6 helsegrunnar til å eta graskar

6 helsegrunnar til å eta graskar

Eg synes det er for gale at mange av oss nordmenn bare brukar graskar til pynt og ikkje til mat. Ikkje bare fordi det er synd å kasta mat, men også fordi det er godt i alt frå bakst til supper og gryterettar. Og så er det jysla sunt:

  1. Styrkjer immunforsvaret: 2,5 dl med bakt graskar i bitar (205 gram) inneheld 26 prosent av dagsbehovet for vitamin C og 59 prosent av dagsbehovet for vitamin A.
  2. Veldig bra for augene: Vitamin A er også viktig for synet. Mangelteikn er tørre auger og dårleg nattesyn Graskar er desstan rikt på fytokjemikaliar (antioksidantar): Heile 12 ulike karotenar, som alfakaroten, betakaroten, men også zeaxantin og andre xantinar som er uhyre viktig for augene. For lite er faktisk ein medverkande årsak til at eldre mistar synet (augesjukdomen “Macula”).
  3. Bra for hud og slimhinner særleg på grunn av det høge innhaldet av A-vitamin.
  4. Bra for mage-tarm: Graskar inneheld 21 prosent fiber, mesteparten er pektin som er eit veldig bra fiber. Omnsbakt/kokt graskar er lett å fordøya.
  5. Bra for skjelettet: Me treng meir enn kalk og D-vitamin for sterke bein. Me treng også andre mineral, K-vitamin og C-vitamin. Graskar er ei bra kjelde til mineral som mangan, kalium, koppar, og inneheld også brukbart med magnesium og K-vitamin. I tillegg godt med C-vitamin.
  6. Låg glykemisk indeks: Sjølv om graskar smakar søtt, inneheld det få kaloriar og fiberet/pektinet gjer at søtstoffa blir langsamt frigitt slik at me held blodsukkeret i sjakk.

Graskara på biletet er Hokkaidograskar. Sorten heiter “Uchiki Kuri” og er den eg har best erfaring med å dyrka.  

OPPSKRIFTER:

PANNEKAKER

GRASKARCURRY

CHILI SIN CARNE

SUPPE MED INGEFÆR, KOKOS OG APPELSIN

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: