Ikkje skjem bort kålungane

Ikkje skjem bort kålungane

Misunneleg på oss som har drivhus?  Sjå på desse spisskålplantene. Dei har stått ute i ein isoporkasse den siste veka, og er mykje kraftigare og finare enn dei eg har i drivhuset. Der blir det nemleg varmt når sola skin. Dermed veks kålungane for fort, og blir lange og slengete. Me  vil ha kraftige, kompakte planter med sterk stilk.

Av alle grønsaksplantene i drivhuset, er det dei i kålfamilien (eller rettare sagt: korsblomfamilien), som eg flyttar ut fyrst frå drivhuset, altså  spisskål, knutekål, kålrot, brokkoli, blomkål, grønkål, svartkål.

Kvifor plantar eg dei ikkje bare rett ut i beda når dei likevel kan stå ute?

Fordi eg vil dei skal veksa seg større og kraftigare (både blada og røtene) slik at dei har større sjanse for å overleva om det skulle koma ein brunsnegel forbi.

Og fordi faren for frost ikkje er over endå. Vanlegvis ikkje før uti den fyrste veka i mai. Har eg dei ute i kassar, kan eg lempa dei inn i drivhuset att om det blir kuldegrader.  Eller leggja på lok eller eit par lag med fiberduk.

Den tredje grunnen er at eg la eit tjukt lag med kompost på toppen av det som blir det store kålbedet i år den 22. mars. Er redd det er litt for kraftig kost for små røter nå, men bør bli bra i mai.

Og for det fjerde vil dei då vera ferdig herda når den tida kjem at eg kan planta ut.

Kan eg ikkje bare ha dør og vindu opne i drivhuset når sola skin? Jo, det kan eg, og det må eg faktisk om det er sol heile dagen. Men: I drivhuset har eg også tomat, chili og paprika, og dei vil ikkje ha det for kaldt. Dessutan handlar det ikkje bare om varme. Lyset ute er betre enn lyset i drivhuset. Eg trur faktisk også at dei blir sterkare av litt vind..

Dessutan er det temmeleg fullt i drivhuset, og etterkvart som plantene veks og nye skal såast, kjem det til å bli endå fullare.

Lilla spisskål, ikkje rødkål.

Bra sort

“Kalibos”er eit lilla spisskål med mild og god smak. Det beste kålet eg veit til råkost. Flott å sjå på er det også. Det er litt av stasen med å så sjølv, at der er så mange ulike sortar å velja mellom.

Her ser du at kålen har endra fasong, veks oppover, blada blir mindre, for nå brukar han kreftene på å setja blomar som skal bli til frø. Foto frå den 11. april i fjor. Det er altså frø frå denne eg har sådd i år.

Er spent på koss desse blir i år, for dei er faktisk sådde av frø eg har hausta frå ein “Kalibos” som eg planta på seinsommaren 2018. Han overlevde vinteren og neste vår skaut han opp ein lang stilk og kom med massevis av gule blomar som så blei til frøbelgar på seinsommaren.

1. prikling den 20. mars. Spirene frå druebeger blir flytta over i kvar si vesle potte.

Så, prikla, potta om

Frøa sådde eg i eit lite beger på kjøkkenbenken så tidleg som den 16. februar. Var spent på om dei ville spira, og det gjorde dei etter ei snau veke.  Då flytta eg dei ut i drivhuset. Hadde ikkje varme på, men putta dei i  isporkasse på dagar og netter med kuldegrader.  Eg prikla dei – flytta kvar spire over i ei lita potte den 20. mars.

Då flytta eg tomat, chili og paprika ut i drivhuset, dermed måtte eg ha på omnen når temperaturen gjekk under sju grader. Den 7. april potta eg om “Kalibos” i større potter, og sette dei ut på terrassen i isoporkasse.  Då trong dei nemleg meir næring og større plass til røtene.

SLIK GJER DU NÅR DU PRIKLAR

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: