Prikletid

Prikletid

Dei siste dagane har eg kosa meg i sola med å prikla. Prikla vil seia å flytta kvar lita spire over i kvar si vesle potte slik at dei får meir plass til å utvikla seg.  I dette innlegget skal eg forklåra koss eg gjer det. Fyrst skal du få sjå kor stor forskjell det er på plassbehovet før og etter prikling. Nå fyller bretta med dei nyprikla plantene snart langbenken i drivhuset mitt (biletet over), mens tomat, chili og paprika tek opp kortbenken.

Nedføre ser du kålplantene i spireboksane den 16. mars. Seks grøne beger (til høgre) og eit lite plastbeger, pluss selleri- og bladbetespirer, alle får plass på eit brett. Nå treng kålspirene seks slike svarte brett. Tenk på det, om du ikkje har sådd ennå.

Dette kjem til å bli veldig mykje mat som treng mykje plass.

Sjå ein gong til på dei små grøne spireboksane: Her ser du altså 21 blomkål, 14 spisskål “Filderkraut”, 17 spisskål “Kalibos”, 43 knutekål og 20 kålrot.

Slik gjer eg det

Koss få dei ut av spirebegeret? Du kan bruka ein “priklegaffel” som den du ser nedføre, eller ei teskei. Eg likar best å snu spirebegeret varsamt opp ned i handa – ikkje brekk spirene – slik at du får ut heile rotklumpen. Så deler eg klumpen forsiktig i mindre bitar, og dreg så kvar rot frå kvarandre. Ikkje hald i dei tynne stilkane, halda i jorda når du dreg røtene frå kvarandre.

Så held eg dei i frøblada mens eg har spira i potta og fyller så på med jord med ei plantespade med den andre handa. Eg let mest heile stilken koma under jorda og slik at bare blada kjem opp. Då får du sterkare og stødigare planter.

I dei nye pottene brukar eg mi eiga jord, eg tek den som ligg på toppen av pallekarmane.

Det er mest praktisk å bruka firkanta, stive potter. Då kan du stabla tettaste, og pottene varer lenger enn dei som er i mjukare plast slik som dei på biletet nedføre.

Dette skal altså bli 21 blomkål. Eg sådde i den vesle grøne boksen. Nå har kvar spire fått kvar si potte.

Vatning

Eg vatnar forsiktig med ei lita kanne med dusjmunn – frå toppen av, etter prikling. Ikkje la dei bli dassblaute. Framover – etter kvart som jorda tørkar og røtene veks – vatnar eg i botnen av brettet dei står i. Då må røtene veksa nedover. Ikkje bra at småplantene er for fuktige på toppen, då kan det både koma grønske og dei kan få rothalsbrann (stilken nede ved jorda blir sjuk).

NB! Merk plantene!

Harde, firkanta potter er best. Her ser du at dei fyrste ekte blada har begynt å koma. Dei “hjarteforma” er frøblada.

Kva tid?

Kva tid skal me prikla?  Det kjem an på kva du har sådd, kor fort dei veks, kor trangt du har sådd. Og når du har tid! Tommelfingerregelen er at f.eks kålspirer skal priklast når dei får dei fyrste ekte blada, altså blada som kjem etter dei to fyrste frøblada.

Ikkje alle kålplantene mine hadde fått det ennå, men i helga hadde eg tid og sola varma, så då var det koseleg å sitja på terrassen å gjera det. Men det var nok bra for dei å få koma over i kvar si potte, for røtene var i ferd med å veva seg inn i kvarandre. Eg sådde dei den 26. februar.

Uff, uff, så lang og tynn stilk at knapt greier å halda seg oppe! Det var på fredag den 20. mars.

Då sådde eg også tomatene. Desse prikla eg fordi dei var litt for lange og tynne og sjanglete.

Kom seg! Her er ein bifftomat fotografert i dag. Valde rett nok ut den som såg best ut….

Chili og paprika sådde eg den 16. februar. Dei såg ut til å ha det bra i såbegeret, men det var greit å få det gjort.

Med og utan drivhus

Alle desse står nå i drivhuset. Hadde det ikkje vore for chili, paprika og tomat, hadde eg ikkje sett på omn med mindre det blei kaldare enn null grader ute. Men på grunn av desse meir varmekjære plantene, har eg nå på omn når temperaturen går under sju grader.

Før eg fekk drivhus, hadde eg småplantene ståande på ein lun plass på terrassen i isoporkassar. Blei det minusgrader om natta, flytta eg dei inn. Og ut neste morgon….

Tomatene også? Ja, men eg sådde dei ikkje før i april.

MEIR OM PRIKLING: Lukkelege grønsaksbarn

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg



10 kommentarar om “Prikletid”

  • Hei Margunn,

    Nå lurer jeg på hvorfor du sår plantene så tett til å begynne med? Hvorfor sår du ikke bare ett-to frø i hver en liten potte, så trenger du vel ikke prikle? Jeg gjør det, men mine planter blir aldri så fine og frodige som dine – burde jeg heller så tett og prikle etterpå? Sår du i noe spesielt som gir spirene en god start?

    Hilsen Anne

    • Chili, paprika og tomat må ha varme for å spira, altså spirer dei innandørs. Har ikkje plass til alle spirer om kvart frø skulle ha kvar si potte. Det er den eine og viktigaste grunnen. Den andre er at det lett blir for vått for ei lita spire i ei potte. Den tredje er at frø og små spirer ikkje treng og heller ikkje bør ha kraftig jord/jord med god del næring. Men etterkvart som dei veks, må dei ha meir næring. For det fjerde: Når du priklar, kan du planta djupare, slik at du “begraver” tynne stilkar. Eg sår det meste i grov veksttorv, og priklar over i mi eiga “heimelaga” jord.

  • Hei!
    Kjekt å følge med på kva du gjer med plantene dine. Her har eg hatt et forsøk med å ta frø fra grønnkål. eg kunne ikkje la vær å så, de spirte som bare det. men kanskje litt tidlig. Går det gale er det vel bare å så ein gang te, for frø har eg nok av.
    Helsing Jette

  • Tomater, chili og paprika har jeg fremdeles inne, men i mitt uoppvarmede drivhus er det nå mange kålvektster som skal glede meg utover sesongen. Vi har flotte dager i vente. 😀

    • Ja, kålvekstene greier seg fint utan varme, så lenge det ikkje blir for mange minusgrader – blir neppe det her nå. Du har kanskje betre lys og plass inne til dei varmekjære vekstene enn eg har.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: