3-rettars graskarkurs

3-rettars graskarkurs

Velkomen på kurs heime hos meg lørdag den 2. november klokka 14:30-17:30. Eg synes det er for gale at mange bare brukar graskar til Halloweenpynt, når me kan laga så mykje god og sunn mat med graskar. Bare seks plassar, meld deg på fort!

På kurset lagar me både forrett, hovedrett og dessert der graskar er viktig ingrediens mens eg gir det eine ernæringstipset etter det andre. Graskar inneheld mange gode næringsstoff, få kaloriar og er lett fordøyeleg. Dei andre ingrediensane i rettane bør også helst vera både sunne og gje god smak. Forhåpentligvis blir det eit velsmakande måltid!

Mens me et, kan me snakka meir om ernæring og mat om du vil det, eller om dyrking av graskar dersom du lurer på det.

Du får også læra koss du tek frø av graskar og lagar kryddermix som passar både til matrettar med graskar. Frø får du med deg heim, pluss oppskriftene på det me lagar.

Graskara me skal bruka på kurset er favorittgraskaret mitt: Hokkaidograskar “Uchiki Kuri” så du kan gleda deg til å så det til våren. Eg har også frø av mammutgraskar “Rouge Vif D´Etampes” som du ser foto av her:

Dette biletet av Alvin og meg med nyhausta mammutgraskar tok fotograf Jan Inge Haga i fjor haust.

PÅMELDING: Send også e-post til margunn.ueland@gmail.com så fort som råd, og seinast innan fredag den 1. november. Skriv fullt namn og mobilnummer.

Gildt om du i tillegg går inn på arrangementet på Facebook og klikkar SKAL. Der kan du også sjå om der er nokre kjende som har gjort det same.

Maks 6 deltakarar. Fyrste mann til mølla.  Dei som får plass får eit bekreftande svar av meg på epost.

Pris: 3 timar a 375 kroner =1.125 kroner. Du betaler med VIPPS til Margunns kjøkkenhage på sjølve kurset.

Adresse: Hos Margunn Ueland, B. Christophersens gate 40, 4009 Stavanger (sidegate til  Eiganesveien, ikkje langt frå Tjensvollkrysset.

Ta gjerne med deg eit forklede.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: