Krydra bærsmoothie for stakkars deg

Krydra bærsmoothie for stakkars deg

Med tanke på deg som snufsar og hostar eller går med stive og vonde stressnakkar og hofter, mekka eg saman denne antibetennelse-smoothien med masse krydder, blåbær og grønkål.

Krydder er nemleg proppa med sjukdomsførebyggjande stoff, såkalla fytokjemikaliar.  Det same er blåbær og grønkål som også byr på vitaminar og mineralar.

Eg har alltid noko sunt feitt og protein i smoothiane, chiafrø og kokosolje sørgjer for det. Både chiafrø og linfrø inneheld Omega 3.  Tarmane dine blir glade for både chiafrøa (eller linfrøa) og kokosoljen.

Drikk du ein diger kopp av denne smoothien, får du i deg fleire antioksidantar enn nordmenn flest får på ei heil veke.

Oppskrift:

  • 2,5 dl blåbær (eg brukar frosne, økologiske) eller skogsbær eller bjørnebær eller aroniabær
  • 1,2 dl ananas (mest lettvint å bruka frosen ananas i bitar)
  • 2,5 dl grønkål (har du ikkje, kan du bruka spinat, eg har alltid grønkål i frysa)
  • 1-2 ss chiafrø (har du ikkje, bruk linfrø)
  • 1 ts kokosolje extra virgin (eller mandelsmør eller nokre mandlar/nøtter)
  • 1/2 ts gurkemeie
  • 1 ts ingefær
  • 1/2 ts kanel
  • 1/4 ts nellik
  • 1/4 ts cayenne/chilipulver
  • eit par flak havsalt
  • 2 ts honning
  • 1 liten banan
  • 2 ts råkakaopulver (helsekostbutikken)
  • 4 dl grøn te. Sidan både blåbær, ananas og grønkål er frosne, brukar eg varm te. Dessutan likar eg ikkje iskalde smoothiar. Vil du ha kald smoothie, kjøl av teen litt.

Framgangsmåte:

  1. Kok opp vatn til teen og la den trekkja mens du fyller blendaren med dei andre ingrediensane.
  2. Hell over teen, og køyr i blendaren til alt er godt knust og samanblanda.

Set deg ned, tenn gjerne eit lys, pust langsamt inn og ut nokre gonger og drikk smoothien i fred og ro… Legg merke til at du blir varm av kryddera sjølv om drikken er kald.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



5 kommentarar om “Krydra bærsmoothie for stakkars deg”

  • Men veit du kva som er krydderet med suverent mest antioksidantar? Nellik. “Det totale antioksidantinnholdet i nellik regnes å være 465.32 mmol/g, mens nyper har 39,46 mmol/g og blåbær har 8,32 mmol/g”

    • Så fint! Tusen takk! SLIK GJER DU DET:

      Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
      Trykk på FØLG MEG-knappen.
      Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
      Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: