Har sådd gulerøter på 4 måtar

Har sådd gulerøter på 4 måtar

Gulerøter. Alle likar gulerøter. Eit av høgdepunkta i fjor i Leikeplasshagen var då ungane drog opp den eine løgne (rare) gulerota etter den andre. I år må me dyrka meir.  I år sår eg på fire ulike måtar. Blir spanande å sjå kva som går best og verst.

Gulrotselfie frå august 2019. Fremst ser du meg og naboguten William, bak står storesystera hans Sofie og mamma Marte.

Du kan ikkje forkultivera gulerøter slik du kan gjera med kålrot, sellerirot og kålplanter. Det går ikkje å prikla gulerøter. Dei må såast på friland, som det heiter.

Pallekarmar

Dei fyrste spirene er bittesmå, og er eit lett bytte for brunsneglar. Derfor sådde eg gulerøtene i pallekarmar.

Gulerøter vil ha steinfri, ugrasfri, moldrik og veldrenert jord. Også derfor passa pallekarmar bra.  I desse har eg heimelaga kompostjord – er ein del sand også oppi. Sidan pallekarmane står oppå sand og grus (og ikkje på grasmark med kartong/avispapir i botnen), brukar eg doble pallekarmar. I den nederste har eg lag på lag med organisk materiale slik at det blir som ein kompostbinge. I den øverste har eg altså jord.

NB! Vatna før du sår

Gulrotfrø er bittesmå og treng lang tid på å spira. Små frø skal ikkje såast djupt, dei skal bare så vidt dekkast. Dermed blir det lett for tørt på varme og solrike dagar. Jo, du kan vanna, men då må du vera veeeeldig forsiktig så du ikkje spyler bort frøa. Derfor må du vatna jorda der du skal så gulerøtene før du sår dei. Grundig.

Eg spanderte to store vannekanner på kvar pallekarm slik at molda blei gjennomfukta.

Frøband og “lause” frø

Frø: Eg hadde to typar frøposar:  Frø som ligg lause i posen og såband – der frøa er festa til kvite papirstrimler slik at det skal bli lettare å så med rett avstand.

Metode 1: Riller og frøstrimler/såband.

Med peikefingeren/ein pinne laga eg  ei 1 centimeter djupe riller og la dei kvite strimlene nedi.  Med ei lita vannekanne vanna eg litt ekstra i rilla og trykte så bandet ned. Deretter brukte eg hendene og dytta forsiktig eit tynt lag jord over.

Eg laga sju rader/riller i den  eine pallekarmen og fem i den andre.  Altså mindre avstand mellom radene enn 30-40 cm som står anbefalt på frøposen. Men eg skal jo ikkje gå mellom radene.  Det gjekk med tre posar frø (som gjekk ut på dato i 2019, i den eine var der reddikfrø innimellom gulrotfrøa).  I karmen med fem rader, sådde eg også tre rader med reddik.  Dette gjorde eg på den fyrste dagen med litt varme i vår, den 6. april. Men: Sjøl om lufttemperaturen var 12 grader, var jorda veldig kald, så eg burde nok ha venta litt. Dessutan ligg desse pallekarmane på ein del av Leikeplasshagen utan føremiddagssol.

Metode 2: Riller som eg strødde ut frø i. Eg helte litt frø i den eine handa og tok nokre få frø om gongen mellom peikefinger og tommelfinger med den andre handa og strødde forsiktig ut.  2-4 centimeter avstand mellom frøa er anbefalinga på frøposen.  Eg sådde nok litt tettare. Tenkte at kvart frø neppe spirer.  Ein enkel måte å laga riller på, var å leggja på ein bambuspinne og trykkja den ned.

Metode 3: Breisådd. Eg bare strødde ut frø så tynt som eg  kunne på toppen av heile  jordoverflata i pallekarmen. Så klappa eg frøa ned med hendene, og dryssa over eit lett lag med mold. Det var den kjappaste metoden.

Dette gjorde eg i går. Då var jorda i pallekarmane blitt varm og god etter fleire dagar med sol.

Dette var frø frå ein stor pose, så eg har massevis igjen dersom eg må så på ny…

Metode 4:  Eg stabla tome mjølkekartongar i ein kasse, fylte med jord frå hagen, gjennomfukta jorda og strødde så cirka 6 frø i kvar kartong.  Eg hadde  klypt små hol i  kvart hjørne av botnen på kartongen slik at overflødig vatn kan renna ut. Så strødde eg Vermiculite over frøa slik at dei blei dekka med cirka 1 cm og sette kassen i drivhuset.

Eg la ein trekasse over, slik at topplaget ikkje skal tørka opp så fort. Så får eg heller kikka ofte under og skunda meg å fjerna trekassen straks spirene viser seg slik at dei får lys.  Det var dagens gulrotprosjekt.

Ville eg ha hatt tidlegare gulerøter, kunne eg ha gjort dette for fleire veker sidan, så hadde vel kanskje kartongane vore klare til å bli planta ut. Då klypper eg av botnen av kartongane. Denne metoden brukte eg  for fem og tre år sidan, og det var dei einaste  gulerøtene det blei noko særleg av i kjøkkenhagebedet.

EG GJENTAR: Eg vatna før eg sådde.  Det gjeld både metode 1, 2, 3 og 4. 

Dekk med fiberduk

Etter såing dekka eg pallekarmane med fiberduk.  Det enklaste er å kjøpa ein duk som passar til pallekarm som har strikk rundt kantane, så trer du han bare på som ei anna “badehette”.  (Sjå oppslagsbiletet). Fiberduken vernar frøa både frå kattar, hundar, fuglar og insekt, men gjer også at det blir varmare og fuktigare under enn om karmane låg bare.

Framover

Nå gjeld det å passa på at jorda ikkje tørkar ut. Må eg vatna, bruk ei kanne med dusjhovud. Då tek eg av fiberduken og legg han på igjen etter vatning. Regn skal sleppa gjennom duken.

Spirer etter 2-4 veker, står det på frøposane.

Når det grøne bladverket har blitt cirka 5-10 centimeter høgt, er det på tide å tynna, slik at plantene ikkje blir ståande for tett,

Om du bør gjødsla eller ei, kjem an på kor godt eller dårleg gulerøtene veks og kor god jorda di er.

LES OGSÅ:

LØYE MED LØGNE GULERØTER

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: