Slik får du super jord

Slik får du super jord

Her får du eit kjapt kurs i kompostering. Sjå på den flotte molda! I fjor sommar var det potetris som eg la lagvis med lauv i kaldkompostbingen. Nå har det blitt super jord fullt av makkar, bakteriar, soppsporer og andre nyttige mikrober.  Åtte trillebårlass som eg har fordelt på toppen av bedet. Bedet er om lag 10 kvadratmeter.

Nå er eg supernøgd! Grunnen til det, er at planter elskar kompostjord. Eg fattar rett og slett ikkje at det går an å lukkast med å dyrka grønsaker utan å kompostera. Så skaff deg ein varmkompostbinge og/eller ein kaldkompostbinge eller komposter i pallekarmar.  Eg brukar alle tre metodar.

Jepp, her ser du fjorårets potetris blanda med lauv. Pluss avfall frå opprenskinga i staudebedet i fjor haust. Georginene hamna også i kompostbingen då eg tok inn knollane.

I pallekarmar: Fyll organisk materiale i den nederste pallekarmen og vel så det, og ha på jord i den øvste. Du kan så og planta i desse, altså veks plantene mens avfallet nederst blir kompostert.

Med organisk materiale meiner eg hageavfall, gras, lauv, tang&tare, møkk, halm. Kjem an på kva du får tak i. Sist helg fekk eg eit lass med talle (halm frå kalvegardane blanda med skit og piss) frå bonde Kalle.  (Sjå bilete på Facebooksida Margunns kjøkkenhage,). Dermed grov eg ut molda i dei doble pallekarmane. Nederst la eg talle lagvis med lauv og grov varmkompost (ikkje heilt omdanna kompost) frå varmkompostbingen som det var masse makk og bakteriar i.  Så fylte eg på med jord. Dermed fekk eg ein del jord til overs, den skal eg bruka til ompotting av grønsaksplanter og til å dyrka tomatar i.

Brunt og grønt lagvis

Du får best kompost om du legg brunt og grønt materiale lagvis. Med brunt meiner eg materiale som inneheld mykje karbon, slik som halm og lauv. Med grønt meiner eg nitrogenrikt materiale som møkk og gras.  Halm og lauv blir seinare omdanna enn møkk og gras. Halm og lauv er med på å gje jorda god struktur. Lauv tilfører soppsporer. Møkk er full av bakteriar. Du vil ha begge delar.

Omdanninga til kompostjord går raskare om du har på litt jord eller kompostjord mellom laga.

Dette er ein varmkompostbinge. Du kan ta av den eine sida når du skal henta ut kompost.

Varmkompost vs. kaldkompost: Varmkompostbingen er tett: Dermed går omdanninga raskare (det blir varmare i bingen) enn i kaldkompostbinge. Du kan også ha matavfall i varmkompostbingen, sidan ingen dyr eller fuglar kan koma til. Fordelen med kaldkompostbinge er at du får plass til mykje meir avfall – i alle fall om du byggjer deg ein stor binge. Det er lurt med ein binge som har meir enn eit “rom”, då er det lettare å grava om komposten, noko eg gjer vår, sommar og haust.

Toppdekke

Kvar haust dekker eg alle bed med kompost og/eller lauv. Etter nyttår dekker eg beda med gammal møkk (så fort dei er bare for snø, og i vinter hadde me jo ikkje snø i det heile teke).  I år var eg så heldig å få fleire sekker med gammal sauetalle/sauemøkk av bror min. Det rakk til flesteparten av beda. 

Resten måtte venta til nå til eg hadde nok kompost.

Tidlegare år har eg også henta gammal hestemøkk.

LES MEIR:

LAG GOD JORD AV POTETRISET

FANTASTISK KOMPOSTJORD

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg



8 kommentarar om “Slik får du super jord”

  • Flott post. 🙂 Her er det mange år siden jeg kjøpte jord, den man selv lager er av en helt annen kvalitet, merker det ikke minst på veksten i kjøkkenhagen.

  • Så flott blogg du har, og masse gode tips! Jeg skal sette i gang med varmkompostering nå, og har en tom varmkompostbinge. Hva er tipset ditt for en god oppstart av komposteringen? Jeg har høner i hagen. Kan jeg bruke halm/hønsemøkk i varmkomposten?

  • Hei, takk for ein kjekk blogg. Eg har eit spørsmål angåande talle. Eg kan få talle frå eit sauhus nå og lurer på om eg kan legga det i åkeren nå, eller om ein må venta til utpå vinteren?

  • Hei
    Har noen murerbøtter med hønsemøkk fra vinteren. Varmkomposten er full og jobber for harde livet med å lage jord. Det jeg lurer på er hva jeg gjør med møkka nå. Her hvor jeg bor er den siste resten av snø i ferd med å tine og vi har jordbærland, potetland og mange bærbusker.

    • Hønsemøkk er sterkt. Tvilar på om eg hadde gjødsla jordbær, poteter og bærbuskar med det, kjem an på koss jorda er der frå før. I tilfellet må du gjødsla bare litt om gongen. Ha det i sekker og spar til du skal laga nye bed. Du kan ha litt i varmkomposten etter kvart, då blir det skikkeleg futt i den.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: