Mars: Nå er eg i gong med å så!

Mars: Nå er eg i gong med å så!

Straks mars kjem, finn eg fram frø og såkassar.  Inne sår eg nå eg nå dei grønsakene eg skal planta ut på friland i starten av mai, pluss tomatar.

Kva tid du kan starta, kjem sjølvsagt an på kor du bur og kva tid faren for den siste frosten er over. Her i Stavanger pleier det vera den fyrste veka i mai.  Det går nemleg rundt åtte veker frå frø til utplantingsklare planter.

Viss du lurer på kva eg har strødd på toppen av jorda, så er det Vermiculite.

Kålfamilien

Det fyrste eg har sådd, er ulike kålslag i små beger: Blomkål, knutekål, kålrot og spisskål.

Planen er at eg skal kunna hausta dei fyrste i slutten av juni.  Dei står nå inne. Straks dei har spirt, skal eg flytta dei ut i drivhuset.

Eg kunne også ha sådd andre kålslag som brokkoli, grønkål og rosenkål, men eg trur eg ventar med det til mai, slik at eg kan planta ut desse etter opptak av tidlegpotetene.

Ja, det heldt eg på å gløyma: Eg har også sådd eit lite beger med den lilla kålen “Kalibos” (sjå foto lenger nede i dette innlegget). Dei sådde eg allereide den 16. februar, som ein spiretest, det var nemleg frø som eg hausta frå eit overvintra kål i fjor.

Salat og spinat

Neste frø som skal i jorda, er salat og spinat. Dei strør eg rett ut i tre baljar i drivhuset som eg har fylt med mi eiga kompostjord blanda med gammal jord frå pottene blomkarsen vaks i i fjor sommar. Eg får ta dei frøposane som har gått ut på dato fyrst…

Det gjer eg nok så snart det kjem  eit solgløtt, då er det så trivleg å halda på i drivhuset.

Selleristang og fennikel

Mens eg fyrst er i sving, sår eg nok også selleristang i ein liten boks (små frø!).

Fennikel likar eg også å forkultivera på denne tida, må bare få kjøpt meg frø.

Bladpersillen i denne vesle spirekassen blei nok til å fylla ein pallekarm. (Foto frå slutten av april 2019, Margunn Ueland).

Urter

Bladpersille vil eg også så denne veka. I ein såkasse på 40×25 cm. Det blir nok til ein heil pallekarm. Nokre korianderfrø har eg att frå i fjor, så dei strør eg nok utover i ei litt vid terrakottepotte/skål.

Meir lettvint i år

Skal du forkultivera løk, purre og sellerirot, bør du så dei nå om du ikkje alt har gjort det. Eg skal sjølvsagt dyrka løk, men det enklaste er å bruka setteløk. Setteløk pleier ikkje å koma i butikkane (hagesenter, Felleskjøpet) før i slutten av mars.

Purre og sellerirot tek tid, så i år har eg tenkt å “juksa” og kjøpa ferdige pluggplanter av desse ein gong i april.

Bondebønner sådde eg både rett ut og  i “roottrainers” i drivhuset på denne tida i fjor. Begge deler gjekk bra. I år trur eg at eg ventar til april, og så går eg bare ut og stikk dei rett ned i jorda. Det har regna så mykje i heile vinter, at jorda er veldig våt. Dessutan er eg ennå ikkje bestemt meg for kor eg skal ha dei.

Reddik og mainepe kan det også godt vera eg sår i drivhuset nå, om eg finn noko å ha dei i. Viss ikkje ventar eg til april/mai og sår dei ute i eit bed eller pallekarm.

Fyrste runde rødbeter har eg  tidlegare år forkultivert  – altså sådd i drivhuset i midten av mars. I år trur eg at eg heller bare vil  så dei rett ut i mai når faren for frost er over. Då sparer eg ein del arbeid.

Spørs om eg ikkje også får lyst til å så nokre bladbeter.

“Kalibos” fotografert den 9. juli 2017. (Foto: Margunn Ueland)

Har du plass?

Det er fort gjort å så for mykje – meir enn ein har plass til. Her gjeld det å minna seg sjøl om at ei bittelita kålspire blir til eit digert kål, bare sjå på biletet oppføre… Det som nå bare er nokre små spirebeger, kjem til å trenga mange kvadratmeter utpå sommaren.

Eg må jo ha plass att i beda til poteter, setteløk, og blomar. Og til graskar, mais og squash som ikkje kan plantast ut før i slutten av mai/starten på juni. Desse sår eg ikkje før i siste del av april.

Varme i drivhuset?

Eg har straum i drivhuset, men har ikkje tenkt å ha på omnen så sant gradestokken ikkje går mot null og under. Desse grønsaksslaga treng ikkje mykje varme. Når sola er framme, kan det bli lunt og godt. Er det regn og mildvêr ute, er det om lag den same temperaturen i drivhuset.

“Russian Swirl” er ein av dei fjorten sortane eg har sådd i år. (Foto: Camilla Fredriksen)

Drivhusplanter

Eg likar å prøva nye tomatsortar kvart år. Framføre står ei avlang såboks med 14 merkepinnar. Eg har sådd 14 ulike sortar, to frø av kvar.

Her kan du lesa om sortane eg har vald i år.

Ved sida av står  ei mindre boks. Den eine halvdelen er full av paprikaspirer. I den andre halvdelen har eg sådd chilifrø. Der er det ikkje teikn på liv—  Jo! Der skimtar eg tre spirer! Hurra! Dei sådde eg nemleg den 16. februar.

Det er chili “Padron” (mild tapaschili) eg har sådd (mine eigne frø) pluss mine eigne frø av den oransje, låge paprikaen “Mohawk”. Men au, det er en F1-sort, dermed er det slett ikkje sikkert avkommet blir som mora. Det blir spanande å sjå.

Chili og tomat er det for tidleg å flytta ut i drivhuset i mars.  Då må eg  varma det opp. Desse har eg derfor ståande på skrivepulten under plantelys til uti april ein gong. (Kjem an på koss temperaturane er og kor lei eg blir av å ha dei inne).

Georginebløming sommaren 2018.(Foto: Margunn Ueland)

Sommarblomar

Forkultivering av sommarblomar  som for eksempel Zinnia og solhatt pleier eg også å starta med i mars.  I år har eg ikkje ennå bestemt meg for om eg skal så andre enn solsikker og blomkarse og ringblom. Solsikker ventar eg med til slutten av månaden. Blomkarse og ringblom satsar eg på har sådd seg sjølve i fjor haust.

Eg har jo også mange georgineknollar som kjem til å gje rik bløming.

 

LES MEIR HER:

DERFOR TJUVSTARTAR EG I DRIVHUSET

SÅ SALAT OG SPINAT I BALJAR OG KASSAR

TAPASCHILI OG HENGJANDE PAPRIKA

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 



2 kommentarar om “Mars: Nå er eg i gong med å så!”

    • Beklagar veldig seint svar! Sår det meste i grov veksttorv. Blandar ikkje i noko. Har Vermiculite på toppen. Framover kjem eg til å så i mi eiga heimelaga jord, laga av kompostert planteavfall – også litt sand i.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: