Kva nye tomatsortar skal eg prøva i år?

Kva nye tomatsortar skal eg prøva i år?

Som eg gledar meg! For i år skal eg prøva 14 nye sortar i ulike fargar og fasongar. Alle har eg fått frå mi gode veninne Camilla Fredriksen (Camillas countryliving) som dyrka 104 ulike sortar i fjor. Nå kan du også kjøpa frø frå henne!

Eg valde Camilla, fordi eg var så jysla nøgd med dei eg dyrka i fjor som kom frå henne, mellom anna den særs riktberande multifloratypen “Reverend Michael Keys”, plommetomatane “Black Plum”og  “Mango”, bifftomaten”Amazon Chocolate”. 

Har du sett så mange tomatar på ein klase? Sorten er “Reverend Michael Keys”. (Foto: Margunn Ueland. Dei andre bileta i dette innlegget har eg fått av Camilla).

Det var så mange freistande sortar på frølista hennar, at eg sleit med å velja. Men eg må jo ha nokre kirsebærtomatar, nokre biff- og nokre plommetomatar til å ha i drivhuset. Og kanskje nokre busktomatar som kan stå på terrassen?  Vakre bør dei vera, og helst sjå ulike ut, men smaka godt må dei også.

Her kan du sjå og lesa kva sortar eg landa på og kvifor:

SMÅ TOMATAR/KIRSEBÆRTOMATAR/MULTIFLORA:

“Golden Crown”: Fordi Camilla trur det er kanskje den aller beste tomaten ho har smaka. Dessutan er sorten svært produktiv med lange klasar på opptil 50 tomatar.

Cherry Cafe Bule, kul fasong!

“Cherry Cafe Bule”:  Artig pæreforma fasong, lett brunleg, rød kirsebærtomat.

“Auntie Madges”: Fordi denne må vera god sidan Camilla har hatt denne med i “samlinga” si sidan ho blei hekta på tomatdyrking for mange år sidan. Ser temmeleg vanleg ut med røde, ovale cherrytoatar. God til saus og leggja på glas i fylgje tomatdronninga.

“Chocolat Cherry”: Høyres ikkje den god ut? “Søt og intens smak”, i fyljge Camilla. Og den fargen! Mørk rødbrun/burgunder… .

BIFFTOMATAR:

“Alices Dream”.

“Alices Dream”: “Herligheden” så vakker: Rød-orange med mørke “skuldrar”. Sterk, stødig plante, som jo er viktig når tunge bifftomatar skal berast fram!

“Ananas”.

“Ananas”: Fordi han såg så god ut og har eit namn eg vil vera i stand til å hugsa! Guloransje, skal vera saftig og søt. Kanskje han smakar litt av ananas? Attpåtil ein gammal arvesort frå 1900-talet som Camilla ein gong fekk av ei gammal dame på ein marknad i Nice. Måtte jo bare ha denne!

“Cuo di Bue”.

“Cuo di Bue”: Eg valde denne på grunn av den hjarteforma fasongen. Attpåtil så smakfull at Michellinkokken Raymond Blanc har denne som ein av favorittane sine.  Kanskje fordi den er rik på smak og eignar seg godt til saus pga fruktene er kompakte, kjøtfulle og med få frø.

DVERG- OG BUSKTOMATAR:

“Russian Swirl”.

“Russian Swirl”: Eg er tydeleg svak for gylne fargar… Men denne fekk eg lyst på også fordi det var ein av Camillas sine klare favorittar frå sist sesong. Blir cirka 1,2 meter høg og produktiv. Sjå kor fin!

“Red Alert”: Fordi denne er ein tidleg og robust sort som kan dyrkast ute. Blir ikkje høgare enn rundtom ein meter. Produktiv, god smak. Som du forstår av namnet, er fargen rød.

PLOMMETOMATAR

“Black Etiophian”: Kulturarvsort frå Ukraina (kven skulle tru det, med det namnet!)  med mellomstore mørkt brune tomatar. Dyrka ein ukrainsk bifftomat for to år sidan, og den var ein tøffing. Og fordi det er lettare å hugsa og uttala namnet på denne enn på “Koritschnevaja Sliva” som sikkert hadde vore lurt å bestilla fordi den skal tola regn betre enn mange andre. Også den er mørk brun.

“Lemon Tree”: Rett og slett fordi eg elskar sitronar og denne ser ut som ein sitron! “Frisk smak”,  – det var vel som venta? Men neppe sur, håpar eg.

Tomatdronning: Her ser du Camilla med nokre av dei 104 sortane ho dyrka i fjor.

Mange har spurd meg kor eg fekk tak i “Amazon Chocolate”, “Michael Reverend Keys” og “Black Plum”, og hittil har eg svara at eg var så heldig å få frø frå syskenbarnet mitt Urd som hadde kontakta Camilla etter at ho hadde falle for alle dei vakre tomatbileta på @camillascountryliving på Instagram.Men nå kan du også kjøpa frå Camilla! Send epost til camillascountryliving@gmail.com og oppgje namn, adresse og tlefonnummer. Alle frø kostar ikkje meir enn 25 kroner pr. pose + 40 kroner for pakking og post.

Du må ikkje bestilla akkurat dei same som eg har gjort, ho har mange fleire å velja mellom. Sjekk frølista hennar på bloggen @camillascountryliving.com her, og gjer dine val!

Overrasking

Då eg opna frøpakken frå Camilla, hadde ho putta i tre frøposar til! Ho veit eg ikkje har plass til stort meir enn ti i drivhuset, men meinte på eg kunne ha desse ute:

“Maskotka”: Veldig tidleg låg busktomat, bare 50 dagar frå blom til mogen frukt. Kjem med mange mellomstore, røde, runde tomatar. Denne står på frølista til Camilla.

Det gjer ikkje dei to andre:

“Vesper F1”: Skal vera ein skimmelresistent kirkebærtomtat med mange små, røde kirsebærtomatar som det gjekk fint å dyrka ute i Danmark. Blir høg: 180 cm. Lett krydra smak.

“Ida Gold”: Denne har eg høyrt mange har skrytt av: Låg (ci 50 cm) busktomat, tidleg (55-60 dagar) og relativt hardfør. Gylne (guloransje) frukter.

Når skal me så?

I fjor sådde eg tomatfrøa den 25. februar. Då hadde eg godt med mogne frukter fem månader seinare (siste del av juli).

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. DET ER GRATIS. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: