Dette har eg sådd og planta ute hittil

Å planta ut eller ikkje planta ut, det er det store spørsmålet på denne tida. Her skal eg visa deg kva som nå er på plass i bed, pallekarmar, krukker og kassar ute hos meg. Alt er grønsaker og urter som greier seg fint med temperaturar på 3-11 grader som Yr viser me skal ha i komande veke her i Stavanger.
Her er lista:

Dette har eg forkultivert, det vil seia sådd i drivhuset i mars slik at dei nå var små planter:
- Bondebønner
- Salat
- Asiatisk salatkål som pak choi og mizuna (på biletet i toppen mellom rader med spisskål “Kalibos” og “Filderkraut”)
- Spisskål
- Knutekål
- Kålrot
- Blomkål
- Svartkål
- Setteløk

Dette har eg sådd ute i bed og pallekarmar:
- Gulerøter
- Pastinakk
- Plukksalat
- Rukkola
- Reddik
- Sukkererter

Urter
- Bladpersille
- Koriander
- Oregano
- Timian
- Estragon
- Salvie
- Rosmarin

Bladpersillen har eg forkultivert fordi den ville eg ha mykje av. Eg breisådde i ein liten trekasse, det var nok til å fylla ein heil pallekarm (og vel så det).
Rosmarin, salvie og estragon har overvintra i krukker. Der var det nå så trangt at dei fekk plass i urtebedet i Leikeplasshagen.
Dermed kunne eg kjøpa ferdige potter med koriander, oregano og timian til å putta i krukkene.
I tillegg har eg sådd koriander i pluggbrett i drivhuset, for ei krukke er alt for lite for ein koriandarelskar.

Herding
NB! Alt eg har planta ut, har gradvis vent seg til utelivet i den forstand at dei har stått ute på terrassen i fleire dagar og nokre netter før utplanting. Bondebønnene flytta eg ut straks dei spirte, kålplantene har vore ute stort sett heile tida etter prikling.
PS: Eg har planta ut flesteparten av kålplantene, men nokre ventar fortsatt på tur i kassar på terrassen. Det er fordi eg vil dei skal veksa seg litt større før eg plantar dei ut i eit bed på Leikeplasshagen slik at dei ikkje blir så lett offer for brunsneglar..
LES OGSÅ:
NÅR SKAL EG PLANTA UT GRØNSAKENE?
EG HAR OGSÅ SETT POTETER; LES OM DET HER
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg
Så kjekt å sjå! Har du sådd pastinakk i melkekartong? Blei litt usikker på det du skreiv. Eg sådde det på laurdag, men eg er usikker på om det går.
Hei Øygunn! Har sådd gulerøter i mjølkekartong (pluss rett ut). Har ikkje sådd pastinakk i mjølkekartong, har sådd i ein pallekarm. Vil bli spanande å sjå om du lukkast med kartongmetoden på pastinakk.
Hei!
Jeg har plantekasse med drivhus på toppen, hva anbefaler du at jeg har oppi for å kunne utnytte plassen godt og som vil trives der?
Hei! Grønsaker og urter du likar å eta!! NB! Kan bli veldig varmt under drivhuset når sola skin. Hugs å opna lukene….
Du kan få mykje salat og urter i ein pallekarm, men dei vil greia seg utan drivhus etter kvart som det blir varmare (veit ikkje kor du bur).
Du kunne ha hatt salat, spinat, reddik, persille, koriander og grasløk om våren og etter kvart som du et opp salat, spinat og reddik, kan du kanskje prøva med busktomatar, småblada basilikum og litt tagetes innimellom? Eller: Du kan så gulerøter&reddik nå og deretter rødbeter etter at du har ete opp reddik.