Sjokolademuffins med graskar

Sjokolademuffins med graskar

Desse muffinsane er både saftigare og sunnare enn vanlege muffins. Vil du baka kake til farsdagen, kan du ha deigen i ei lita form, så får du brownies. Søtaktig graskarpuré går supert saman med den sterke smaken av mørk kakao og gjer muffinsane “rikare” på ein vitaminrik men kalorifattig måte.

Fyrst lagar du graskarmosen:

  1. Skjer eit lite graskar i to. (Eg brukte Hokkaido, i butikkane får du nok også flaskegraskar/”Butternutsquash”).
  2. Ta ut kjernene og det mjuke og trevlete i midten.
  3. Set omnen på  180 grader.
  4. Del graskara i båtar, la skalet vera på.
  5. Set graskarbåtane på ei bakeplate og legg på ein liten klatt meierismør – eg brukar ostehøvelen.
  6. Dryss over med kanel, ingefær, gjerne bittelitt allehånde, muskattnøtt og nellik.
  7. Steik i ci 15-20 min til det harde “fruktkjøtet” har blitt mjukt.
  8. Då kan du skrapa ut “mosen” med ei skei.  Om nødvendig, mos litt ekstra med ein potetstappar.

Så er det fort gjort å laga muffinsane: 

  • 5 dl graskarmos/puré
  • 60 ml smelta kokosolje
  • 2 egg
  • 1,5 dl  kakaopulver
  • 1,2 dl kokossukker
  • 2 ts vaniljeekstrakt
  • 1,3 dl speltmjøl
  • ½ ts natron
  • ¼ ts salt
  • Litt hasselnøtter, evt, litt tranebær

Framgangsmåte:

  1. Sett omnen på 180 grader.
  2. Smelt kokosolje på svak varme.
  3. Lettpisk egga.
  4. Ha graskarmosen i ei skål og rør inn egg og olje.
  5. I ein annan bolle: Bland mjøl, natron, kakao, sukker og salt. Rør så dette inn i mosen.
  6. Tilsett gjerne nøtter og tranebær og ha røra i små muffinsformer. Bak i ci 15 minutt.

Nam, nam..Eg dikta i hop denne oppskrifta ein sundag eg fekk brått besøk av @camillascountryliving. “Dei var skikkeleg gode”, utbraut ho gledeleg overraska. Ho hugsa nok den oversunne og mislukka sommarsquashkaka eg serverte ein annan gong ho var her…

Det var faktisk Camilla sitt besøk som gjorde at eg drista meg til å arrangera matlagingskurs med graskar som viktig ingrediens sist helg. Då var desse muffinsane desserten. Sjølv om eg gjorde feil og tok vel mykje kakaopulver i dei, blei dei slett ikkje så verst.

Dei er faktisk betre når dei har kjølt seg av, enn når dei kjem rett frå omnen. Held seg mjuke og saftige i fleire dagar.

Den flotte oransje fargen på graskar viser at dei er fulle av stoff som er viktig for augene og immunsforsvaret. LES MEIR OM HELSEFORDELANE MED Å ETA GRASKAR HER.

Graskara på bileta er Hokkaidograskar. Sorten heiter “Uchiki Kuri” og er den eg har best erfaring med å dyrka.  

 

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: