Fibromyalgi- og kjøkkenhageforedrag i februar

Fibromyalgi- og kjøkkenhageforedrag i februar

Velkomen på to kjøkkenhageforedrag og eit helseforedrag i februar. På dei to kjøkkenhageforedraga vil eg visa bilete frå kjøkkenhagen min og fortelja koss du kan få fram mykje mat sjølv på liten plass utan å bruka mykje tid på graving og luking. Gjerne vekster som er lette å lukkast med for både små og store!

Det fyrste er torsdag den 13. februar kl 19:30 i Kulturhuset på Sand i Suldal.  Arrangør: Suldal hagelag.

Møtet er ope for alle som vil koma. Gratis. Det blir servering og loddsal.

Det andre er tysdag den 25. februar kl 18:30 i Hægebostad, cirka fem minuttar frå Snartemo stasjon på Sørlandsbanen: Arrangør er Hægebostad og Eiken hagelag. 

Møtet er i Tingvatn Fornminnepark, Lyngnaveien 1221, cirka fem minutt å køyra frå Snartemo stasjon. Alle er velkomne. Du slepp å betala.  Det blir servering og loddsal i pausen.

Fibromyalgi

Fibromyalgi  Sør-Rogaland er arrangør av det tredje møtet som er på Ganddal i Sandnes kommune tysdag den 18. februar kl. 19. Tittelen på foredraget er “Margunns vei til bedre helse gjennom mat og hage”.

I midten av 40-åra fekk eg diagnosen fibromyalgi. Men ved omlegging av kosthald og livsstil, blei eg kvitt plagene. Etter at eg slutta som journalist, har eg utdanna meg til helsecoach ved Institute for Integrative Nutrition, og hjelper nå andre til å oppnå betre helse og trivsel (individuell coaching, kurs, foredrag).

Møtet er på Klubbhuset på Ganddal, Paulinehagen 2 (rett ved gamle Rv44 og fotballbanen på Ganddal).

Eg er sertifisert helsecoach frå Institute for Integrative Nutrition.

Pris: 150 kr for medlemmer i Norsk Revmatikerforbund, 300 for ikkje medlemmer. Betal til konto 3250.22.71457 innan påmeldingsfrist.  Eller Vipps 153 for medlemmer og 305 for ikkje medlemmer på Vippsnummer114508.

Påmelding til fibromyalgi.ro@revmatiker.org innan 10.02.2020.

Det blir enkel servering.

Fotograf Jan Inge Haga tok biletet av meg med ein bukett mangold i september 2018.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: