Herleg haustsuppe

Herleg haustsuppe

Fem ulike rotgrønsaker er det i denne suppa – mist like god som ho er sunn. Lett å laga: Bare å ha alt i ei gryte og la det putra.  Eit godt bevis på at enkelt ofte er det beste og at helsebringande mat ikkje er dyrt, men billig! Lag ei diger gryte og frys ned resten, så har du topp “fastfood” i fleire veker framover.

Ingrediensar:

  • 8 jordeple (=poteter)
  • 1 kålrot
  • 5 gulerøter
  • 2 rødbeter
  • 1/2 sellerirot, gjerne meir
  • 2 purre (eg brukte massevis av grøne løkstilkar som eg har i fryseboksen)
  • 1 kvitløk
  • 3 dl ukokte, grøne linser (Ikkje bare for protein, men mange andre nyttige næringsstoff. Så bra for deg at me bør eta belgfrukter – altså linser/bønner/erter – kvar dag.)
  • 2-3 handfullar små tomatar (fordi eg hadde i drivhuset, kan utelatast)
  • 3,5 liter vatn
  • 3 buljongterningar, gjerne kylling
  • 4 ts økologisk grønsaksbuljongpulver
  • 1 øskje hermetiske tomatar på 400 gram
  • Masse bladpersille. Eg brukte 5 dl fordi det set god smak på suppa og fordi eg har masse i hagen.
  • Andre krydderurter:  Timian høyrer med, synes eg, bruk fersk eller tørka. Kan aldri bli for mykje urter, synes eg, så eg gjekk ut i hagen og henta inn ein neve timian, ein neve oregano, pluss litt salvie og rosmarin. Og litt løpstikke.
  • Ein klunk god olivenolje.
  • Peppar.

Nei, eg hadde ikkje salt i, for der er salt nok i buljongen, synes eg.

Av dette pluss vatn, buljong, 1 øske hermetiske tomtar, 1 kvitløk, krydderurter og litt grøne linser blei det 8 liter kjempegod suppe. Ekstra god med ferske, sjøldyrka grønsaker, så klart!

Framgangsmåte:

  1. Vask,skrell kålrot, rødbeter, sellerirot og skjer i bitar.
  2. Vask purre og skjer i ringar.
  3. Vask og skrubb poteter (ikkje skrell) og skjer i bitar.
  4. Vask og skrubb gulerøter (ikkje skrell) og skjer i bitar.
  5. Skrell og hakk kvitløken.
  6. Hakk urtene, spar gjerne litt persille til slutt.
  7. Ha dei tørre linsene i ein bolle med vatn, tøm av vatnet, fyll på nytt vatn, tøm av. Sil i eit dørslag.
  8. Ha alt i ei stor gryte som bør romma minst 8 liter.
  9. Ha oppi vatn, buljong og hermetiske tomatar.
  10. Set plata på fullt, kok opp. Skru så ned og småkok i om lag 30 minuttar til grønsakene og linsene har blitt møre. Koketida kjem også an på kor store/små bitar du har i gryta.
  11. Smak til med peppar, ha i ein klunk olivenolje og eit dryss persille.

Så lett var det å laga 8 liter suppe! Bør vera nok til 16 personar.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 



2 kommentarar om “Herleg haustsuppe”

  • Insprirerende oppskrift. 🙂 Men er en ting jeg er uenig i, som pasjonert “kjøkkenhager” gjennom mange år trenger man ikke bruke buljong, man lager sin egen variant der, nettopp av det man dyrker i hagen. 😀

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: