Skaff deg ein sigd!

Då går arbeidet mykje raskare. Eg fattar ikkje koss eg hadde greidd meg utan når eg haustar inn og ryddar i kjøkkenhage og staudebed. Og komposteringa av avfallet går fortare når eg kappar det opp med sigden.
“Sjørøvarkroken til Margunn”, kallar ungane i gata sigden.
Svusj, svusj, svusj,, så har eg kappa opp dei tjukke stenglane på maisplantene. Svusj, svusj, frostskada squash- og graskarplanter likeså. Svusj, svusj, det eine trillebårlasset etter det andre med stauder og tomatplantar hamnar i kompostbingen.
Nå lurer eg på kva eg gjorde før eg kjøpte sigd for snart ti år sidan. Det var far min som sette meg på tanken. Han brukte nemleg sigd når han rydda i hagen sin. Jo, så vidt eg hugsar brukte eg ulike typar hagesaks. Eg får senebetennelse i underarmane bare ved tanken.
Nei, fort og effektivt må det vera, og då er ein sigd tingen! Eg kjøpte min på Felleskjøpet sin butikk (for full pris, eg er ikkje sponsa), men byggvarebutikkar har nok også.
NB! Hugs å ta inn sigden. Ikkje la han liggja ute viss der er ungar, for sigden er skarp!

LES OGSÅ:
25 SMÅ OG STORE HAGEJOBBAR I OKTOBER