Fermenterte rødbeter

Fermenterte rødbeter

Den sunnaste og den minst arbeidskrevjande måten å sylta rødbeter på, er ved å leggja dei ned i saltlake. Fermentering, eller mjølkesyregjæring, med andre ord. Et du eit par skiver av desse i ny og né, aukar du talet på nyttige tarmbakteriar som vernar deg mot sjukdom.

Du slepp altså både koking og sukker.

Oppskrift:

  • 2 liter vatn
  • 3-4 ss salt (gjerne havsalt)
  • 12 rødbeter
  • 3-6 nellikspiker (1-2 til kvart glas)
Eg stappar reine glas fulle av rødbeter, så fyller eg opp med saltlake.

Framgangsmåte:

  1. Kok opp vatn og salt, avkjøl.
  2. Kok opp eit stort Norgesglas (eller fleire små) i ei stor gryte med vatn, ta dei ut med ei pølseklype og set dei på eit kjøkkenhandklede.
  3. Skrubb og vask rødbetene grundig med skalet på før du skreller dei.
  4. Vask hendene. Skjer så rødbetene i tynne skiver.
  5. Fyll Norgesglas med rødbetene.
  6. Hell over kald saltlake. Ha 1-2 nellikspiker i kvart glas.
  7. (Eg brukar nellikspiker som eit middel mot at det skal danna seg kvit muggsopp på toppen. Mange likar å ha karve i for smaken – 2 ss karve pr. liter vatn- eg likar dei best utan).
  8. NB! Vatnet/laken må stå over rødbetene. Kjem dei over vassflata, kan du få muggsopp.
  9. Legg eit reint kjøkkenhandlede over glasa og set dei i romtemperatur. Ta ein kikk under handklede etter eit par dagar, og du vil sjå at det boblar litt.
  10. Pass på at rødbetene ikkje flyt opp, dei skal halda seg under laken.
  11. Etter 3-5 dagar er dei klare. Smak og kjenn om du synes dei er syrlege nok.
  12. Skru så på tett lok. Då held dei seg lenge i kjøleskapet.

Godt! Eg likar desse betre enn dei du får kjøpt som er kokte i eddik og sukker. Det same gjer dei som har fått smaka.

Dyrketips

I Leikeplasshagen har me rødbeter. Ikkje dei eg planta ut i april – dei gjekk i stokk– men dei eg sådde rett ut her og der i slutten av mai. Neste år skal eg ikkje så dei for tidleg! Eg skal heller ikkje dilla med forkultivering, går vel så greit å så dei rett ut. Det går fint å så rødbeter tett, så haustar du dei minste fyrst, og dermed får dei andre meir plass til å veksa seg større.

Rødbetene toler også godt å stå ute om hausten så lenge kuldegradene ikkje blir for mange. Legg gjerne eit jorddekke av lauv.

Tidlegare i haust har eg lagt ned sylteagurk etter same metoden. 

LES OGSÅ:

25 SMÅ OG STORE HAGEJOBBAR I OKTOBER

 



4 kommentarar om “Fermenterte rødbeter”

  • Hei Margunn,
    Takk for godt tips!
    Jeg må bare spør om norges glassene blir stående uten lokk de første dagene, eller skal lokket bare ligge løst på (uten alu.ring)?
    Mvh Marianne

    • Hei! Eg har bare kjøkkenhandklede eller lokket laust på dei fyrste dagane – når rødbetene er ferdig gjæra etter nokre dagar, legg eg gummiringen i lokket og skrur det tett.

  • Hei Margunn,
    Jeg har fulgt deg siden Februar, og blir bare mer og mer imponert over alt du får til.
    Som medlem i Egersund og omegn Zontaklubb sin Program og Seremonikomite, brenner jeg for å få til et medlemsmøte med/hos deg høsten 2020 eller våren 2021. Tror du det er mulig?
    Vi er 60 lydhøre medlemmer – damer i sin beste alder, og har medlemsmøter tredje onsdag hver måned.
    Håper å høre fra deg så snart som mulig, så ser vi hva vi får til.

    Beste hagehilsener fra
    Beate J. Efteland
    mobil: 97561602

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: