Kjapp lapskaus

Kjapp lapskaus

Sellerirot og kålrot rett frå jorda, det er så godt! Eg knaskar i meg den eine biten etter den andre der eg står og kuttar opp grønsaker til ei stor lapskausgryte. Er råvarene topp, går det fint å koka lapskaus utan svineknoke eller anna kjøt. Dermed går det mykje raskare.

Sellerirot.

Har du beinkraft, set det ekstra smak på lapskausen. Har du ikkje, bruk buljong. Synes du lapskausen treng litt kvess og kjøt, skjer opp nokre godt krydra pølser og ha i til slutt.

OPPSKRIFT (10 porsjonar)

Ingrediensar:

  • 3 små sellerirøter
  • 1 stor kålrot
  • 6 gulerøter
  • 2 purre (eg brukte ikkje purre, men grøne løkstilkar som eg har posevis av i fryseboksen)
  • 5 dl bladpersille (eg brukte så mykje fordi eg har masse, men det går fint med mindre)
  • 5 blad løpstikke
  • 10 små-mellomstore poteter med skal
  • 4,5 dl vatn eller beinkraft. Brukar du vatn, ha i 3 buljongterningar eller 3 ts økologisk grønsaksbuljong.
  • Peppar
  • 6 små chorizopølser
Nam, nam.

Framgangsmåte:

  1. Skrell, og vask sellerirøtene og skjer dei i bitar.
  2. Vask og skjer dei andre grønsakene i bitar.
  3. Hakk persille og løpstikke.
  4. Ha i ei stor gryte med vatn.
  5. Kok til poteter og grønsaker er møre, rør innimellom.
  6. Ta loket av og la litt vatn dampa av om du synes lapskausen er for blaut.
  7. Skjer opp pølsene og la dei småkoka med dei siste 10 minutta.

Server med flatbrød.

Denne lapskausen likte ikkje bare grønsakselskaren meg, også mannen min og son min og kjærasten.  Det er utruleg kor mykje mat det blir av grønsaker. 5 liter lapskaus.  Restane frøys eg ned, og dermed har mannen min og eg tre middagar til.

LES OGSÅ:

BEINKRAFT MED MASSE URTER

LØPSTIKKESUPPE



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: