25 små og store hagejobbar i oktober

25 små og store hagejobbar i oktober

Ein fin, men travel hagemånad. 25 punkt står på blokka mi over alt som bør gjerast før det blir for mørkt, vått og kaldt.  Yndlingsjobben er å laga ny jord av avfallet som nye planter skal få veksa i neste sesong. Her er heile lista:

  1. Spa ut ferdig kompostjord av kompostbingane. Eg har både varmkompost og kaldkompost. I fjor la eg komposten som eit toppdekke på dei beda og pallekarmane i kjøkkenhagen som trong påfyll. Nå er jorda her djup og feit nok, derfor hadde eg kompostjorda over sekker og spann slik at eg kan fylla det i store krukker kor eg skal setja tulipanløk og annan vårblømande løk.  Jord som blir til overs, har eg i plastsekker i garasjen til bruk til våren. Eg set også til sides ein murarbalje med kompost som eg strør mellom laga på avfallet som eg nå fyller bingane med.
  2. Ta inn grønsakene som ikkje toler frost. Graskara må i hus før det blir for kaldt, det inneheld masse vatn, og blir øydelagde om dei ligg ute for lenge. Ikkje legg dei ein kjøleg stad. Dei skal liggja tørt og varmt i nokre veker, slik at dei blir mogne og skalet hardt. Mine får liggja i stova til det nærmar seg jul…  I år var eg ei veke for sein med å ta inn det største “Tom Fox”-graskaret. Resultat: Det blei gråkvitt-stygt-og-mjukt i den eine enden med stengelen. Dermed kunne eg ikkje ta det inn og la det mogna ferdig der, men hamna i varmkompostbingen.
  3. Grønsaker som kan stå ute ved fleire minusgrader er grønkål, svartkål, rosenkål, rødkål, purre, pastinakk, jordskokk.  Vintergulerøter toler også litt kulde (eg har ikkje vintergulerøter), det same gjer rødbeter, selleristang og sellerirot.  Men: For å vera på den sikre sida, tek eg inn mesteparten av rødbetene og sellerirøtene nå.
  4. Det er også lurt å leggja på eit lag med lauv eller anna jorddekke rundt sellerirøtene og rødbetene du let stå att.
  5. Sjå til at rosenkål, palmekål og grønkål står stødig. Dei er litt topptunge på denne tida. Trø jorda godt til rundt stenglane, legg gjerne på ein ekstra haug. Staudestøtter av metall brukar eg også der det trengs.
  6. Jordskokken blømer så fint nå, så eg  ventar litt til før eg kuttar ned stenglane. Sjølve jordknollane skal få liggja i jorda til seinvinteren/våren.
  7. Kast dei gamle plantene/avfallet i komposten. Kapp det opp fyrst i bitar, då går komposteringa raskare. Eg brukar å fylla både to varmkompostbingar og ein stor kaldkompostbinge. Har du ingen av delane? Avfallet kan du bruka likevel. Skaff deg ein dobbel pallekarm og fyll oppi. Til våren har det blitt til grov kompost. Då er det bare å fylla på med jord på toppen som du kan så og planta i.  Eller: Grav ut eit par av dei pallekarmane du har frå før. Fyll dei med avfall, legg så halvparten av jorda du grov ut på att. Dermed har du jord til overs som du kan bruka til nye bed/pallekarmar/krukker.
  8. Kutt ned sommarbringebærplantene. Dei gamle, brune, vedaktige stenglane. La dei nye skota stå.
  9. Få dei siste epla i hus. Her er eit blogginnlegg om hausting og lagring. 
  10. Ta opp georginer i krukker og bed. Toler ikkje frost. Kapp av bladverket, la det stå att  ti cm av stilkane. Grav opp knollane, ta av mesteparten av molda, vask dei gjerne. Legg dei så til tørking i sol eller innandørs – legg dei i kassar med avispapir i botnen. Når dei er  tørre, lagra dei i kjellar eller ein frostfri og kjøleg plass til neste vår.
  11. Plant kvitløk, det vil seia: Setja fedd.
  12. Plant vårblømande løk, det vil seia, setja løk av påskeliljer, prydløk (Allium) og tulipanar.
  13. I oktober kan du også planta rabarabra, eller dela dei du har.
  14. Ta frø av sommarblomar (lett med ringblom og blomkarse). Tørk dei inne før du legg dei i posar eller små glas som du merkar.
  15. Ta frø av grønsaker som chili, paprika. Frø av desse ser heilt like ut, så merk dei straks du legg dei til tørk. Det gjorde ikkje eg. Etter ei veke hadde eg gløymd kva som var kva, pluss ein eller annan hadde hatt alle frøa i ei og same skål…
  16. Vil du så dei same tomatane neste år, ta også frø av desse før du ryddar ut drivhuset.
  17. Rydd ut av drivhuset. Alle mine tomat-, agurk, chili- og paprikaplanter har nå hamna i kompostbingen (minus ein…).  Eg veit ein del overvintrar chili inne, men det gidd ikkje eg. Det er faktisk ein ganske stor jobb å gjera dette – for kassane og pottene skal jo vaskast.  Derfor tok eg fatt på dette denne veka sjøl om nok ein del av dei grøne tomatane hadde rukke å få litt raudfarge om eg hadde venta nokre dagar/veker til. Men det mykje kjekkare å stå ute med slangen og vaska kassar når det er ti varmegrader enn når det er to. Dessutan treng pelargoniane mine å koma inn og vekk frå haustregnet.
  18. Flytt pelargoniane inn i drivhus og vinterhage. Plukk vekk visne blomar og stygge blad. Sjekk for utøy.
  19. Flytt pottene med Middelhavskrydderurter vekk frå pøsregn og inntil husveggen/under takskjegg. Kjem det ein langvarig kuldeperiode, tek eg dei inn i drivhuset.
  20. Luk.
  21. Grav ned Bokashi der eg har dyrka graskar og mais.
  22. Samla lauv. Legg som dekke på bed og i karmar. Tang&tare er gode greier, men eg er så frysen av meg, at eg vegrar meg for å  sanka det i regn og blåst nå seint på hausten. Dessutan køyer eg ikkje bil. Lauv kan eg henta med trillebår. Og lauvdekke ser finare ut…
  23. Ta inn bambuspinnar/støttepinnar.
  24. Kapp ned avblomstra stauder og ha dei i kompostsbingen. Eg let nokre stå att, for at det ikkje skal bli så tomt og nake i bedet. Men eg likar å fjerna mesteparten nå, for det er gildare å sysla med dette i haustsola mens blada er tørre, enn å gjera det om våren når blada er halvrotna. Dessutan er det så mykje anna som skal skje om våren. Ein grunn til: Her i milde Stavanger er det greit å fjerna det som kan vera gøymestader for sneglar. Dessutan får eg kompost til våren!
  25. Vask potter og reidskap, flytt dei inn i garasje/reidskapsbod.
Nok ein kasse med tomatplante og gamal jord er tømd i kompostbingen. Så var det kassevasking og henting av nye lass. (Foto: Jan Inge Haga som også har teke biletet i toppen av innlegget.)

Noko eg har gløymt?

KJØKKENhage

Jo, sjølsagt må eg jo ta godt hand om det eg haustar inn.  Masse kjekt å bruka regnvåte dagar på: Koking, baking, juicing, sylting, fermentering..

Her er eit av dei mange bileta i oktober-kapittelet i boka “Margunns kjøkkenhage”, teke av Jan Inge Haga.

LES MEIR:

DU KAN LESA MEIR om haustlege gjeremål både i hagen og på kjøkkenet i boka mi “Margunns kjøkkenhage- Fersk mat året rundt”. Boka får du kjøpt i bokhandelen eller du kan få boka sendt heim til deg om du bestiller frå Jæren forlag sin nettbutikk.

Jan Inge Haga som har teke bileta eg har brukt i dette blogginnegget, har også teke flesteparten av bileta i boka.

Ei inspirerande og nyttig bok å bli glad av, slår bokmeldarar fast. (Foto: Jan Inge Haga)

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: