Luftig rugbrød med sprø skorpe

Luftig rugbrød med sprø skorpe

Eit rugbrød treng ikkje vera som ein murstein. Smak dette!  I fire år har eg baka det same brødet kvar veke fordi det er både superlettvint og godt. Grunnen til at eg nå prøvde meg på eit nytt, var at mannen kom heim med heile rugkorn  i staden for grov rug. Koss skulle eg få brukt den posen?

Eg slo opp i Maggi Gausel si kokebok “godt nok – enkle og sunne matgleder”. Der fann eg ei oppskrift på rugbrød med heile rugkorn som eg la til grunn. Eg tok i halvparten så lite salt som henne. Og sidan eg ikkje hadde sammalt rug, brukte eg fin rug, havremjøl og meir frø. I Maggi si oppskrift står der 7 ss Fibersirup Gold, eg brukte opp den mørke sirupen som var att frå pepparkakebakinga, cirka 3 ss.

Det blei to store brød.

Slik blei mi oppskrift:

Bolle 1:

  • 250 gram heile rugkorn
  • 200 gram solsikkefrø
  • 50 gram linfrø
  • 1 liter kokande vatn
  • 2 ss mørk sirup

Bolle 2:

  • 750 gram sikta fin rug
  • 150 gram havremjøl
  • 50 gram sesamfrø
  • 2 ts salt
  • 2 ts tørrgjær
  • 1 ss mørk sirup
  • 2 dl lunka vatn

Framgangsmåte:

  1. Bland alt i bolle 1 og la det stå i minst tre timar, gjerne over natta.
  2. Ha alt i bolle 2 i ein kjøkkenmaskin og bland inn det frå bolle 1.
  3. Elt i minst ti minutt.
  4. La deigen heva på ein lun stad i minst to timar.
  5. Smør to brødformer og fordel  deigen i desse. (Jepp, seig og klissete deig).
  6. Etterhev i 45 minutt.
  7. Steik på 175 grader nederst i omnen i 1 time og 55 minutt.

Avkjøl på rist. Maggi skriv at brødet er bedre neste dag, men mannen min og eg greidde sjølsagt ikkje å venta. Me måtte smaka bare litt, for det lukta så godt og brøda såg så freistande ut. Tre  skiver kvar sette me til livs, for brødet var jysla godt!

Litt kry var eg også: Tenk, eg hadde fått til eit brød som skulle eltast og hevast!

Men, eg tvilar på eg kjem til å laga så mange fleire sjøl om det var aldri så godt. For det var mange gonger meir arbeid enn yndlingsbrødet mitt som bare er å røra saman, ha i formene og steika. Oppskrifta på det får du her.

Det siste året har eg gjort det endå enklare: I staden for å måtta ha to slag spelt og to slag rug i hus, har eg brukt bakeblanding spelt og bakeblanding rug frå Holli Mølle (økologisk). Men nå får me dessverre ikkje tak i bakeblanding rug på handelslaget, heller ikkje grov rug. Prøvde derfor med 7 dl grov, sammalt spelt og 5 dl fin rug. Det blei godt, det også.

Margrethe (Maggi) Gausel med nybaka grytebrød.

Det er to år sidan eg fyrst møtte Maggi. Då hadde ho med seg eit nydeleg grytebrød som du får oppskrifta på her. 

Er du glad i å baka, finn du fleire oppskrifter på Maggi sin blogg Godt nok.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: