Mitt drivhus er fylt med….

Mitt drivhus er fylt med….

Ååh, men eg er glad for at eg har drivhus! Her alar eg opp alle grønsaker og sommarblomar som veks i kjøkkenhagen. Frå april til oktober er det fullt. Men aldri så stappa som i fyrste del av mai. Her skal du  få sjå kva som er her inne nå. Eg har nett bore inn dei som får stå ute på terrassen på dagtid. Tryggaste å stå i drivhuset på kalde netter.

DRIVHUSPLANTER, det vil seia planter som skal bli verande i drivhuset, også om sommaren:

Tomat (Desse sortane har eg sådd)

Chili

Paprika

Agurk? Niks, for kaldt enn så lenge.  Har nett sådd to på badet.

Aubergine (som eg var så heldig å få av snille Mariell Klungtveit)

Physalis, også kalla kjærlighetsfrukt. (Som eg også var så heldig å få. Av Birte Noer Borrevik og Ole Geir Skjæveland. )

Tomatane skal over i større potter når eg har fått ut mesteparten av det på lista under, nå er her for trangt. Chili og paprika veks mykje seinare.

SOMMARBLOMAR OG KNOLLAR:

Georginer (Dahlia) (Eg har desse sortane)

Solsikker: Har sådd mine eigne frø av denne som eg vart så glad i i fjor. 

NB! Desse ber eg ut om dagen og inn på kalde netter med temperatur under fem grader.  Skal bli fire grader natt til måndag og to grader natt til tysdag.  Inne i drivhuset blir det fort varmt når sola viser seg, og då veks georginene og solsikkene så fort at dei blir lange og svake. Eg vil ha sterke stilkar, så ut med dei.

“Snop”: Anisisop og lakristagetes frå Mariell Klungtveit  (sjekk @hageninr11 på Instagram).  1 rosa canna eg fekk frå Ole Geir Skjæveland som lagar gode hageprogram på TV-Vest. Han hadde med då dei laga opptak frå kjøkkenhagen min. Planen er at det vil bli vist fyrstkomande torsdag den 7. mai og på tysdag den 19. mai.

Begonia (“Skaugum”)

Georgine, solsikker (i grøn kasse) og bladbete i lilla kasse.

GRØNSAKER SOM SKAL PLANTAST UT I MAI:

Sådd i mars, står nå i potter:

Bladbete, også kalla mangold (Denne ber eg ut om dagen og inn om natta).

Stangselleri

Rødbeter, sådd i pluggbrett.

Små planter sådd i pluggbrett i april: 

Rødbeter

Salat

Spinat

Rødbetene og bladbete står inne fordi dei lett går i stokk om dei får det for kaldt i oppveksten.

Salat og spinat toler kulde, også en del frost (særleg spinat), men eg sår dei i drivhuset fordi der er ingen sneglar.. (Eg har også sådd salat og spinat ute i ein stor kasse av gamle dørkarmar, pluss prikla ut nokre i krukker og balkongkassar. )

Stangselleri sådd den 2. mars og mais sådd den 15. mars.

GRØNSAKER SOM SKAL PLANTAST UT I JUNI:

Mais

Graskar 

Squash

Desse er bare drygt to veker gamle. Men dei veks fort. Har potta dei om ein gong, og må gjera det ein gong til før utplanting (minst).

Sommarsquash (courgette, zucchini) til venstre og Hokkaidograskar/vintersquash til venstre. Sådde den 16. og den 15. april.

BRETT OG BEGER MED NYSÅDDE FRØ SOM SKAL PLANTAST UT I JULI (etter opptak av poteter, løk, knutekål og 1. omgang kålrot)

Kålrot

Knutekål

Rosenkål

Brokkoli

Purre (burde nok ha sådd før…)

Ringblom (kunne ha sådd rett ut på friland, det gjorde eg faktisk i fjor haust, og det ser ut som dei kjem opp nå. Ringblomar sår seg også lett sjøl. Men: Alltid greit å ha nokre på lur…)

Rødbeter

Gulerøter sådd i ein liten kasse med mjølkekartongar

Varme

Eg har termostartstyrt drivhusomn som skrur seg på om nettene når temperaturen går under ti grader.

DETTE HAR EG SÅDD OG PLANTA UTE I BED OG KARMAR

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 

 

 



2 kommentarar om “Mitt drivhus er fylt med….”

  • Hei
    Takk for flott blogg og fine innlegg som inspirerer.
    Jeg er nybegynner på forkultivering.
    Har spørsmål; bladsalat er kommet i vekst etter prikling og står svalt.
    Ser veldig frisk og fin ut, men noen av de ytterste bladene er litt slapp/ visne.
    Hva kan det komme av.? Er veldig nøye på vanning, ikle får tørt ig ikke for vått. Har gitt litt, 1% blanding Bokashi næring ved en vanning ca en eike etter prikling
    Hilsen en ivrig nybegynner …….🥬☺️

    • Hei og takk for hyggeleg kommentar. Hmm, høyrest ut som om det gjer alt rett. Vanskeleg å seia. Det viktigaste er at røtene har det bra, og at dei nye blada er friske og fine. Bra jord er viktig. Unge salatplanter vil ikkje ha det for vått. Kort tid etter prikling pleier dei fleste planter vera litt slappe – tek litt tid før røtene har fått festa seg og begynt å “jobba”/ta opp vatn og næring. Set derfor ikkje nyprikla planter i sol dei fyrste par dagane. Lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: