12 hagejobbar i februar

12 hagejobbar i februar

Det kribla voldsomt i hagefingrane i dag då sola kom fram etter vekesvis med regn.  Nå har eg vore ute i hagen i fire timar og kosa meg. Dermed kan eg haka av dei fire øverste på februarlista mi. Og nei, eg har ikkje sådd.

Godt å få hjelp når piskene i toppen skal vekk. Heldigvis var son min og kameraten Magnus på besøk.
  1. Beskjera epletre. Vekk med dei tynne “piske” som strittar rett oppover. Desse kjem det ikkje blomar/frukt på. Dei bare skugger for dei som skal bera frukt.
  2. Skjera ned visne stauder og raka vekk rusk og rask frå staudebedet. Det gjer eg for at bedet skal  bli mindre forlokkande for sneglar og for at det som spirer skal få koma til sin rett. Klosterklokkene blømer allereide, og solgul vinterblom (Eranthis) er på veg opp. Etter kvart som eg skar bort det daude, oppdaga eg at både påskeliljer og til og med stauder som vanlegvis ikkje viser seg før i april, er på veg opp. Eg veit ikkje heilt om eg likar det, eg blir litt forvirra av denne milde vinteren. For eg anar jo ikkje koss vêret blir framover.
  3. Luk.
  4. Fyll rusk og rask i pallekarm og bland med Bokashi. Dekk med ein sekk kompostjord.
  5. Vanlegvis pleier eg å henta gammal hestemøkk som eg legg som eit toppdekke på grønsaksbeda. I år trur eg bare eg treng det til nokre av beda. Ein del har alt fått dekke av sauemøkk (det gjorde eg i januar). 
  6. Eg må prøva å få tak i flis til stiar og gangflater i kjøkkenhagen.
  7. Ta opp og eta dei siste sellerirøtene som ennå står i bedet.
  8. Ta opp jordskokk etter kvart som eg får lyst på suppe, mos og puré. Forresten godt saman med sellerirot.
  9. Rydd i og vask drivhuset.
  10. Så chili innandørs.
  11. Så bondebønner ute (altså utan forkultivering) i slutten av månaden viss det er mildt.
  12. Så spinat, salat og koriander i baljar i drivhuset i slutten av månaden.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. DET ER GRATIS. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



4 kommentarar om “12 hagejobbar i februar”

  • Har også kost meg mye i hagen i det siste, er herlig rekreasjon etter jobb med to-tre timer ute. 🙂 Punkt 11 har jeg for første gang tenkt å forsøke her også. 🙂

    • Så fint! Har ikkje vore mykje ute her, har regna masse mest kvar dag i januar og februar. Men så snart det er litt opphald og sola kikkar fram, sprett eg ut! Stakk ned bondebønner på denne tida i fjor, det gjekk godt!

  • Blir forsøk med tidlig såing av bondebønner her også, Men, 15 mil sør-øst for Stavanger er været akkurat det samme, dermed har det dessverre ikke blitt mange utedager i vinterferien.

    • Blir spanande å sjå koss det går! Eg har ikkje stappa dei i jorda ennå. Likar best å putla i hagen når sola er framme! Faktisk litt tvil om eg skal så bondebønner i år, har ennå ikkje ete opp fjorårets! Ha ei fin helg! Her skal det pøsa… Men nå kom ei solstrime, så då må eg ut!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: