Smoothie med tranebær, dadlar og clementin

Smoothie med tranebær, dadlar og clementin

Hurra! Supersunne, ferske tranebær er nå å finna i hyllene i gode matbutikkar. Det må me feira med ei ny smoothie-oppskrift! Rød antibetennelsesmoothie, kunne eg ha kalla denne.  Mange har høyrt at tranebær er bra mot urinvegsinfeksjon, men dei mørkerøde bæra vernar deg også mot andre helseplager.

Tranebær inneheld lite sukker, godt med fiber og vitaminane C, A og K, samt E, fleire B-vitaminar, kalium, kalk og magnesium. Sist, men ikkje minst:  Anthocyaninar: Det røde, blå og lilla fargestoffet som også fins i mellom anna kirsebær, blåbær, solbær,  rødkål og skalet på aubergine, og som hjelper til med å halda oss friske og unge og motverka betennelse i kroppen.

Anthocyaninane er ein viktig grunn til at tranebær reduserer veksten av kreftceller.  Amerikanske forskarar har sett på kva bær og frukt som var var best til å “supress cancer cell growth”. Dei valde ut dei 11 mest vanlege sortane (dvs. som amerikanarane et mest av): Tranebær, sitron, banan, eple, grapefrukt, appelsin, fersken, pære, ananas, jordbær, druer. Dei dryppa så ekstrakt av desse på leverceller i eit laboratorieglas. Vinnaren var tranebær. Nummer to var sitron.  

Anthony William som har skreve fleire bøker om samanhengen mellom mat og helse, hevdar at tranebær har “egenskaper som hindrer rask formering av bakterier, virus og alt annet skadelig som kan vokse inne i deg”.

Williams hevdar vidare at tranebær er “noe av det beste du kan spise for å få bukt med sykdom i galleblæren.” Og: “Hvis du plages med gallestein, er det ingenting som kan bidra mer til at de går i oppløsning”.  Han meiner også at tranebær er “et ualminnelig effektivt middel til å rense leveren, og de er ekstremt nyttige når du prøver å få en nyrestein ut av systemet uten for store smerter.” (sitata er frå boka “Livsforvandlende mat”).

OG HER KJEM OPPSKRIFTA:

Ingrediensar: 

  • 2 dl tranebær
  • 2 dl bringebær (går fint å bruka frosne)
  • 1 clementin
  • 1/2 ts malt nellik, gjerne meir, smak deg fram. (Proppa med betennelsesdempande stoff. )
  • 3 dadlar (fjern steinen)
  • 20 cashewnøtter (evt. mandlar)
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 3 dl mandelmjølk
  • 1 dl vatn

Framgangsmåte:

  1. Lurt å leggja nøttene i vatn over natta, men det går bra utan også.
  2. Ha alt i ein god blender og køyr til alt blir godt knust og blenda.
  3. Smak: Går det bra med meir nellik? I så fall, ha i ein dæsj til.

PS: Eg elskar den litt bitre og sure smaken av tranebær. Vil du dempa tranebærsmaken, bruk litt mindre og heller litt meir bringebær og clementin.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: