Dronningrødkål til jul

Dronningrødkål til jul

Den beste rødkålen lagar du sjølv. Det går fint laga denne før jul og frysa. Så slepp du å grubla på koss du skal på plass til alle grytene på komfyren når jula kjem.  Her er ei god oppskrift med eple, julekrydder og appelsin.

Eg må vedgå det var litt trist å måtta ta inn rødkålet frå kjøkkenhagen. Eg hadde trass alt stelt med det sidan det var ei lita spire i mai… Både frost, snø, sludd, hagl, pøsregn og kraftige vindar hadde det vore gjennom. Likevel likevel stod det der som ei dronning med swung i purpurskjørta og kneisande hovud. Men nå måtte ho altså bøta med livet. Inn på skjerefjøla og oppi gryta bar det. Men eg sa både unnskuld og mange takk.

Kjøkkenhagens dronning rett før ho måtte bøta med livet for å bli julemat. Men, men, eit rødkål kan ikkje vare evig, veit du..

HER ER OPPSKRIFTA:

Ingrediensar:

  • 1,2 kilo rødkål
  • 3 eple
  • 1 dl Herviks rips-&bringebærsaft (ikkje utblanda)
  • 6 ss eplecidereddik
  • 1,5 dl vatn
  • 1 ts nellik
  • 1 ts stjerneanis (malt, ikkje heil)
  • 1 ts kanel
  • 1 ts ingefær
  • 1 appelsin
  • litt salt og peppar.

Framgangsmåte:

  1. Fjern dei ytterste “stygge” blada, ha dei i kompostbingen eller i Bokashibøtta.
  2. Vask kålet og finhakk det.
  3. Skjer eplene i små bitar.
  4. Ha alt bortsett frå appelsinen i ei temmeleg stor gryte.
  5. Jepp, lite væske i forhold til kål ser det ut som, men etter kvart som det kokar, dannar det seg meir.
  6. Kok i om lag 1,5 time med loket på gryta til det blir mjukt.
  7. Smak til med salt og peppar.
  8. Skrell ein appelsin og skjer han i tynne skiver som du så skjer i mindre bitar. Legg på toppen av gryta.
  9. Skal du servera rødkålen med det same, la han dampa ti minuttar til med appelsinen. NB! Skal du frysa rødkålen, for så å tina han og varma han opp til jul, treng du ikkje la han koka vidare med appelsinen før du frys.

Skal du frysa rødkålen, ha han i boksar, avkjøl og putt i frysa.

Rødkål er knallsunt. I tillegg til alle vitaminane, minerala og “mirakelstoffa” i vanleg kål som for eksempel krefthemmande glucosinatar, byr rødkål også på masse anthocyaninar – du veit slike fargestoff som det er i mellom anna blåbær og tranebær. 

Denne rødkålen er min variant av bonusdotter mi Mona sin rødkål som eg laga i fjor. 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 

 

 



2 kommentarar om “Dronningrødkål til jul”

  • Heisann Margunn!
    Så flott rødkål du har avlet frem i kjøkkenhagen din. Tusen takk for at du deler av all din kunnskap, og med en sånn innlevelse 😊 Denne vil jeg prøve meg på til julemiddagen i år.
    God jul til deg ❤
    Hilsen Torill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: