Juice med gulrot, rødbeter, eple og ingefær

Juice med gulrot, rødbeter, eple og ingefær

Bleik og slapp? Prøv denne juicen med tre styrkjande og sjukdomsførebyggjande røter.  Mykje betre enn du trur! Yndlingsjuicen min for tida. Luksus med ferske rødbeter og eple frå hagen. Stinn av mineralar, vitaminar og antioksidantar. Visste du forresten av rødbeter er bra mot høgt blodtrykk? Og er du treg i magen, blir det fart på sakene etter nokre glas juice med rødbete!

Ingrediensar:

  • 7 økologiske gulerøter
  • 3 litt små økologiske rødbeter med skal
  • 1 peikefingerstor bit av ingefærrot (kjem an på kor “sterk” du vil ha juicen. Eg elskar ingefær, så eg køyrer på)
  • 1/2 økologisk sitron med skal
  • 10 små økologiske eple
  • 6 dl vatn

Framgangsmåte:

  1. Vask alt.
  2. Stapp i sentrifugejuicar. Ha sitronen i før eplene.
  3. Skyl ut av juicaren med vatn.
  4. Smak til: Meir vatn? Meir eple? Meir sitron?
Av eplene blir det ein del skum på toppen. Det går raskast å juica med ein sentrifugejuicar. (eg er ikkje sponsa)

LES MEIR OM JUICING OG  VAL AV JUICEMASKIN HER:

DAGENS JUICE: BROKKOLI, MYNTE OG EPLE

FLEIRE OPPSKRIFTER MED RØDBETER:

Stor porsjon salat med røbeter, svartkål, appelsin og valnøtter.

LUN RØDBETSALAT MED SVARTKÅL, APPELSIN OG VALNØTTER

RØD KRAFTSUPPE MED OKSEKJØT OG RØDBETER

 



3 kommentarar om “Juice med gulrot, rødbeter, eple og ingefær”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: