Sunn stikkelsbærpai

Sunn stikkelsbærpai

Denne stikkelsbærforma er kjempelett å laga. Sunn kosemat til te-eller kaffikoppen om ettermiddagen. Restane åt eg neste dag, kalde, i ei skål med mjølk. Det var god frukost!

Bær er det beste eg veit. Ei sann lukke å kunna plukka solmogne bær i hagen og henta fram sjøldyrka bær frå fryseboksen om vinteren. Herleg i smoothiar, dessert (bærgrøt f.eks) og paiar.  Dette er min måte å laga smuldrepai på: Både sunt, godt og lettvint!

Eg rydda i fryseboksen her om dagen. Det var då eg fekk lyst til å laga smuldrepai med stikkelsbær. Det har eg nemleg ikkje gjort før! Denne kjem eg garantert til å laga fleire gonger, ja! Eg var spent på om han ville bli for sur, men nei, godt blei det.

Ingrediensar:

  • 1 liter frosne, røde stikkelsbær (der var nokre grøne oppi også)
  • 2 ss kokossukker
  • 1 neve rosinar
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1/2 ts kokosolje
  • 2 ts kanel
  • 4 ss knuste linfrø
  • 2,5 dl små, lettkokte havregryn
  • 2,5 dl soyamelk
  • 2 nevar mandlar

Framgangsmåte:

  1. Smør forma med kokosolje.
  2. Ha i bæra og bland med kokossukkeret.
  3. Hakk mandlane og ha dei i ei stor skål saman med dei andre ingrediensane.
  4. Rør saman og legg det så på toppen av bæra.
  5. Steik i omnen på 180 grader i om lag 45 minuttar.

Avkjøl litt, betre lunka enn knallvarm, og server med kokoskrem eller piska kremfløyte eller kesam.

Restane er som sagt gode å eta kalde i ei skål med mjølk.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: