Jordskokksuppe

Jordskokksuppe

Tenk at tre knollar kan bli til vel ti liter deileg suppe! Det vil seia 5 kilo jordskokk som eg  tok opp nå. Alt frå tre jordskokkplanter som altså var tre knollar i fjor vår. Her får du oppskrifta. Pluss tips for mindre fising og mindre skrellearbeid.

Å skrella jordskokk kan vera litt tidkrevjande, for dei er ikkje runde og glatte som ei potet, men har utvekstar både her og der. Derfor droppa eg skrellinga! Med godt samvit. For då eg var på Galleri Hagalid i vakre Hjelmeland i fjor vår og heldt foredrag, serverte Hanne Sundsbø jordskokksuppe til heile forsamlinga. Åj, du må ha brukt timesvis på skrelling, kommenterte eg, men ho fortalde at det gjekk fint å bare skrubba dei grundig.

Altså gjorde eg det i dag. Ho hadde sjølsagt rett. For skalet gjekk av, om lag like lett som på nypoteter. Slik er det med jordskokk rett frå kjøkkenhagen.

Cirka 1 kilo.

Blir det ikkje mykje luft i magen av jordskokk? var eit spørsmål eg fekk på Instagram her om dagen. Då var der ei som tipsa om at det problemet blir mindre om ein fyrst koker jordskokken i nokre minutt og så tømer ut det kokevatnet før ein går i gong med retten ein skal laga. Altså prøvde eg det.

Skrubbing, eit oppkok (vatnet skumma litt), avsiling. Då vart dei i alle fall heilt reine.

Så var det bare å fresa løk og kvitløk i smør, ha i jordskokk, kraft, mjølk og litt fløyte, koka til jordskokkane blei møre og så nedi  med stavmiksaren.

OPPSKRIFT på vel 10 liter suppe:

  • Ci 5 kilo jordskokk
  • 8 kvitløkfedd
  • 4 løk, vanleg gul
  • 8 ss meierismør
  • 2,5 liter kraft (eg brukte vatn og 5 kyllingbuljongterningar)
  • 4 liter H-mjølk
  • 3 dl matfløyte
  • salt, peppar
  • 1 sitron

Framgangsmåte:

  1. Vask og skrubb jordskokken nøye.  Skjer vekk evt. stilkrestar og det som du synes  bør skjerast vekk som ikkje ser så fint ut.
  2. Skjer jordskokken i bitar og ha i ei stor gryte. Dekk med vatn og kok opp. La koka 2-3 minuttar. Sil så av vatnet.
  3. Skrell og hakk løk og kvitløk.
  4. Ha smøret i ei stor gryte på minst ti liter (eller du kan bruka to ikkje fullt så store gryter), la det smelta. Ikkje sterk varme, skal ikkje bli brunt.
  5. Ha i løk og kvitløk og la det surra på svak til middels varme til det blir mjukt, skal IKKJE brunast.
  6. Ha i jordskokk, kraft/vatn med buljongterningar (eg pleier å koka opp vatnet med ein tekokar, då går det fortare).
  7. Ha så i mjølk og fløyte.
  8. La småkoka  til jordskokkane blir møre. Rør litt av og til så det ikkje set seg i botnen av  gryta.
  9. Bruk ein stavmiksar til å mosa jordskokkane og væska med slik at du får ei jevn, kremete og fyldig suppe.
  10. Smak til med salt og peppar og sitronsaft. Eg gløymde det med sitronen då eg forsynte meg med ein stor tallerken suppe, og det smaka godt utan sitronsaft.  Du kan evt. dela sitronen i båtar og setja på bordet, så kan folk smaka til suppa si sjølv.
Eg gadd ikkje å pynta og dandera, eg ville bare eta!

Dermed blei det suppe til kvelds. Godt, ja!

Resten fordelte eg i frysebeger på 7 dl (nok til 2 personar). 10 beger står nå til avkjøling. Altså kan me ha jordskokksuppe ein gong i veka fram til den 10. mai….

Dermed har eg jordskokksuppe for ei stund framover..

Har du lyst til å gjera det ekstra lekkert, kan du dandera suppa med steikte epleterningar eller ein grøn krydderkvast. Eller litt spekeskinke.

Eller jordskokkchips! Skjer jordskokk i tynne skiver, ha dei i skål med blanding av litt rapsolje og vatn, bland godt og legg dei så ut over ei bakeplate dekka med bakepapir, strø på litt salt og steik i omnen i bortimot ein time på 125 grader.

Helsetips

Jordskokk blir rekna som prebiotika, det vil seia at knollane inneheld kostfiberet inulin som stimulerer vekst av nyttige bakteriar i tarmen. Innhaldet av inulin lettar også opptak av kalk og stimulerer syntesen av B-vitamin i tarmen. I tillegg kan det senka nivået av fettsyrer i leveren.

Ein knoll har blitt til mange..

Hagetips

Jordskokk er usedvanleg lett å dyrka. Eg tenkte på det, der eg sto og skrubba det eine kiloet etter det andre, at nå har eg brukt meir tid på vasking og skrubbing enn på dyrking … Og ute i bedet er der meir å henta.

Så får du tak i nokre knollar frå ein annan dyrkar, ut og grav dei ned! Ja, du kan gjera det nå, så sant jorda ikkje er meir frosen enn at du greier å få knollane 10-12 centimeter ned i jorda. Dette er nemleg ein fleirårig plante som toler frost.

LES MEIR OM DET HER.

 

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: