Gryterett med ingefær, kokos, søtpotet og masse bladgrønt

Gryterett med ingefær, kokos, søtpotet og masse bladgrønt

Er du som meg glad i indisk eller godt  krydra mat, vil du lika denne. “Jysla god”, syntes mannen. Bra! For mitt prosjekt var å eta ut av fryseboksen og forsyna han med immunstyrkjande mat. Han har trass alt fylt 70, –  ein høg alder i desse koronatider.  I tillegg til oppskrifta kan du her lesa kvifor denne retten er så sunn og få tips om koss du dyrkar bladgrønt.

Ingrediensar:

(Nok til 7-8 porsjonar)

  • 1 ss kokosolje
  • 1 gul løk
  • 1/2 – 1 ts tørre chiliflak (Kor mykje kjem an på kor sterkt chilikrydderet ditt er og kor sterk du vil ha maten. Er du i tvil, ta heller for lite enn for mykje, så kan du ha i meir etterpå.)
  • 1 ts malt koriander
  • 1 ts malt gurkemeie og litt peppar
  • Cirka 10 centimeter ingefærrot
  • 6 kvitløkfedd
  • 2 søtpoteter, mine vog vel1200 gram til saman før skrelling
  • 2,5 dl tørre, ukokte, grøne linser
  • 8 dl vatn pluss 3 ss økologisk grønsaksbuljongpulver
  • 330 ml kokosnøttmjølk (ikkje lettvariant)
  • 2 liter hakka spinat eller bladbete om du har. Eg hadde ein stor pose i fryseboksen frå kjøkkenhagen. Ja, det høyrest mykje ut, men det blir ei stor gryte, og spinaten (evt. bladbeten) krympar kraftig når han blir kokt. Har du ikkje spinat og/eller bladbete, kan du bruka grønkål eller svartkål. Eller ein blanding, f.eks halvparten grønkål og halvparten spinat eller bladbete.
  • 1 lime

Framgangsmåte:

  1. Skrell og hakk løk og kvitløk.
  2. Røresteik på svak varme i kokosfeitt i 2-3 minutt.
  3. Ha så i chili, koriander og gurkemeie og røresteik nokre minutt til.
  4. Skrell og hakk ingefærrot, og ha i.
  5. La småsteika på svak varme mens du skreller og skjer søtpotetene i bitar, så små som du gidd.  Pass på, løken skal ikkje bli brun, bare gyllen og mjuk.
  6. Ha søtpotetene i gryta, rør om.
  7. Skyll linsene i vatn og ha dei i gryta saman med vatn og grønsaksbuljong.
  8. La dette koka til linsene og søtpotene  er temmeleg møre.
  9. Ha så i kokosnøttmjølk og spinat/bladbete/grønkål/svartkål.
  10. La småkoka i cirka 5 minuttar (nok viss du brukar spinat og bladbete, kok litt lenger om du brukar grønkål – kjem an på kvaliteten.)
  11. Skjer ein lime i båtar og set på bordet, så kan folk skvisa over så mykje dei likar.

Kan også serverast med ris, helst fullkornris.

Helsetips

Alle ingrediensane i denne retten er bra for immunforsvaret. Både løk, kvitløk, krydder, søtpoteter, linser, grøne bladgrønsaker og kokos. Både fordi dei inneheld masse fytokjemikaliar og fordi det er godt med A- og C-vitamin i  søtpoteter og grønkål/spinat/bladbete.  Fytokjemikaliar er plantene sit immunforsvar og sit i farge- og luktstoffa til planter. Når du et plantekost, vernar det også deg mot sjukdom.

Grøne bladgrønsaker, krydder og løk er mellom dei planteslaga som inneheld aller mest av desse nyttige stoffa. Dette er også anti-betennelsemat og anti-kreftmat.

LES MEIR OM BLADBETE/MANGOLD 

Fremst ser du svartkål. så bladbete/mangold. I bedet til venstre for drivhuset: Grønkål. Dette biletet tok eg i slutten av november 2018.

Hagetips

Det er derfor lurt å dyrka grøne bladgrønsaker som spinat, bladbete (også kalla mangold), grønkål og svartkål – men også rukkola og salat.

Vil du ha mykje mat på liten plass, tilrår eg eit-par bladbete- og eit par grønkål-/svartkål-planter.  Du vil kunna hausta bøttevis av blad frå kvar plante. Det blir mykje meir mat av ein bladbete- enn ein spinatplante, blada er mykje større. Og i motsetning til spinaten, kastar ikkje bladbeten inn handkledet når det blir lyst og varmt i juni.

Ein annan grunn til at det blir veldig mykje mat av bladgrønsaker som bladbete og grønkål/svartkål, er at nye blad veks ut etter kvart som du plukkar.  (Du “halshøgg” altså ikkje heile planten.)  Plukkinga kan du halda på med i månadsvis. Grønkål/svartkål toler godt frost, og kan stå ute heile vinteren, men kjem ikkje med nye blad i mørketida frå midt-november til februar. Bladbeten greier seg også utandørs på milde vintrar, og tidleg på våren tek han til å veksa att.

Attpåtil er dette vakre planter som vil pynta opp i eit kvart bed.

Bladbete har forholdsvis store, knudrete frø, og er lette å så. Men ikkje så og/eller plant dei ut for tidleg, då går dei lett i stokk. Grønkål og svartkål toler betre eit kuldesjokk om  våren. Frø til alle kålslag er små og svarte. Det går cirka 8 veker frå du sår, til du har ein liten plante som kan plantast ut.

Straks dei har spirt, treng dei mykje lys. Lys frå eit stove- eller kjøkkenglas er ikkje nok. Eg sådde nokre svartkålfrø den 3. mars innandørs. Dei spirte få dagar etterpå, og då flytta eg dei ut i drivhuset.  Dei greier seg godt utan at eg har på varme. Når det skal bli 0 grader eller kaldare om nettene, flyttar eg dei små spireboksane oppi ein isporkasse med lok, og tek dei fram att neste morgon når minusgradene går over. Slik slepp eg å varma opp eit heilt drivhus for nokre få spirer. Men bare vent, kvar lita spire blir til ein stor plante som gir deg masse mat! Utruleg fasinerande!

Eg synes rett og slett det er jysla kult at eg ennå har bladgrønt att i fryseboksen frå det som for eitt år sidan var bittesmå spirer…, like små som dei nusselege spirene i drivhuset nå. Og det kan eg lova deg, eg har ete masse heilt sidan i fjor sommar!

HER KAN DU LESA MEIR OM KVA EG SÅR I MARS

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 

 

.

 



2 kommentarar om “Gryterett med ingefær, kokos, søtpotet og masse bladgrønt”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: