Goronagryte

Goronagryte

Her er ein god, varmande gryterett i desse koronatider. Bra både for immunforsvaret og for skrantande økonomi.  Det blir mykje mat av lite, slik at du slepp å dra på butikken ofte.  Lag ei stor gryte mens du fyrst er i gong, så kan du frysa resten.

Oppskrifta blei til fordi eg ennå har att poteter frå fjorårets avling pluss grøne løkstilkar og bladpersille i frysa. Du kan bruka purre i staden for grøne løkstilkar.  Ei sellerirot hadde eg også. Og i skapet har eg alltid øskjer/boksar med bønner, hakka tomatar, tørka urter og krydder.

Ingrediensar:

(Cirka 10 porsjonar)

  • 2 gule løk
  • 1 kvitløk
  • 1 purre
  • 1 sellerirot
  • 6 gulerøter
  • 6 jordeple/poeteter
  • 5 dl kraft (eller vatn og buljongpulver, grønsaksbuljong eller kyllingbuljong)
  • 2 små øskjer med hakka tomat
  • 4 ts tomatpuré
  • 6 ts paprikapulver (ekstra god smak om du får tak i røykt paprikapulver)
  • 1 rød chili (ta ut frøa)
  • 1 rød paprika
  • 3 dl sopp (bruk den soppen du har, går fint med vanleg champignon, eg var så heldig at eg hadde sjølplukka kantarellar i frysa)
  • 2 boksar Bønnemix (eller brune bønner. Eg brukte 1 øskje Bønnemix pluss 1/2 liter bondebønner frå fjorårets avling som eg hadde frose ned)
  • 5 ts tørka oregano
  • 5 ts tørka timian
  • 3-4 nevar bladpersille
  • Peppar, evt bittelitt salt
  • Olivenolje

Framgangsmåte:

  1. Skrell og hakk løk og kvitløk og la dei surra litt i svak varme i  1-2 ss olivenolje.
  2. Skrell og skjer sellerirot i bitar og la surra med.
  3. Skrubb eller skrell gulerøtene, skjer dei i bitar, og ha i gryta.
  4. Ta ut frøa av chilien, hakk i små bitar og ha oppi.
  5. Ha i kraft, tomat, tomatpuré, paprikapulver, timian og oregano og halvparten av persillen. Skru opp varmen til det kokar godt.
  6. I mens skreller du poteter og skjer dei i bitar. Oppi gryta med dei.
  7. Eg tok soppen også oppi nå, den gir god kraft&smak.
  8. Skru ned varmen til litt under medium, skal bare småkoka.
  9. Vask og skjer opp paprika, ta ut frø.
  10. Skyll laken av bønnene.
  11. Når grønsakene i gryta er i ferd med å bli møre, ha i paprika og bønner. Småkok vidare ci 5 minutt til bønner og paprika er godt gjennomvarma og passeleg mjuke.
  12. Smak til med salt, peppar, evt. chilipulver.
  13. Dryss over meir persille.
  14. Set ei flaske god olivenolje på bordet, så kan folk ta i meir om dei vil.
Eg dyrka masse løk i fjor. Det er eg glad for!

Immunstyrkande løk og sopp

Ikkje er mykje næring i løk og sopp, seier du.  Tenkjer du på makronæringsstoff som feitt, protein og karbohydratar, stemmer det. MEN: Dei inneheld svært mykje av viktige mikronæringsstoff, såkalla fytokjemikaliar eller fytonæringsstoff som vernar deg mot sjukdom/styrkjer immunforsvaret ditt.

Lett å dyrka

Både kvitløk og løk er lett å dyrka.

Løk: Det enklaste er å dyrka løk frå setteløk. Tidlegare år har eg tjuvstarta siste del av mars og sett setteløken i kassar i drivhuset, for så å planta ut i starten av mai når faren for frost er over.  I år har eg ikkje skaffa meg setteløk ennå. Lurer på om eg skal gjera det lettvint å bare setja løken rett ut i mai. Dei spirer fort.  LES MEIR HER.

Kvitløk: Stikk ned fedd i oktober/november i eit bed med god jord og god drenering ein solrik stad. Dett var dett. Utpå sommaren har kvart fedd blitt til ein heil kvitløk. På denne tida har nok grøne spirer kome opp. Etter kvart som dei veks seg litt større, kan du klyppa av litt og eta som grasløk – smakar bare endå betre og er endå sunnare!

God middag!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. DET ER GRATIS. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Goronagryte”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: