Fire nye kjøkkenhageforedrag før påske

Fire nye kjøkkenhageforedrag før påske

OPPDATERING, 13 mars: Kompostfesten på Bryne den 14. mars er utsett til den 22. august på grunn av koronaviruset. Temakvelden  på Felleskjøpbutikken i Stavanger den 31. mars er avlyst av same grunn.

INSPIRASJON OG NYTTIGE TIPS: Her får du informasjon om fire nye foredrag med Margunns kjøkkenhage.  Det fyrste er i Stavanger sundag den 23. februar, dei tre andre er på Sola, Bryne og i Stavanger i starten, midten og slutten mars.

STAVANGER, sundag den 23. februar: “Hvordan lykkes med kjøkkenhage” er tittelen på nytt foredrag denne månaden. Det foregår på Plantebyttesøndag hos Storhaug unlimited i Kvitsøygata 3 (Stavanger øst). Arrangementet er frå klokka 11 til 14. Foredraget mitt startar klokka 12:30 og varer om lag 45 minuttar. Det er laga med tanke på nybegynnarar, men også du som har halde på ei stund, vil  kunna få med seg nyttige tips.

Jordskokk, godt til suppe, mos og omnsbakt. Plant nokre knollar nå, og du kan hausta massevis neste vinter&vår.

Denne sundagen kan du ta med frø, planter, stiklingar som du kan bytta med andre. Du kan også selja, men prisane må vera snille. Eg kjem til å ta med meg frø (graskar, chili, paprika, svartkål, rød spisskål, bondebønner) pluss jordskokk, mynterøter og pepparrotrøter.

Her er meir info/lenke til arrangementet på Facebook. 

Svartkål er dei høge som liknar på palmer. Super grønsak! Foto frå den 23. desember 2019.

SOLA, torsdag den 5. mars: Hageland (Klingsheim) arrangerer DYRK SELV-kveld på Klingsheim Hagesenter på Tjelta klokka 19-22.  I foredraget vil eg fortelja om kva vekster som er lettaste å få til, eg vil forklåra koss du kan få fram mykje på liten plass og sjølsagt må eg snakka om det aller viktigaste: Nemleg jord/mold/kompost; nøkkelen til suksess.

Klingsheim lokkar med “gode tilbud og overraskelser” for medlemmer av kundeklubben “Mitt Hageland”.

Her er meir info/lenke til arrangementet på Facebook.

Den beste jorda lagar du sjølv. Det vil seia, makkar, bakteriar, soppsporer osv gjer det for deg. Fantastisk! Foto frå sommaren 2018.

BRYNE, laurdag den 14. mars. Her skal eg snakka aller mest om jord&kompost, for namnet på dette arrangementet er “Kompostfest!” Eg skal visa bilete og forklåra koss eg omdanna ein overgrodd leikeplass til ein frodig kjøkkenhage.  Det er professor Dag Jørund Lønning som arrangerer fest/konferanse i samband med at han kjem ut med Kompostboka. Om å byggja natur .  Dette er Lønning si tredje om korleis menneske kan spela på lag med det fantastiske livet i matjorda i naturnær matproduksjon og kamp mot naturmangfaldstap og klimaendringar. Han skal sjølsagt halda foredrag. Den tredje foredragshaldaren er Richard Perkins i fylgje Lønning er den fremste innan regenerativt landbruk i Skandinavia.

Dette skjer klokka 10:30-16:00 i Bryne Mølle som ligg i Reevegen 1, i enden av Storgata i Bryne sentrum (mot M44).

Les meir om konferansen og innleiarane her.

Jordeple/poteter er gildt å dyrka! (Foto: Jan Inge Haga, juli 2018)

STAVANGER, tysdag den 31. mars klokka 18-20 i FK-butikken Stavanger, Sandvikveien 21. Lyst på kjøkkenhage? Kom og bli inspirert! Eg deler mine beste tips.

Butikksjefen har lova å skaffa fleire sortar settepoteter i laus vekt til denne dagen, også setteløk pluss frø og hageutstyr i massevis.

Her er lenke til arrangementet på Facebook. Det er gratis, men du må melda deg på!

Bur du i VEST-AGDER? Tysdag 25. februar klokka 18:30 held eg kjøkkenhageforedrag i Tingparken (Tingvatn Fornminnepark). Arrangør: Hægebostad og Eiken hagelag.

Tittelen på foredraget er “Kom i gang med kjøkkenhage og ta barna med!”

Her er lenke til arrangementet på Facebook. 

Sunniva (t.h) og Alma finn seg kvar sin flotte løk. Dei grøne stilkane er kjempegode! Blada og stilkane på kålrota (bak) hamna i komposten etter at dei hadde gnaska i seg rota. Foto frå slutten av juni 2019.

 



5 kommentarar om “Fire nye kjøkkenhageforedrag før påske”

  • Hei Margunn. Jeg er en av de som synes det er veldig inspirerende å få leserbrev fra deg. Jeg ser nå at du igjen skal holde foredrag rundt omkring.
    Jeg bor dessverre på Østlandet og har ikke anledning til å møte opp for å høre på deg.
    Derfor lurer jeg veldig på om du har planer om å sende foredragene dine på nettet – der har jeg anledning til å følge noen jeg abonnerer på i annet tema og det fungerer veldig bra:-) Er spent på å høre fra deg. Hilsen Ellen.

    • Hei, hei, Ellen, kjekt at du er interessert, men er ikke så flink teknisk at jeg får til nettoverføring av foredragene, nei. I tillegg til bloggen, deler jeg hagestoff på Facebooksida Margunns kjøkkenhage, på Instragram @margunnskjokkenhage. Har også skrevet boka “Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt” som ble utgitt i fjor vår. Den er dessverre utsolgt fra forlaget, men er du interessert, har nok noen bokbutikker (Norli?) igjen noen eksemplarer.

  • Hei! Ønsket å følge linken til foredrag 4. mars, men kommer ikke i mål. De andre linkene i artikkelen er mulig å komme inn på selv om jeg ikke er på facebook. Kan du hjelpe?
    Er det påmelding eller bare fremmøtte ?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: