Kryddermjølk – kosemedisin

Kryddermjølk – kosemedisin

Litt frysen? Forkjøla? Litt verk både her og der? Eller bare lyst på litt kos? Då er det godt å setja seg ned med ein kopp varmande drikke full av smak, godlukt og antibetennelsestoff.  Lurt å ha krydderblandinga klar, så er det bare å varma opp mjølk og ha oppi ei teskei til kvart krus.

Krydderblanding:

  • 4 ss kanel, helst Ceylonkanel
  • 6 ts ingefær
  • 1 ts nellik
  • 1 ts muskatnøtt
  • 1 ts allehånde
  • 2 ts kardemomme
  • 3 ts gurkemeie og pittelitt peppar for å auka opptaket av gurkemeie.

Eg synes drikken blir best med mandelmjølk. Er du forkjøla, blir du meir “slimete” av kumjølk enn av plantemjølk.

Vil du gjera drikken litt kremete, kan du ha i bittelitt rå kokosolje. Litt feitt er også bra for opptak av gurkemeie. Er gurkemeiesmaken uvand for deg, ta litt mindre av det krydderet.

Har du betennelsar og smerter i t.d. musklar og ledd, er det lurt å ha i endå meir gurkemeie.

LES MEIR OM KVIFOR HER: Gurkemeie mot betennelse og smerte

Det er ikkje bare gurkemeie som inneheld antibetennelsestoff, det gjer alle desse kryddera. Men gurkemeie er “kongen”.

 



2 kommentarar om “Kryddermjølk – kosemedisin”

  • Tusen takk, for koselig lesning igjen☺️
    Jeg setter så stor pris på innleggene dine, du skriver så lett og ubesværlig om dyrking og hvordan du bruker både det ene og det andre i hverdagen💖 Mange gode råd, god inspirasjon og ikke minst, du virkelig løfter dyrkegleden hos meg, og sikkert hos mange andre også😊
    Takk🥰

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: