Nå er beda mine klare!

Nå er beda mine klare!

“Det skulle ikkje mange solstrålar til, så var du i gong”, kommenterer naboen. Eg er ute mellom regnbygene og fordeler tørr sauemøkk på toppen av grønsaksbeda.  Januar er god månad for jordekking, i alle fall her som me ikkje har snø.

Kan jo ikkje la jorda liggja bar! Lauvet eg dekka med i haust er halvveges nedbrote (omdanna til kompost) og ein del har blese bort. Dessutan har eg dårlig samvit for at eg let vera å dekka eit par av beda. Eg har syns synd på alt mikrolivet i jorda og meitemarkane mine meir enn ein gong mens regnet har pøsa ned. Stakkars, dei burde ha fått både vern og litt mat.

Heldige meg som har fått sekker med tørr sauemøkk av bror min:).

Av bror min Ståle, som er bonde, var eg så heldig å få seks halvfulle sekker med tørre “sauapertar”. Eg har hatt dei ståande sidan romjula, for eg tenkte eg  fyrst burde finna ut kor eg skal dyrka kva. Eg ville med andre ord bruka møkka på beda der eg skal ha dei mest næringskrevjande vekstene, som graskar, mais og kål.  Men planen er ikkje klar ennå – det blir nok til at eg tek det på sparken når våren kjem.

Og som du veit, når det kjem eit solgløtt, jorda er bar og plenen grøn (!) – blir lysta på ei lita kjøkkenhageøkt for stor.  Dermed blei møkka fordelt på dei største beda med mest bar jord i min eigen hage og i Leikeplasshagen.

HERLEG! Dermed er dei beda klare for nye planter til våren.

Det er ikkje bra å tråkka på våt jord. Men dei fleste beda min er ikkje større enn at eg kan stå på sidene og raka ut møkka.

Sauemøkka er tørr og lett å spreia utover. Og nei, naboane treng ikkje vera redde for møkkalukt.

Eit slikt tynt lag med sauepertar var hovedsakleg det eg brukte av gjødsel i fjor i det lange bedet framføre drivhuset som du ser på bileta. Då fordelte eg møkka i februar, hausten før hadde eg dekka godt med lauv. Pluss at eg grov ned nokre bøtter med Bokashi (fermentert matavfall).

I april sette eg jordeple/poteter. Avlinga blei fin og stor. Etter opptak i juli, planta eg ut grønkål, svartkål, rødkål og rosenkål. Ja, og squash. Desse fekk eit ekstra lag med grov kompost rundt seg, og blei til frodige, fine planter. Som du ser, står der att nokre grønkål, pluss svartkål (ikkje med på bileta).

LES OGSÅ: 

FOR EIN HERLEG MØKKADAG

HØGDEPUNKT FRÅ 2019 MED TIPS FOR 2020

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



2 kommentarar om “Nå er beda mine klare!”

  • Her var mye interessant å lese. Å kunne ordne og gjødsle bed i januar har jeg aldri prøvd. Men nå blir det i alle fall tidlig i februar. Jeg har hatt problem med å få noen av bedene mine til å gi gode avlinger, så alle forslag til forbedring tas imot med takk. Både saue- , ku- og hønsegjødsel har jeg tilgang til, så jeg har ingen unnskyldning til ikke å få det til.
    Ha ei god helg. Nå skal jeg lese mer på bloggen din 🙂

    • Hei og tusen takk for hyggeleg tilbakemelding! Det gjer meg glad:) Heldige deg som ha både sau, ku og hønsegjødsel!! NB! Hønsegjødsel er sterk! Eg likar best sau, for den er tørr og lett å fordela. God helg og god lesing:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: