Smakfull sellerisuppe

Smakfull sellerisuppe

Eg synes det er deileg med suppe før, mellom og etter julematen. Selleri har svært få kaloriar, men inneheld godt med mineralar og betennelsesdempande fytokjemikaliar.  Full av smak er denne kremete suppa som du kan ha til lunch, kvardagsmiddag, kvelds eller som forrett i selskap.

Oppskrifta blei til fordi eg rydda i frysa: Der fann eg fleire posar med oppskåren selleristang, bladpersille og litt sukkererter frå sommarens avling. Løk, kvitløk og poteter har eg også.

I kjøleskapet sto litt H-mjølk som var i ferd med å gå ut på dato. I suppegryta bar det, og visst blei det godt!  Her er oppskrifta:

Ingrediensar:

  • 2 ss meierismør
  • 8 store stilkar stangselleri, vel 12 dl oppskåren selleristang
  • 1 stor gul løk
  • 2-4 fedd kvitløk (eg er glad i kvitløk, brukte 4 fedd)
  • 2 jordeple (poteter)
  • 5 dl kraft (du kan bruka 5 dl vatn og terningar kyllingbuljong eller grønsaksbuljong)
  • 1 laurbærblad
  • 3 nevar hakka bladpersille (om du har)
  • 2 dl grøne erter/sukkererter gjerne frosne
  • 2,5 dl H-mjølk
  • Peppar, evt. litt salt

Framgangsmåte:

  1. Skjer selleristang i tynne skiver.
  2. Skrell og hakk løk.
  3. Skrell og hakk kvitløk.
  4. Vask/skrubb potetene og skjer dei i små bitar (mine er sjøldyrka og økologiske, så eg skrelte dei ikkje)
  5. Smelt smør i ei tjukkbotna gryte og røresteik løk, kvitløk og selleri på medium til svak varme i om lag ti minuttar til grønsakene blir litt mjuke.
  6. Ha oppi potet, kraft og laurbærblad og la det småputra i 20 minuttar.
  7. Ta ut laurbærbladet, ha i persillen og la det putra i 10 minuttar til.
  8. Ha frosne sukkererter i ein kjøkkenmaskin. Ta så oppi litt og litt suppe om gongen og spe med mjølk og køyr det det blir ei jamn og kremete suppe.
  9. Ha tilbake i gryta og kok opp.
  10. Smak til med peppar og eventuelt litt salt.

PS: Det går også greit å laga denne suppa utan bladpersille og sukkererter.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: