12 grunnar til å dyrka grønkål

12 grunnar til å dyrka grønkål

Av alle grønsaker eg dyrkar, er grønkål favoritten. Her får du tolv grunnar til det, pluss tips om sortar og bruk i matlaging. Du veit nok at grønkål er knallsunt, men veit du kvifor? Her får du informasjon om det også.

Derfor bør også du dyrka og eta grønkål: 

ENORMT SUNT: Stinn av vitaminar, mineralar, fytokjemikaliar (antioksidantar) og fiber. Ein kaffikopp (2,5 dl) kokt grønkål dekkjer 98 prosent av dagsbehovet for vitamin A, 71 prosent av dagsbehovet for vitamin C, 1180 prosent (!!) av dagsbehovet for vitamin K (viktig sterkt skjelett).  Inneheld også bra med mangan, magnesium, koppar, kalk, jern, kalium, vitamin B1, B2, B3, folat og vitamin E.  Blant dei mange fytokjemikaliane er glokosinolatar som drep kreftceller og lutein som er viktig for synet/augene. Kaloriar? 36 i  ein kaffikopp kokt grønkål. Innehaldet av næringstoff pr kalori er altså ekstremt høgt, det høgaste av alle matvarer!

PASSAR I MANGE SLAG MAT: Grønkål kan brukast til så mangt: Rå i salat, smoothie, juice og pesto. Kokt i supper og stuingar, som grønt i gratengar og i den kvite sausen til lasagne.  Steikt i wok og steikt i omn – lag gjerne grønkålchips. (Lenker til fleire oppskrifter nederst i dette blogginnlegget).

KVALITET: Nyplukka, sjøldyrka grønkål er så frisk og struttande sprø at han knitrar.  Kan ikkje samanliknast med dei litt slappe og seige blada som ligg i plast i butikkhyllene. All grønsaker er så klart best når dei er heilt ferske!

GARANERT GIFTFRI: Mat du kjøper i butikken er sprøyta så sant han ikkje er merka med at han er økologisk.

VAKKER plante:  Så dekorativ at han hadde fortjent plassen i hagen bare som prydplante.

Svartkål fotografert ovanifrå og ned etter ei frostnatt tidlegare i november.

TØFFING: Toler både frost, hagl, sludd, snø og mørkre – og kan altså stå ute heile vinteren.

AVLING NR. 2: Det gjer at grønkål passar ypperleg inn som grøde nummer to i seriedyrking. Seriedyrking vil seia at ein grøde avløyser ein annan, slik at du kan få (minst) to avlingar på same plass på eitt år.  Sidan grønkål likar seg vel så godt utover hausten og klarer seg fint også på vinterstid, er grønkål som skapt for å bli planta ut etter opptak av tidlegpoteter og løk i juli.

Ein liten grønkålskog i Leikeplasshagen der me tok opp poteter i august. Sjå nedover på stilkane, så ser du me har plukka mange blad!

SLEPP STYR MED EKSTRA LYS:  Sidan det er lurt å planta grønkål midt på sommaren,  er det altså tids nok å så grønkål i starten av mai. Då er det lyst og varmt nok til at du kan så grønkålen i små beger på hagebordet. Du treng ikkje så inne under ekstra lys eller i drivhus. Ein del hagesenter og gartneri har også småplanter til sals.

PRODUKTIV: Du får uhorvelege mengder med mat frå bare få planter. For kvar plante produserer stadig nye blad. Etterkvart som du plukkar inn blad, veks nye ut. Midt på vinteren stoppar veksten opp, men grytidleg på våren går planten i gong igjen.

MASSEVIS AV ETANDES BLOMAR: Ikkje bare kjem planten med nye blad om våren, han skyt også ut massevis av gule blomar. Desse er også etandes, smakar veldig godt.

MASSEVIS AV FRØ: Let du nokre av blomane stå att, dannar planten frøbelgar. Kvar belg inneheld bortimot ti frø. Let du altså ein grønkålplante få stå i fred, har du frø til mengdevis av grønkål i årevis framover.

Grønkål “Ragged Jack” fotografert den 26. mai 2018 av Margunn Ueland. Eg pleier å planta ut denne sorten om våren og dei andre sortane om sommaren.

VARIASJON: Det finnes fleire ulike sortar grønkål. Dei tre eg likar best, er den vanlege nordiske, store, kraftige, krusete sorten, den italienske svartkålen (“Nero Di Toscana”, også kalla palmekål) og den russiske “Red Russian” som ser ut som store eikeblad med lilla bladnerver.  Eg har også prøvd rødlilla, krusete grønkål “Redbor” (også kalla purpurkål), men syntes ikkje den var langt nær så god på smak som den vanlege.

Mildaste smak er det på den russiske – unge blad av denne kan du godt bruka rå i salat. Svartkålen likar eg best i supper og stuingar. Den vanlege grønkålen som får størst blad, er den eg brukar mest til juicing.

Krusete grønkål i den kvite skåla. Svartkål ligg på kjøkkenbenken. Eg brukar ikkje stilkane og den tjukke bladnerva i matlaging, bare til juicing.

Derfor frys eg grønkål

Til trass for at dei står ute heile vinteren, haustar eg inn mykje om sommaren og hausten som eg frys. (Nei, du treng ikkje forvella han fyrst).

Det gjer eg for at grønkålen då kjem med nye blad, og fordi det er lettvint å ta grønkål frå fryseskapet når eg skal laga meg ein smoothie ein mørk og kald morgon.

Dessutan vil eg ikkje ribba grønskålen heilt om vinteren – eg vil jo ha noko fint å sjå på!  Dei er faktisk dei einaste vintergrøne plantane eg har i hagen, bortsett frå kristtornhekken mellom oss og naboen.

Lasagne med grønt frå kjøkkenhagen i den kvite sausen.

OPPSKRIFTER MED GRØNKÅL:

LASAGNE: Min beste lasagne

GRYTERETT: Indisk gryte

SMOOTHIE: 5 om dagen i eitt glas

JUICE: Energijuice

SALAT: Lun salat med svartkål, rødbeter og appelsin

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “12 grunnar til å dyrka grønkål”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: