Eple-graskar-muffins

Eple-graskar-muffins

Før me startar med julebaksten: Muffins som me rett og slett kan kalla både sunne og gode. Utan gluten og sukker.  Med mandelmjøl, eple, graskarmos og rosiner.

Ingrediensar:

  • 1 1/2 kaffikopp mandelmjøl (3,75 dl)
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts kanel
  • 1/2 ts ingefær
  • 1/2 ts kardemomme
  • 1/4 ts salt
  • 3 egg
  • 400 gram graskarpuré (det går an å få kjøpt boksar med ferdig puré i gode matbutikkar, men det er lett å laga. Bare del eit graskar i to. Ta ut kjernene og det mjuke, trevlete i midten. Del graskaret i båtar med skalet på og steik i omnen på 190 grader i om lag 20  minuttar til fruktkjøtet blir mjukt. Så er det bare å “grava” det ut med ei skei, så har du mos/puré).
  • 2-3 ss lønnesirup
  • 2 ss smelta rå, virgin kokosolje
  • 1/2 raspa eple
  • 1/4 kaffikopp (60 ml) rosiner

Framgangsmåte: 

  1. Bland mandelmjøl, bakepulver, krydder og salt i ein bakebolle.
  2. I ein annan bolle, bland graskarmos, egg, sirup og olje.
  3. Bland den våte røre inn i den tørre.
  4. Fold inn raspa eple og rosinar.
  5. Fyll røra i muffinsformer i muffinsbrett. Stapp gjerne ein eplebit ned i kvar form til slutt.
  6. Steik i 18-20 minuttar på 180 grader.

PS: Sidan son min er allergisk mot nøtter og mandlar, har eg også baka desse med 1 kaffikopp spelt (inneheld gluten) og 1/2 kaffikopp rismjøl (glutenfritt) i staden for mandelmjøl.

Veldig godt med eit par slike muffins og eit stort krus kryddermjølk:)

Graskaret eg brukte, er den sorten du ser på biletet: Hokkaidograskar, “Uchiki Kuri”. I fjor dyrka eg ti sortar graskar, og då var dette mellom dei to beste på smak. 

LES OGSÅ:

6 HELSEGRUNNAR TIL Å ETA GRASKAR

 

 



2 kommentarar om “Eple-graskar-muffins”

  • Hei!
    DEt så fristendes ut med muffins, men hva slags mel kan en bruke istedet for mandelmel? Jeg tåler ikke mandler, alle typer nøtter. Ha du noe forslag på dette?

    På forhånd takk!
    hilsen Randi

    • Takk, som du ser nederst i innlegget, laga eg også desse muffinsane med speltmjøl og litt rismjøl. Har du ikkje rismjøl, kan du fint bruka speltmjøl og litt havremjøl om du toler gluten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: