Kor mykje får du plass til på 3×10 kvadratmeter?

Kor mykje får du plass til på 3×10 kvadratmeter?

Kva skal eg planta kor? Har eg for få planter eller for mange? Eg greier aldri å leggja ein plan, beda blir til mens eg held på.  Vil du vita koss det blei? Her er oversikt over korleis eg fylte tre bed, kvart på rundt ti kvadratmeter.

BED 1: SPISSKÅL, ASIATISK MIKS, GULROT og BLADBETE

  • På rekker frå nord til sør:
  • 6 spisskål “Kalibos” (lilla)
  • 6 spisskål “Filderkraut”
  • 6 spisskål “Kalibos”
  • 4 bladbete (mangold) “Bright Lights” mellom 4 aspargesplanter som står her frå før
  • Mellom kålplantene:
  • 3 rekker salatkål “Oriental Mix” som mizuna og pak choi
  • 2 rekker gulerøter og reddik som eg sådde på friland
  • Nederst: 7 knutekål på tvers
Blei i kaldaste laget for rødbetene nå. Hadde ikkje venta at siste veka før 17. mai skulle bli den kaldaste denne våren… Fremst blomkål. Bak ser du kålrot.

BED-2: LØK, KÅLROT, BLOMKÅL OG RØBETER

  • 100 setteløk i den nederste søre delen av bedet
  • 13 kålrot i ei gruppe
  • 5 svartkål i ei gruppe
  • (1 grønkål frå i fjor står att)
  • 7 blomkål nærmast drivhuset i ein kant rundt bedet
  • Rundt 30 rødbeter og 15 spinat  inimellom blomkålen (den veks seint, synes eg)
Bondebønner fremst, spisskål til venstre, georginer er dei store i miden. Dei små innimellom er solsikker. Kålplanten bak er “Kalibos”. Sjå også oppslagsbiletet i toppen av innlegget.

BED-3: BLOMAR, BØNNER OG KÅLBLANDING

  • 3 røde georginer (Dahlia) på rad midt i bedet
  • 1 Kalibos, 1 Filderkraut og 1 svartkål på kvar side, slik at det til saman blir 3 av kvar, altså 6
  • 8 låge solsikker innimellom
  • 1 svartkål og 1 kålrot (fordi eg hadde igjen det)
  • 30 knutekål til å kanta den eine kortenden av bedet med (sjå biletet i toppen)
  • 30 bondebønner i rekker på tvers av bedet i den andre enden

Små spirer tek stor plass

Du synes kanskje det blei mykje kål? He, he. Eg også. Men eg elskar å dyrka kål. Dei er så fine. Men, når mest alle spirene veks opp, så blir det ein del… Fort gjort å så for mykje.

Og alle kåla i dei tre beda starta som små spirer i dei 5 grøne boksane bakerst og plastbegeret fremst til venstre.

Fleire bed og 7 kassar

Eg har heldigvis fleire bed: Fire har eg sett jordeple/poteteter i.

Då har eg to att på til saman rundt 10 kvadratmeter. Der har eg tenkt å planta ut maisen i  slutten av mai/juni.

Graskara? Under frukttrea. I juni, kaaaanskje i slutten av mai.

Squashen? Får overta “kråkereiret” etter tulipanane. I juni. Kaaaaanskje i slutten av mai.

Pallekarmane? Har sådd gulerøter (og reddik) i fem, pastinakk i ein og salat i dørkarmkassen.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 



5 kommentarar om “Kor mykje får du plass til på 3×10 kvadratmeter?”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: