Åj, åj, masse flott jordskokk!

Åj, åj, masse flott jordskokk!

LETTVINT: Viss du vil ha kilovis med ekslusive grønsaker, men til minimal innsats, kva skal du då dyrka? Jordskokk! Utruleg enkelt.

Eg bare putta ned nokre knollar i april i fjor og dekka med kompost. Sidan har eg ikkje gjort anna enn å kutta ned dei lange stilkane med solsikkeliknande blomane i haust. Nå har kvar knoll blitt til vel 1 kilo med jordskokk.

Det er bare å grava opp litt etter kvart som eg får lyst på suppe, eller mos, eller puré eller omnsbakte knollar.

Det er ikkje utan grunn at mat av jordskokk er populært på fine restaurantar: Smaken er søtleg, nøtteaktig. I matbutikkane er det sjelden jordskokk å finna, og dei som er, er temmeleg tørka og innskrumpa, er mi erfaring.

Arbeid framover? Niks. Du treng bare la nokre av knollane liggja att i jorda. Så veks nye “solsikker” opp til sommaren, og til neste vinter&vår kan du hausta nye knollar.  Tenk det, både grønsak og blom frå ein knoll. Arbeidet er altså kun kappa ned dei visne stenglane.

Forresten: Plantene blir glade om du gir dei eit dekke av lauv om hausten, kompost om våren og plenklypp om sommaren.

Fleireårige grønsaker er i grunnen genialt. Ja, knollane toler frost.

Kor djupt og med kor stor avstand skal du planta knollane?  Om lag 10-12 centimeter djupt og avstand på om lag 30 centimeter. Mine står nok tettare.

Det er ikkje lov å bruka jordskokk frå matbutikken som setteknollar. Desse er ofte importert, og forbodet er til for å unngå skadedyr og sjukdom.

Du må altså skaffa deg jordskokk frå andre som har i sin hage. Det er få hagesenter som har til sals. Eg var så heldig å få jordskokk frå min ven Øyvind.

Kom på PLANTEBYTTESØNDAG +FOREDRAG i STAVANGER sundag den 23.februar klokka 11-14! Eg tek med ei bøtte jordskokk-knollar!

 

 

 

 

 



2 kommentarar om “Åj, åj, masse flott jordskokk!”

  • Anla nytt bed med jordskokk i fjor og mente bestemt at jeg hadde fått med det aller meste fra det forrige. Dog høstet jeg i går over en kilo fra det gamle bedet… Så nå har jeg nok to jordskokkbed her (og det gjør ikke noe ). 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: