Kjøkkenhagesyslar i påska for ferskingar

Kjøkkenhagesyslar i påska for ferskingar

Denne lista er mynta på deg som er nybegynnar, altså deg som har funne ut at du vil bruka delar av hagen til noko som kan etast, men ikkje heilt  veit kor du skal ta fatt.  Alt på lista har eitt til felles: Mykje glede for liten innsats.  Bur du langs kysten i Sør-Norge, kan du gjera dette nå, sjølv om det skulle koma litt frost i vekene fram mot 17. mai.

Plant rabarbra.

Fordi det er lite arbeid, og du får mykje igjen for det. Rabarbra er flotte planter frå tidleg vår til haust, og du kan hausta rabarbrastilkar i mange omgangar slik at du får nok til både supper, grøt, paiar og kaker. Og rabrabra kan frysast! Dermed kan du laga sommardessertar mitt på vinteren. På biletet i toppen av dette innlegget ser du skrukkete “nyfødde” rabarbrablad som nett har sprengt seg ut av dei svulmande knoppane.

Rabarbraen veks fort, dette biletet er frå den 14. mai i fjor.

Plant bærbuskar.

Mykje glede for liten innsats. Kvifor ikkje planta ein spiseleg hekk?

“Discovery”.

Plant eit epletre eller to.

Same grunn: Mykje glede for liten innsats.

Her kan du lesa om dei fire epletresortane eg har planta.

Sett poteter.

Skal du laga deg kjøkkenhage, er det lurt å begynna med poteter: Både fordi det er lett å dyrka og fordi det blir veldig god jord der du har dyrka poteter. Det går om lag fem veker frå du set poteter til dei fyrste grøne bladrosettane kjem opp. Mens potetene ligg i jorda – sett dei 10 cm djupt – blir dei ikkje skada av lett frost.

Er ikkje faren for frost over hos deg innan fem veker, skaff deg settepoteter og legg dei til groing innandørs. Legg dei f.eks i eggekartongar og set dei lyst, helst litt kjølegare enn romtemperatur, men romtemperatur går også.

Mynte (t.v.) og salvie forografert i fjor sommar.

Plant urter i potter.

Kjøp nokre potter med urter på eit bra gartneri og plant dei i større leirpotter med hol i botnen. Er det store og fine urter du har kjøpt, kan du gjerne dela kvar rotklump i 2-3-4 før du puttar dei i dine potter. Røtene treng nemleg plass til å veksa. Det er for kaldt ute for basilikum nå, men du kan ha oregano, timian, salvie, rosmarin og grasløk ute nå her på sørvestkysten. Og mynte! Gje mynten den største krukka. Ikkje plant mynte i bed, den spreier seg som bare det når han fyrst har kome i gong.

Også eit tips som gir mykje glede for lite arbeid.

Kompostér.

Har du tenkt å dyrka grønsaker, kan du likså godt læra deg å kompostera fyrst som sist. Du vil aldri angra på det. Og når du har kome godt i gang, vil du lura på koss du skulle ha klart deg utan. Inga jord er så god som heimelaga kompostjord.  Dessutan må du jo bli kvitt avfallet – potetriset, grasklypp (hvis du har plen), lauv osv. Kva er då vel betre enn å laga kompost av det?

Ein enkel og smart måte er å skaffa seg to pallekarmar som du set oppå kvarandre. I botnen av bingen legg du pappkartong eller tjukt lag aviser så ikkje gras og ugras veks inn og opp i karmen. Så kan du enten bruka den som rein kompostbinge, eller som kombinert kompostbinge og dyrkekarm. Då fyller du opp den nederste pallekarmen med avfall. I den øverste har du jord. Her kan du så og/eller planta- det tryggaste er å venta til faren for frost er over.  Etterkvart som plantene veks, blir avfallet under gradvis kompostert.

Les meir om kompostering her.

Grønsaker: Ver tolmodig, ta snarveien

Dersom du vil dyrka grønsaker i den øvste pallekarmen (sjå punktet over), vent til faren for frost er over, dra til eit bra gartneri og kjøp nokre pluggplanter (små grønsaksplanter).  F.eks. salat. Veks fort og du får plass til mange i ein karm.

Pynt med fargeglade blomar

Fyll nokre krukker med påskeliljer, ranunklar og stemorblomar (toler lett frost).

Gled deg over kva du har gjort

Då har du fått gjort mykje! Nyt det, ver stolt.

Planlegg 

Likte du det? Planlegg neste prosjekt… Les deg opp (hagebloggar, hagebøker).

 

 

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: