Beinkraft med masse urter

Beinkraft med masse urter

Kvar haust kokar eg digre gryter med kraft som eg frys ned. Fantastisk godt å ha når eg skal laga supper og gryterettar. God måte å få brukt alt frå kjøkkenhagen på, og gull verd for ledd og skjelett, for tarmen og humøret!

Kraftmedisin

Eg siterer lege og forfattar Berit Nordstrand: ” God, gammeldags kraft er medisin i ordets rette forstand. Den er kjent for å bedre fordøyelsen, lege lekk tarm, dempe betennelser, bygge sterke ben og gi god psyke.” Kraft på bein har vore ein del av matkulturen i mange tusen år, men i moderne vestleg kosthald har krafta blitt bytta ut med buljongterning. Nå er det på tide å ta krafta tilbake, meiner Nordstrand, noko eg som sertifisert helsecoach kan skriva under på:

For beinkraft er ikkje bare rik på smak, men på mineralar, viktige aminosyrer som mange lett får for lite av, så som glutamin, prolin og glysin. Prolin og glysin treng du mellom anna for å byggja nok kollagen som du ikkje bare treng for fin hud, men også for sunn brusk og sunne tarmveggar.

Hud, hjerne, skjelett

Ingen får fin hud av dyre kremar, då smører du bare det ytterste døande hudlaget. Fin hud kjem innanifrå og er avhenging av dei næringsstoffa og vatnet du får i deg.

Glysin og glutamin trengs når hjernen skal dempa  uro med signalstoff som GABA.

Me bør heller eta mindre kjøt og meir kraft, tilrår Nordstrand. Reine kjøtstykke kan ikkje måla seg med beinkraft som anminosyreleverandør, slår ho fast.

Bra kraftbein.

Kraft er dessutan billig og lett å laga.

“Det fins to typar kraftbein, eg kjøpte dei som ei erfaren dame anbefalte, nemleg dei flate og ikkje dei store runde som det blir mykje feitt av”, sa mannen min då han kom heim frå slaktarbutikken med to kilo kraftbein for 100 kroner.

Ei stor skål med litt avdanka bladpersille til kraftgryta.

Dur på med persille og selleri

Eg hadde hausta inn masse bladpersille, urter og stangselleri frå kjøkkenhagen, då var det bare å ha oppi den største gryta eg har.

Stangselleri – bruk også blada.

NB! Denne oppskrifta er basert på det eg hadde/det eg ville bruka opp denne gongen. Vanlegvis er det  mindre persille. Men godt blei det! (Kan aldri bli for mykje persille…)   Det går sjølvsagt også godt å bruka mindre persille og krydderurter og for eksempel meir blad frå rotselleri. “Man tageer hva man haver”.

Nå reknar eg me de vil ha oppskrifta, så eg skal spara dykk for ei lang utgreiing om alle vidunderstoffa i persille, selleri og løk.

Ingrediensar:

  • Masse bladpersille (mest stilkar), var nok meir enn 1 liter + ein liten neve løpsstikke
  • 5 dl krydderurter: Mest timian, men også ein del oregano og litt salvie og rosmarin. Med stilkar.
  • 6 kvitløkfedd med skal
  • 1 rød chili “Padron” utan frø
  • 1 bunt stangselleri med blad og nokre stilkar og blad frå rotselleri
  • 5 små løk med skal
  • 4 gulerøter
  • 1 ss heile, svarte pepparkorn
  • 1 ss havsalt
  • 2 kilo kraftbein
  • 1 ts eddik
  • Nok vatn til å fylla opp gryta.
Jo lenger du let krafta koka, jo betre.

Framgangsmåte:

  1. Finn fram ei gryte som rommar minst 12 liter.
  2. Vask selleri, persille og gulerøter.
  3. Ha urtene og grønsakene i gryta. Du treng ikkje skrella korkje løk eller kvitløk.  Fylte gryta opp til 10-liters-streken.
  4. Legg kraftbeina på toppen.
  5. Fyll opp med vatn.
  6. Kok opp, skru så ned varmen på ci 2 og la det stå og putra heile dagen.
  7. Skru av plata før du legg deg.
  8. Neste dag lar du krafta småkoka litt til, så lenge du gidd.
  9. Ta beina ut or gryta med ei pølseklype.
  10. Fisk grønsaksrestane ut med ei sleiv.
  11. Legg eit dørslag i ei stor skål og sil av krafta.
  12. Hell på Norgesglas eller frysebeger.
Dette skal bli godt å ha i supper og gryterettar! Eller til bruk når me treng ein styrketår…

Sørg endeleg for å  kosa deg med ei stor skål før du frys ned alt!

Eg fekk jysla mykje energi langt ut på kvelden etter at eg sette til livs ei skål med kraft om ettermiddagen.

Kor mykje kraft blei dette? 5,5 liter.

LES OGSÅ:

MORS KJØTSUPPE

ÅRETS BESTE KRYDDERURT

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 



4 kommentarar om “Beinkraft med masse urter”

  • Hei.
    Jeg kan nesten kjenne smaken her jeg sitter…:-). Lurte på en ting.; når man ikke har så stor fryser, vil det da være like greit å koke ned kraften og fryse i mindre porsjoner, for så å vanne ut igjen når den skal brukes?
    Mvh
    en veldig fornøyd følger som skulle ønske du bodde enda nærmere Bergen;-)

    • Hei og tusen takk for hyggeleg kommentar:) Tja, kanskje det? Eg veit ikkje, har ikkje prøvd. Men når eg lurer på ting, så prøver eg alltid, så finn eg ut om det funkar!

  • I morgen blir det, etter planen, kraftkoking her også. 🙂 Gjør det hver høst. Kjøpte kraftbein fra en lokal bonde og ser fram til å nyte resultatet gjennom vinteren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: