167 blomsterløk i jorda, er det nok?

“80 tulipanlauk i jorda. Er det nok. Køyr debatt!” skreiv gymnasveninna mi Idun Stokka på Facebook her nyleg før ho sykla avgarde og kjøpte 30 til. For me kan aldri få nok av krokus, påskeliljer og tulipanar når våren kjem, ikkje sant? Eg elskar å fylla krukkene med blomsterløk. I år blei det ekstra mange, for eg og mannen var jo ein tur i Amsterdam.

Mariells etasjekrukke
Vel, det starta med Mariell Klungtveit og eg heldt årets siste kjøkkenhagekurs på Selvåg gartneri- og hagesenter. Etter at eg hadde snakka om kvitløk, kompost osv, lærte Mariell bort planting av blomsterløk “i etasjar”, eller lag på lag: I ei diger krukke planta ho 25 tulipanar i rosa, rødt og mørkelilla, 5 blå og 5 kvite sviblar (Hyasintar) og 25 Anemone coronaria “Purple Pink Mix”. Dermed sikra ho seg rik bløming frå slutten av mars til slutten av mai: Fyrst kom sviblane, deretter tulipanane og så anemonene. Ho viste foto frå fjorårets krukke: For eit syn!

Oransje-rosa-lilla rundbed
Dermed kjøpte eg 35 tulipanar og 25 “Anemone coronaria” “Purple-Pink-Mix” som Sofie, veslesyster Nora og kameraten Olav fekk setja i rundbedet midt i Leikeplasshagen. Sidan ungane elskar rosa og oransje, blei det 15 Triumph-tulipanar “Primavera Mix” – ein mix av oransje, rosa og kvite – og 10 “Daydream” oransje Darwintulipanar. Me spedde på me godt og vel ti av fjorårets tulipanar som eg tok opp i vår og tørka.
Kvifor i alle dagar kjøpte eg ikkje sviblar? Eg tenkte vel at eg skulle til Amsterdam. Men på blomstermarknaden i Amsterdam blei eg så svimeslått over utvalet at eg gløymde sviblane. Og ja, mykje billigare enn her heime.

Narsissar og prydløk fra mars til juni
Flest posar med tulipanar, men også prydløk og påskeliljer hamna i kofferten. I haustsola sist helg fylte Sofie tre krukker i Leikeplasshagen med 20 kvite påskeliljer med oransje “trompet”: “Barret Browning” og 12 prydløk Allium “Simply Classic”. Ei med bare prydløk, ei med bare påskeliljer, og ei blanding, bestemte Sofie. Dermed bør me vera sikra bløming frå slutten av mars til eit godt stykke ut i juni.
Kjekt med kvite påskeliljer og lilla prydløk, tenkte eg, for i bærbuskhekken like ved har me tidlegare planta tett i tett av små gule, tidlege påskeliljer.
I sommar var det georginene som stod for fargeprakta i dei same krukkene. Knollane har eg teke opp, spylt bort jordrestane og lagt i kassar innandørs til tørk. Når dei er tørre, skal dei få liggja i kjellarboda til naboen fram til neste vår.

Krukkevis med tulipanar frå Amsterdam
Sjølv fylte eg to store krukker med ein mix av 25 Rembrandt-tulipanar og tre mellomstore med ein mix av Darwin Hybide- tulipanar. Det blir spanande å sjå kva fargar det blir på dei som kjem opp.
Ein pose “Double Late Pastel Double Mix” på 25 tulipanar blei fordelte på fire mindre terrakottakrukker.
Kor tett, kor djupt?
Altså sette eg ikkje løkane like tett som Mariell i si etasjekrukke. Både fordi eg vil ha mange krukker, og for at dei skal få plass til å utvikla seg godt.
Ti centimeter avstand mellom kvar, vil løkane helst ha. Kor djupt? Ti centimeter.
Spissen på løkane skal opp. Det er lett å sjå kva som er opp-ned på tulipan- og påskeliljeløk, men litt verre med dei runde, kvite prydløkane: Sjå godt etter, så ser du restane av røtene.

Vanskelegaste er anemonene – dei er små, svarte, knudrete knollar. Me putta dei bare ned slik som det fall seg, så stolar me på at dei finn vegen opp. Dei skal ikkje plantast så djupt, 5 cm held.
Jord, gjødsel, vatn
Set du løken i bed, vel ein plass der jorda er godt drenert. Legg gjerne litt grus i nederst i planteholet.
Krukker: Der må vera hol i botnen slik at vatn kan renna ut. Legg gjerne også eit lag med grus&sand eller lecakuler i botnen.
Fyll 2/3 av krukkene med god jord . Brukar du kjøpejord, spe på med ei neve pelletert organisk gjødsel, gjerne også ein neve beinmjøl.
Eg bruke “heimelaga” kompostjord om eg nyss grov ut or kaldkompostbingen, pluss spedde på med litt beinmjøl. Det går også fint utan beinmjøl.
Legg så løken i, vatna om jorda er tørr og krukkene står under tak – slik at jorda blir gjennomfuktig men ikkje veldig våt. Fyll så opp med jord – 10 cm tjukt lag.

Ute eller inne?
“Let du krukkene stå ute”? fekk eg spørsmål om då eg la ut bilete på Facebooksida Margunns kjøkkenhage sist helg av Sofie sine krukker. Ja, svara eg. Påskeliljeløk toler nemleg meir enn tulipanløk. Men etter alt styrtregnet med har hatt dei siste dagane, blei eg uroleg. Mor til Sofie fekk fatt i ei sekketralle og trilla dei under takskjegget.
Mine krukker står på trappa og på ein benk inntil husveggen slik at dei blir skjerma for regn.
Løkane toler nemleg kulde bra, men er jorda dassvåt, er det fare for at løkane blir sjuke.
Set du krukkene i garasjen, må du hugsa på å ta dei ut i lyset STRAKS dei fyrste bladskota viser seg. Helst litt før..

Adventspynt
På toppen av tulipankrukkene kunne eg ha planta krokus, eller haustlyng. Når det nærmar seg advent, kan det vera eg dekkjer dei med mose og pyntar med kongler – eller julesviblar..
LES OGSÅ:
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
i min verden er det nok,men det kan alikavel ikke bli for mange løker :=) blir vakkert til neste vår
Takk, ja spent på koss det blir til våren. Veit jo aldri heilt med slike blandingspakkar/tulipanmix.
Hei Margunn,
Lurer på hva du gjør med løkene når de har blomstret ferdig? Tar du opp alle løkene med stilk og blader? Eller venter du til de har visnet helt ned? Hvis jeg skal vente til de er visnet helt så har jeg en gjeng med “opptatte” krukker som ikke er så fine å se på i ukesvis. Hvordan lagrer du dem hvis du tar dem opp? Kan de ligge i en bod hele sommerhalvåret (med eller uten stilk/blader)?
Hei! Det kjem an på… Dei har best av å stå til dei har visna ned. Løkane i bed får lov til det. Men krukkene treng eg til georginer og sommarblomar, derfor tek eg dei opp etter avbløming og plantar dei ut i bed melllom staudene f.eks.
Det blir aldri nok. 😀
He, he, godt svar!