Grønsaker året rundt

Grønsaker året rundt

Seriedyrking er ein viktig grunn til at eg får fram mykje grønsaker på liten plass. Sagt i ein setning: Raske grønsaker som løk, poteter og spinat får veksa fyrst, etterpå overtek andre som rekk å bli klare før frosten pluss ulike kålslag som kan stå ute heile hausten og vinteren. Her skal du få sjå koss det har gått.

I langbedet framføre drivhuset der eg tok opp poteter i starten av juli, står grønkålen kraftig og fin. Staseleg er også svartkålen (også kalla palmekål).  Rødkålen pyntar opp mellom alt det grøne. Den skal eg ha til jul. Det var også planen med rosenkålen, men dei små runde rosenkåla som sit tett i tett oppover stammen/stilken, er ikkje særleg store…

Her hadde eg også fire squashplanter som leverte masse frå midten av august til slutten av september, men så kom ei natt med null grader og då var det slutt.

Svartkål, selleristang og tagetes der eg tidlegare i år dyrka masse løk. Sylteagurk har det også vore plass til her.I det som var det store løkbedet i Leikeplasshagen, planta eg ut både sylteagurk, selleristang, svartkål og småblomstra tagetes. I juli.

Me hausta masse sylteagurk i september.

Sylteagurk, dvs. små frlandsagurkar.

Selleristang blei også klar i september. Svartkålen har me plukka av jamnt og trutt sidan slutten av juli, og dei kjem med stadig nye, struttande sunne og møkregrøne blad. Tagetesen held ennå stand!

Kålrot overtok i dei små løkbeda, dei blei fortarte ferdig enn eg hadde trudd. Oppetne for lengst…

William og Sofie med kålrota William var sikker på vog 50 kilo….

Etter potetopptak i Leikeplasshagen, fekk grønkål plassen i det eine bedet og brokkoli, blomkål, selleristang og fennikel det andre. Gjekk fint det også, bortsett frå at fennikelen gjekk i stokk.

Brokkolien blei reine prakteksemplar, blomkålen blei så som så. Oppetne. Litt selleristang står ennå att i bedet.

Var ikkje den flott?!

Næring og liv

NB! Når eg plantar grøde nummer to, tilføyer eg eit godt lag kompost, eller eg grev ned Bokashi.  I det er det masse god næring pluss liv (bakteriar, soppsporer, meitemark osv) som plantene elskar.

Hadde eg ikkje hatt det, hadde eg brukt “Kumix” (pelletert ku- og hønsegjødsel), gjerne også litt fin skjelsand. Blanda forresten litt skjellsand i jorda til brokkolien.

Har du ikkje kompost? Fyll pallekarmar med alt avfallet frå hagen, så kan du dyrka på toppen neste år!

Her kan du sjå koss det såg ut då eg planta ut desse grønsakene i juli.

DU KAN LÆRA MYKJE OM BÅDE SERIEDYRKING og KOMPOST I BOKA MI “MARGUNNS KJØKKENHAGE – FERSK MAT ÅRET RUNDT”. 

Ei inspirerande og nyttig bok å bli glad av, slår bokmeldarar fast. (Foto: Jan Inge Haga)

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Grønsaker året rundt”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: