Høgdepunkt frå 2019 med tips for 2020

Høgdepunkt frå 2019 med tips for 2020

Her er eit tilbakeblikk på kjøkkenhageåret som eg håpar vil vera til inspirasjon og nytte når du skal planleggja 2020. Eg deler tips om både jord, kompost, såing, planting, hausting og kva tid det er lurt å gjera kva for å få mest mogeleg ut av den plassen me har. For det er ikkje slik at me sår alt på ein gong og haustar alt på ein gong. Eg sår frå februar til august og haustar frå januar til januar…

JANUAR:

I beda stod grønkål, savoykål, svartkål grøne og fine. Ja, endåtil kvitkål (vinterkål) og den lilla spisskålen “Kalibos” (som eg hadde planta ut i seinaste laget) var det liv i. Og den fleirårige kålen.

Grønkål og savoykål fotografert den 3. januar 2019.

Inne rydda eg i frøkassen, la planar for det nye året og bestilte ein gru bråte med nye frø.

Her kan du sjå planen og frøbestillingslista.

FEBRUAR:

Det fyrste som måtte gjerast då boka kom frå trykkeriet, var å signera 176 bøker som skulle sendast til dei som hadde førehandsbestilt boka.

Den 5. februar blei boka “Margunns  kjøkkenhage – Fersk mat året rundt”, lansert. Det var stor stas! Eg håpar boka har vore til glede for gamle og nye kjøkkenhageentusiastar. 

Nå starta arbeidet med å gjera beda klare: Eg grov ned bøtte etter bøtte med Bokashi (fermentert matavfall) og dekka beda med tørr sauemøkk og gammal hestemøkk.

Kvar vår hentar eg gammal hestemøkk, det vil seia avfall frå ein stall : Flis i blanda hesteurin, litt hestemøkk, litt hønsemøkk og masse bakteriar. (Foto: Rolf Norås)

Klosterklokkene lyste kvitt i staudebedet, epletreeet fekk vårstussen og drivhuset blei vaska.

Drivhuset må vaskast før sesongstart. (Foto: Rolf Norås)

Inne sådde eg dei fyrste frøa: Chilli “Padron” og Paprika “F1 Mowhak”. 

Sidan jorda ikkje var frosen ute, stakk eg ned nokre bondebønner og sukkererter og strødde ut gulerotfrø i to pallekarmar.

MARS

I baljar med heimelaga kompostjord sådde eg spinat, vintersalat og asiatisk salatmix.  Pluss koriander, rukkola og reddik.

I beger og små kassar i drivhuset sådde eg også dei grønsakene eg skulle planta ut til våren: Knutekål, kålrot, brokkolini, sommarkål, russisk og afrikansk grønkål, fenikkel, stangselleri, bladpersille, rødbeter, sommarblomar og fleire bondebønner.

Kålspirer fotografert den 31. mars.

Georginer blei sette til driving i store potter.

Setteløk blei stappa ned i kassar. Alt dette hadde eg i drivhuset, men eg passa på at temperaturen ikkje dalte under to grader. Heldigvis var februar mild, så det var ikkje mykje straum eg brukte.

Inne under ekstra lys sådde eg 16 sortar tomatar, 14 av dei “nye”, det vil seia sortar eg ikkje hadde prøvd før.

Stiane i kjøkkenhagen fekk eit nytt lag med flis. 

Flis på gangstiane, gammal hestemøkk og kompost på toppen av beda.

Pallekarmar spadde eg om: Eg la lauv, rusk og rask frå hagen lagvis med kumøkk og grov kompost frå varmkompostbingen.  Det grovaste materialet i botnen av karmen, det finaste på toppen. Jorda i karmane hadde eg i sekker som eg spara til bruk i potter, krukker og tomatkassar seinare på året.

Her er framgangsmåten steg for steg.

Jau, makkane hadde gjort jobben sin.

I mars starta sneglejakta – som heldt fram dagleg fram til midten av oktober.

APRIL

Påskeliljer over alt: Under bærhekken, i staudebed, under frukttre. Mellom det gule blinka det blått frå blåstjerner og tidlege stauder som lungeurt og vårkjærminne.

Potetene sette eg den den 6. april.

Den fyrste veka i april sette me potetene. Seinare kom det nokre netter med lett frost, men det nauda ikkje knollane som låg trygge ti centimeter under jorda.

I starten av månaden prikla eg og prikla og prikla og bar kassar og pottar inn og ut av drivhuset alt etter koss temperaturane var.  Det fyltes opp på terrassen – for sjølv om det er godt med lys i drivhuset – blir plantene finaste og sterkaste når dei får stå ute, er mi erfaring. Så sant det ikkje blir for kaldt.

Det fyllest opp på terrassen. Planta ut, eller venta, det er det store spørsmålet i slutten av april.

April var uvanleg varm og solrik, så varm at eg drista meg til å foreta den store utplantinga den 20.-22. april. Her kan du sjå koss det blei. 

I midten av månaden sår eg mais, squash, graskar som får spira på badet. Straks dei har spirt, flyttar eg dei ut i drivhuset. Dei små tomat-, chilli-, og paprikaspirene har eg prikla og flytta ut i drivhuset.

I slutten av månaden avløyser tulipanane dei tidlege påskeliljene og eg kan plukka inn grøne spinat- og salatblad frå baljar og kassar.

Ein blanding av asiatisk bladkål/salat.

MAI

Det eldste og største epletreet fotografert den 3. mai.

Så kom vinteren! Eg gløymer aldri synet av epletreet i full blom mens det snødde. Eg sprang ut og dekka georginer og grønsaker med fiberduk, tepper, dyner, krukker og kassar (sette store krukker og kassar over georginene), mens eg kjefta på meg sjølv fordi eg ikkje hadde hatt tolmod til å venta med utplantinga.

Heldigvis hadde eg venta med sommarblomane og dei mest varmekjære grønsakene.

Det var kaldt fram til 17. mai, den 18. mai steikte sola og eg var sikker på at nå var det slutt på kjølen. Dermed planta eg ut mais, squash og halvparten av graskara (under frukttrea). Trur du ikkje det blei kaldt! Ikkje ned mot null grader, heldigvis. Men 5 grader var nok til at dei grøne maisplantene gulna. Graskara stoppa opp å veksa og blada gulna.

Tulipanane pyntar opp i “korga” og i kålbedet veks det som bare det. Her kan du sjå knutekål, brokkolini, russisk grønkål og kålrabi(kålrot).

Staudebedet baud på trøyst – den eine etter den andre kom i blom, og kalde netter brydde dei seg ikkje om.

Det gjorde heller ikkje kålgjengen, som likte seg svært så godt i kompostbedet.

I potetbeda kom bladrosettane opp, eg kokte grytevis med løpstikkesuppe og laga den eine desserten etter den andre med rabarbra. Og pak choi (asiastisk bladkål) var klar til å hamna i wokgryta. Ein pallekarm bugna med spinat og korianderen var klar.

NB! I starten av mai sådde eg grønsakene som eg skulle planta ut etter kvart som det ville bli ledig i beda i juli.

Ettter at alle frilandsgrønsakene og sommarblomane var utplanta, blei det plass i drivhuset til å planta tomatane over i plantekassar.

JUNI

Nå var det bare å fylgja med og gleda seg over koss det vaks i beda: Det eine bedet etter det andre blei grønare og grønare og meir og meir frodig.

Slik såg det ut den 4. juni:

Mais fremst. Bak i nærmaste firkantbed: Poteter. Dei grøne stilkane er løk. Fennikel og afrikansk grønkål i pallekarmane til høgre.

Den fyrste veka planta eg ut resten av graskara. Det skulle visa seg at dei fort blei mykje større og i betre form enn dei eg hadde planta ut den 18. mai. Så hugs det: Hastverk er lastverk når det kjem til graskar, squash og mais.

I midten av månaden kunne me knaska i oss dei fyrste knutekåla og plukka inn så mykje brokkolini og glattblada grønkål (den russiske og afrikanske) me hadde lyst på.

Knutekål, mild og god å knaska på rå. Jenta heiter Sofie og bur i nabohuset.

Samstundes pottar eg om grønsakene eg sådde i beger i starten av mai. Kålplantene får store potter med næringsrik kompostjord.

Fire benkar fulle av det som skal bli grøde nummer to: Femst ser du svartkål og fennikel.

Rabarabraen var blitt gedigen med stilkar mest så store som ei rive! Kompost gjer susen, veit du.

Tidleg i månaden klyppa med litt her og litt der frå dei grøne løkstilkane (snadder), og den 16. juni fekk Nora (4) æra av å hausta dei første løkane – ho hadde jo vore med og sett løken.

Stolt løkdyrkar har hausta årets fyrste løk.

Bondebønner og sukkererter blømde i raudt og kvitt og staudebedet blei farga lilla, rosa og gult av iris, storkenebb og peonar.

I tillegg til å drepa sneglar, gjeld det nå og framover å knipa vekk små larveegg som kålsommarfuglane har lagt på undersida av blada.

JULI:

I starten av juli står tomatplantene fulle av grøne kart som mognar litt etter litt ut over i månaden. 

“Sweetbaby”.

Løk har me teke opp litt og litt av dagleg sidan midten av juni, men i midten av juli er det opp med alt! Haugevis med løk ligg og duftar og tørkar i sola. Herleg!

Store og fine poteter tok me også opp i midten av månaden.  Dette var poteter som var planta i bed med sol frå morgon til kveld. Mesteparten var tidlegpoteta “Arielle”, men dette året hadde me også “Solist” pluss at det dukka opp poteter både her og der som hadde blitt liggjande att frå året før. Poteter var rett og slett årets “ugras”. Kjekt ugras…

Jippi-1: Store, fine poteter. Jippi-2: Ledig bed! Klar for utplanting av grøde nr. 2. Dei høge, grøne plantene med rød stilk bak, er overvintra mangold/bladbete.

Dermed hadde eg fleire ledige bed som eg kunne planta ut kålrabi (kålrot), rosenkål, rødkål, svartkål, squash, sylteagurk, brokkoli, fennikel og stangselleri. 

Og slik såg potetbedet ut den 18. juli. Fremst rosenkål. I slutten av dette blogginnlegget – når eg kjem til desember – skal du få sjå koss det såg ut her på vesle julafta.

Men det aller beste med juli er vel kanskje alle bæra som mognar: Jordbær, rips, stikkelsbær, solbær. I min eigen hagen gjorde eg om eit stort staudebed til bærbed for nokre år sidan, og i Leikeplasshagen laga me bærhekk ut mot gata. Så glad eg er for det!

Juli slutta med at me mora oss med å dra opp gulerøter, den eine løgnare (rarare) enn den andre. Eg trur naboungane William og Sofie åt minst 20 gulerøter kvar ein kveld…

William, mamma Marte og eg syns den langbeinte gulerota på sprang var den kulaste, Sofie var svak for den kvite.

AUGUST:

Månaden starta med plukking og rensing av bondebønner frå den gamle sandkassen i Leikeplasshagen og frå bønnene eg hadde stukke ned mellom bringebærplantene. Gubba Noa, så mykje det vart!

Dotter mi Mari og sambuaren Glenn blei sette til å pilla bondebønner då dei var heime på ferie…

I drivhuset bugna det av tomatar, meir enn me greide å eta etter kvart.  Heldigvis går det kjapt å leggja ned tomatar på glas.

Fyrste runde fennikel og selleristang var klar til hausting, og salat blei planta ut som grøde nummer to.

Den beste sorten solsikker eg har hatt. Utan tvil.

Solsikkene  var fabelaktige – årets låge, kraftige sort med digre blomar var “Sunspot”.  Mine kjære Zinnia derimot, treivs ikkje like godt denne sesongen som den varme sommaren året før.

Graskara breidde seg ut og skaut ut 3-5 meter lange rankar med digre blad. Eit par rundar med sigden måtte til for å temja plantene og for at graskarfruktene skulle få sol.

Sylteagurk blei hausta og putta på glas. (Eg fermenterer i staden for å koka dei opp med eddik og sukker).

SEPTEMBER

Graskara har likt seg godt saman med maisplantene. Årets beste sort var Hokkaidograskar “Uchiki Kuri”.

Det viktigaste som skjedde denne månaden, var hausting av squash, epler, mais og graskar.

Maisen åt me fort opp – nykokt mais med smør er nydeleg, og graskara blei lagt til tørk og lagring i stova.

Av squashen laga eg omsrettar og gryterettar, raspa og baka kaker.

Klar for koking av ei stor gryte med squashstuing.

Nedfallsepler blei til eplemos, resten blei vaska, tørka og lagt i kassar med avispapir mellom kvart lag.

Og jammen kom der ikkje plommer også denne hausten! Plommetrea i min hage planta eg hausten 2016, dei i Leikeplasshagen våren 2018.

“Discovery”, runde, røde og knallgode. Dette vesle treet planta eg hausten 2016.

Frå drivhuset hausta eg inn endå fleire tomatar, pluss oransje paprika og grøn chili “Padron”.

Har du sett så mange tomatar på ein klase? Sorten er “Reverend Michael Keys”.

OKTOBER

Kvitløk, tulipanar og “Den store oppryddinga” er dei tre viktigaste stikkorda for denne gylne haustmånaden.

Ein solrik dag sette me vår eigen kvitløk og fem nye sortar i jorda der fyrst løk, så kålrot hadde fått veksa.

Opp med kålrabien: William var sikker på at rot vog 50 kilo, storesyster Sofie var ikkje så sikker på det…

Ned med kvitløken:

Nora (4) var flink til å dela kvitløken opp i fedd.

167 blomsterløk (dei fleste tulipanar) blei sette i bed i  krukker – kan tru me er spente på koss det vil bli til våren!

Forresten, vel så viktige stikkord for oktober er koking og kompostering:

For etter kvart som rødbeter, kålrot, fenikkel, selleri, svartkål, persille osv blei hausta inn, måtte supper, gryterettar og kraft kokast. Rødbetene fermenterte eg.

Med ein sigd går det mykje raskare å “rydda opp” i hagen og kappa opp avfallet før eg fyller kompostbingane.

Absolutt alt avfall frå drivhus, kjøkkenhage og kjøkken blir til kompost.

NOVEMBER

Freden og mørkret senkar seg. Me et grønsakssupper og gryterettar basert på det me har dyrka, varmar oss på kryddermjølk og bakar graskarmuffins.

Krusete grønkål i den kvite skåla. Svartkål ligg på kjøkkenbenken. Eg brukar ikkje stilkane og den tjukke bladnerva i matlaging, bare til juicing.

Litt frost, men mest regn, regn og regn. Synet av staseleg grønkål muntrar meg opp. Sjølv om grønkålen toler kuldegrader, har eg posevis i fryseskapet slik at eg lett kan ta meg ein neve eller to kvar gong eg får lyst på ein grøn smoothie.

Så lurer du på kva du skal dyrka i 2020, skriv i alle fall grønkål på lista! Her er 12 grunnar til det. 

DESEMBER

Kjøkkenhagens dronning rett før ho måtte bøta med livet for å bli julemat. Men, men, eit rødkål kan ikkje vare evig, veit du..

I svarte og våte desember er det stas å kunna hausta sjøldyrka rødkål og rosenkål til julemiddagene. Men litt trist å ta dei inn, dei var jo så fine der dei stod…

Rosenkål og svartkål fotografert på vesle julafta.

Dei siste epla hamna i waldorfsalaten, poteter og løk har eg ennå att litt av, og i fryseboksen ligg grøne løkstilkar, selleristang, grønkål, bondebønner, bladpersille, eplemos, graskarmos, squashstuing, stikkelsbær, solbær og rabarbra.. I matboden står tomatchutney, hermetiserte tomatar og fermenterte rødbeter.

Så snart nyttårsfeiringa er over og julepynten rydda vekk, skal eg rydda i frøkassen og finna ut kva eg må kjøpa av frø for 2020. Men fyrst må eg laga ein plan over kva eg skal dyrka kor og når. Hmm, var faktisk nyttig for meg også med denne gjennomgangen av året som gjekk!

TUSEN TAKK FOR I ÅR OG GODT NYTT HAGEÅR!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 



9 kommentarar om “Høgdepunkt frå 2019 med tips for 2020”

  • God kveld!
    Det har vært ei glede å følgja med på alt det kjekke du har formidla.
    Her driver me å planlegger nytt drivhus.
    Ellers er det alltid vanskelig å bestemma kva type frø som skal kjøpas.
    Eg leste om å ta stiklingar av tomatplantene, det måtte jo prøvast. Derfor har eg nå nogen planter som selvfølgelig rota seg. Kjekt, men et godt stykke te der blir trykt for tomater i drivhus.
    Ønsker deg et godt nytt hageår!

    • Tusen takk skal du ha! Det gledar meg:) Så gøy at du skal få deg drivhus! Einig i at det er vanskeleg å bestemma seg for frø, er jo så mykje å velja mellom! Lukke til med tomatstiklingane! Godt nytt hageår!

  • Hei!
    Tusen takk for all inspirasjon du deler. Det er så hyggelig å besøke bloggen din! Koser meg med alle innlegg og drømmer om våren.. kjøpte boken din for en tid siden og den er så utrolig bra! Håper du har tid og lyst til å starte en you tube kanal:) ønsker deg og dine et godt nyttår! Og igjen, tusen hjertelig takk for at du deler din kunnskap og sprer så mye glede og inspirasjon:) en hilsen fra Trøndelag

    • Tusen takk for veldig hyggeleg tilbakemelding! Glad for at du både les bloggen og likar boka:) Tvilar på det blir You Tube på meg, men eg kan jo leggja ut nokre videosnuttar på Facebooksida Margunns kjøkkenhage i ny og ne. Håpar du får eit supert hageår, – du får tilpassa “dyrkingskalenderen” min til klima i Trøndelag.

  • Hei!
    Hvor får du kjøpt brokkolinifrø? Jeg har søkt overalt etter det, men det virker vanskelig å få tak i 🙂

Legg att eit svar til Pål Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: