Proteinsuppe på ein spiker

Proteinsuppe på ein spiker

Har du ete opp fenalåret du kjøpte til  jul?  Ikkje kast beinet! Supert å koka suppe på. Ertesuppe er tingen nå i januar. “Klassisk” ertesuppe blir laga med gul løk, kålrabi (kålrot), gulrot, jordeple (poteter) og purre. Eg laga min eigen vri, basert på det eg hadde i kjøleskap og fryseboks.

Eitt bein og ein pakke/øskje tørka, gule erter på 500 gram blei nok til 8 personar. 500 gram erter inneheld 110 gram protein, 65 gram fiber og 1680 kcal.

Lett å laga og godt smakar det.

Her er oppskrifta:

“Spikeren” er eit fenalårbein. Gule erter er fulle av protein.

Ingrediensar:

  • 1 fenalår (“spikeren”)
  • 1 pakke gule, tørka erter på 500 gram
  • 1 liter oppskårne grøne løkstilkar (eller purre, då  kan du nok nøya deg med litt mindre)
  • 1 liter oppskåren selleristang (eller sellerirot og kålrot)
  • 700 gram gulrot
  • 2 dl bladpersille
  • 3 ts timian
  • 30 heile pepparkorn
  • 1 laurbærblad
  • 3,5 liter vatn
  • Salt og evt. meir peppar og evt. litt grønsaksbuljongpulver eller ein buljongterning.

Framgangsmåte:

  1. Legg ertene i ei stor skål med vatn over natta, skyl av og sil av.
  2. Skjer fenalåret i 2-3 bitar slik at du får plass til det i ei stor gryte.
  3. Vask, evt. skrell og hakk opp grønsakene.
  4. Ha alt i ei stor gryte.
  5. La det småkoka i 2-3 timar.
  6. Smak, og salta viss det trengs, gjerne litt meir pepper. Litt grønsaksbuljongpulver eller ein buljongterning dersom det trengs (kjem an på kor finskrapt fenalåret var…)

Det korrekte hadde nok vore å la bein og erter koka eit-par timar fyrst, og så tilsetja grønsakene. Men eg skulle på trening, så eg heiv alt oppi på ein gong, så var det klart når eg kom skrubbsvolten heim. Det gjekk fint.

Godt med flatbrød til.

Sju liter suppe blei det, altså nok til seks middagar til for mannen min og meg! Nei, skal ikkje eta ertesuppe kvar dag komande veke, eg fordeler suppa i beger, avkjøler og set i fryseskapet.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: