Rekordtidlege poteter

Rekordtidlege poteter

Så tidleg har eg aldri sett poteter før.  Men eg tek sjansen på at det går. Det gjer nemleg ikkje noko om det kjem lett frost dei fyrste fem vekene. Då ligg knollane rundt ti centimeter nedi jorda, og frosten slepp ikkje til der. I fjor gjekk det fem veker frå eg grov dei ned til bladrosettane viste seg.

Det var tre ting som gjorde at eg var så tidleg ute i år:

Vinteren har vore uvanleg mild, me har knapt nok hatt frost. I staudebedet blømer påskeliljer og gullkorg – desse brukar vanlegvis ikkje å koma før i april.

Tidlegare år har eg måtta venta til settepotetene kjem til sals – og det pleier ikkje skje før i slutten av mars. Deretter har eg lagt dei til groing nokre veker. I desse koronatider held eg meg i hus og hage. I garasjen hadde eg heldigvis att nokre av fjorårets avling som var friske og fine då eg tok dei opp og som framleis er friske og fine. Desse la eg til groing for to-tre veker sidan under benken i drivhuset. Nå tok dei til å bli litt grønlege, og dermed spurde eg den erfarne hagemannen Endre Sande frå Randaberg om det gjorde noko. Var det best å få dei i jorda fortast mogeleg? “Få dei i jorda. Gjer ingen skade at dei er grøne. Det kalles lysgroing og gir korte og robuste groer. Tvi, tvi”, svara han. Dermed skreid eg til verket.

Dessutan blir dyrkelivet meir spanande om me tek litt risiko, he, he.

14 settepoteter i dette bedet på 2×2 kvadratmeter. I tettaste laget.

Du treng ikkje mange settepoteter om du ikkje skal fylla heile kjøkkenhagen med poteter. I den vesle trekassen ligg 40 knollar. Bedet eg hadde blinka ut på 2×4 meter var ikkje stort nok sjølv om eg planta tett. Eg måtte også ta i bruk eit på 2×2.  Og då hadde eg åtte til overs som eg putta ned i enden av eit anna bed.

Fort gjort

Eg grev ikkje furer, slik som potetbøndene gjer. Eg skal trass alt bare setja nokre få med hand. Då er det enklaste å bare laga eit lite hol med ei plantespade og putta poteta nedi. På den måten slepp eg å uroa mikrolivet i jorda. Dei vil helst ha fred.  I god og laus kompostjord går det lett.

Det var tidlegpotet “Arielle” eg sette. Trur der var nokon “Solist” der også,  – også det tidlegpotet.  Eg har god erfaring med begge desse.

Februar-eksperiment

Eg sette faktisk også nokre poteter den 16. februar! Det var fordi dei hadde fått så lange groer at eg tenkte at enten må eg kasta dei, eller så må eg få dei i jorda. Groene var nok blitt så lange fordi dei låg mørkt. I haust dekka eg dei med ei gammal dyne for at dei skulle greia seg gjennom vinteren i garasjen. Dette var sortane “Van Gogh” og “Carolus”.  Stakkas, dei fekk plass i den gamle sandkassen inntil granhekken i Leikeplasshagen, der slepp sola seint til. Går det, så går det.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 

 

 

 

 

 

 



2 kommentarar om “Rekordtidlege poteter”

  • Satt poteter sist uke, kun i lauv som skal dekkes med annet etter hvert som de gror. Gikk fint i fjor og ser ingen grunn til at det ikke går bra i år. Men har aldir gjort det så tidlig.

    • Ja, poteter er utrulege. I 2018 sette eg nokre poteter i mest bare lauv på toppen av ein kvisthaug. Gjekk bra det. Har heller aldri gjort det så tidleg før. Blir spanande, dette!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: