Kjappe havrecookies

Kjappe havrecookies

Fekk lyst på noko godt til tekoppen og måtte ty til det eg alltid har i skapet: Havregryn, rosiner, linfrø, dadlar og peanøttsmør. Jammen blei det gode cookies, og det på 25 minuttar.  Burde jo brukt eit  norsk ord, men “kjeks” minner meg om noko turt og flatt, og småkaker får meg til å tenkja på jul.

Ingrediensar:

  • 1 ss knuste linfrø
  • 3 ss vatn
  • 1/2 kaffikopp (125 ml) peanøttsmør
  • 6 mjuke dadlar
  • 1/3 kopp vatn (85 ml)
  • 1 ts kanel
  • 1 ts vaniljeekstrakt, evt. vaniljesukker
  • 1,5 kopp (3,75 ml) lettkokte havregryn
  • 1 neve rosinar

Framgangsmåte:

  1. Skru på omnen. 180 grader.
  2. Bland linfrø med 3 ss vatn i ei lita skål.
  3. Bruk ein stavmiksar og fres saman dadlar og vatn, ha så i peanutsmør og bland alt godt.
  4. Rør inn linfrøblandinga, havregryn og rosiner.
  5. Legg bakepapir på ei bakeplate.
  6.  Ta klumpar av deigen og rull dei med hendene (som du sjølsagt har vaska grundig) til 8 store kuler.
  7. Bruk ein gaffel og press kulene litt forsiktig ned slik at du får stripemønster og kulene blir halvflate.
  8. Steik i rundt 15 minuttar.

Åtte slike cookies er faktisk nok til at to personar blir ganske godt mette om du serverer med eit kvar sitt glas mjølk. Desse er nemleg proppa med næring, både protein, sunt feitt, bra karbohydratar og fiber.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: