Gratinerte rotgrønsaker

Gratinerte rotgrønsaker

2 jordeple (poteter), 2 små sellerirøter, 1 gulrot, 1 liten gul løk. Kva kan me laga av det? Denne gode grønsaksforma som kan serverast både til kvardags og til høgtidsstemte julemåltid. Kjem an på kva du serverer til! Kvar gong eg lagar ein grønsaksrett, slår det meg kor lite som skal til, kor mykje mat det blir, og kor godt det smakar.

Og du skulle ha kjendt den fantastiske lukta av nyhausta, sjøldyrka sellerirot! Små blei dei i år, men smaken er på topp.  Ennå er der nokre få som har overlevd utandørs. Eg let dei stå litt til.

OPPSKRIFT

(4 porsjonar om du serverer dette som siderett)

Ingrediensar:

  • 2 poteter
  • 2 små sellerirøter, dvs 230 gram når dei var skrelte
  • 1 gulrot
  • 1 liten gul løk
  • 3 ts tørka timian
  • salt, peppar
  • 3 dl fløyte, evt, 1 dl fløyte og 2 dl H-mjølk
  • Litt meierismør

Framgangsmåte:

  1. Vask poteter, gulrot og sellerirot og skrell sellerirøtene.
  2. Skrell løken.
  3. Grovrasp rotfruktene og løken.
  4. Bland det raspa med timian, salt og peppar, fløyte og mjølk og rør det godt saman.
  5. Ha blandinga i ei smurd eldfast form og topp med nokre smørklattar.
  6. Legg over alumuniumsfolie og steik nederst i omnen på 200 grader i 30 minuttar.
  7. Ta av folien og steik vidare i 25 minuttar til forma blir gyllen, men ikkje brent.

God middag!

PS: Vil du dyrka sellerirot frå frø i 2020, må du starta tidleg… 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: