Dagens juice: Brokkoli, mynte og eple

Dagens juice: Brokkoli, mynte og eple

Du kastar vel ikkje brokkoliblada når du haustar inn? Av dei kan du laga god juice.  Ein sentrifugejuicar er ei god investering for oss med kjøkkenhage. Ein fin måte å bruka opp alt på.

Naboen og eg tok nyleg inn kvar vår store brokkoli frå Leikeplasshagen som me planta ut i juli etter potetopptaket. Seriedyrking er trikset om du vil ha mykje mat på liten plass. 

Me let røter og ein god del av stilken og blada stå att i håp om at nye små brokkolihovud kan veksa fram. Dei nederste blada plukka eg inn på oppryddingsrunden i hagen saman med to romanosalat som song på siste verset, samt fire små squash frå squashplanten som takka for seg etter ei natt med lett frost. Frå ei stor krukke med mynte tok eg inn ein stor bunt og i kjøleskapet hadde eg eple frå “Summerred”-treet. Sitron har eg alltid i kjøleskapet.

Ikkje kast brokkoliblada.

Dermed blei denne juicen til:

Ingrediensar:

  • Ci 1 liter grønnmynte (med stilkane)
  • 8 brokkoliblad (du kan bruka andre grøne blad som grønkål, svartkål, spinat om du ikkje har brokkoli)
  • 2 Romanosalat (viss du har)
  • 4 små squash (har du ikkje, bruk agurk eller dropp det)
  • 1/2 økologisk sitron med skal
  • 15 små eple (ikkje skrell epla! I sentrifugejuicaren puttar eg heile eple oppi med kjernehus)
  • 3 koppar vatn

Framgangsmåte: 

  1. Start med mynte og brokkoli. Stapp i røyret på juicaren og trykk ned. Ha juicaren på 2.
  2. Skru ned på 1, og juice så resten (som er mjukare, og inneheld mindre fiber).
  3. Hell vatnet i til slutt – for å skyla ut av juicaren og tynna ut juicen.
  4. Smak til: Meir vatn? Meir sitron? Meir eple? Jo oftare du drikk grøn juice, jo grønare likar du smaken.

Blei om lag 1 liter juice.

Luksus å laga juice når du må kjøpa ingrediensane. Men har du eit epletre og ein kjøkkenhage, kan du laga så mykje juice du bare vil!

Fleire tips

Det blir litt skum av eplene, rør og drikk eller skum av.

Juicen er aller best nylaga. Eg drikk eit stort glas og serverer eitt til mannen. Resten heller eg på glasflasker og puttar i kjøleskapet. Der held han seg i fire-fem dagar. Du vil sjå at juicen skil seg (han er jo fersk og ikkje oppvarma/pasturisert slik som juicen du kjøper).  Det er bare å  snu flaska opp ned eit par gonger før du heller i glaset.

Avfallet etter juicinga hamnar sjølsagt i komposten, enten i Bokashibøtta under kjøkkenbenken (fermentering av matavfall) eller i varmkompostbingen.

Juicaren bør vaskast rett etter bruk.

Helsetips: Mynte er bra for deg med mage-/tarmtrøbbel.

Sentrifuge- eller slowjuicar?

Fordelane med slowjuicar er at det blir mindre avfall, og juicen skil seg ikkje så lett. Ulempene er at det går veldig seint å juica samanlikna med sentrifugejuicar. Du må skjera opp frukt og grønsaker i bitar, og sjølve prosessen går seinare. Dessutan set fiber seg lett fast.

Eg hadde fyrst sentrifugejuicar, så skifta eg til slowjuicar, men blei fort lei av å pirka ut fiber frå grønkål, mynte og selleristang. Det var herleg å ta i bruk att sentrifugejuicaren.  Med den kan eg laga  dobbelt så mykje juice på under halvparten av tida. Minst.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: