Multigrøn juice med eple og pepparmynte

Multigrøn juice med eple og pepparmynte

Krydderurter set ikkje bare god smak på supper og gryterettar, det er også deileg i juice.  Gøy å eksperimentera! Denne eplejuicen med både persille, pepparmynte og grønkål blei overraskande god.

Frå venstre: Bladpersillestilkar, rabarabrastilk, pepparmynte, svartkål, grønkål.

Ingrediensar:

  • 1 stor bunt bladpersille
  • 1 stor bunt pepparmynte
  • 1 stilk stangselleri med blad
  • 1 stilk rabarabra (Har du ikkje rabarbra, bruk litt sitron)
  • 3 blad svartkål
  • 3 blad grønkål
  • 12 små eple
  • 3 dl vatn

Framgangsmåte:

  1. Vask alt og køyr gjennom sentrifugejuicar. Med ein slik juicar treng du ikkje skjera opp korkje eple, grønkål eller urter.
  2. Ha vatnet i til slutt og smak til om du vil ha i meir eple eller vatn.

Blei 9 dl herleg juice.

NB! Pepparmynte er godt for fordøyelsen og irriterte tarmar.

FLEIRE JUICEOPPSKRIFTER:

DAGENS JUICE: BROKKOLI, MYNTE OG EPLE



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: