar 🙂

  • Rabarbra er godt!!
    Har 2 oppskrifter som er veldig gode, og som har vært brukt i vår familie lenge.
    Den første er Rabarbrakake som har vært 17.mai kake her siden 80-tallet. Oppskrifta fant jeg i et dansk blad. Det er ei kake med en formkakebunn og marengs med rabarbra på toppen.
    Den andre oppskrifta er fra ei lita dansk bok som har oppskrifter med Rabarbra og Jordbær. Det er en Rabarbra marmelade med ingefær. skal prøve og sende på mail til deg.

    Hilsen
    Jette

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: