Tid for å setja kvitløk

Tid for å setja kvitløk

Vil du ha fersk kvitløk til sommaren, er det i oktober du bør få fedda i jorda. Du vil ikkje angra! For sjøldyrka kvitløk er knallgodt, og arbeidsinnsatsen liten. Her skal eg visa deg framgangsmåten og dei seks sortane me sette i Leikeplasshagen i år. Fem nye!

Best resultat får du om du brukar fedd frå godkjent setteløk. Dyrare, ja, men eignar seg betre for norsk klima enn mykje av kvitløken du kjøper i matbutikken. Og sjukdom vil me ikkje ha på kvitløken vår.

“Øyvind Smirnoff”

Har du fått fram din eigen løk, er det lurt å leggja til sides nokre store, fine og sjukdomsfrie slik at du kan setja dei. Eg hadde heldigvis spart ti kvitløkar frå eigen avling. Eg var så heldig å få denne av min ven Øyvind.  Det er den som er på biletet i toppen av dette innlegget. Her ser løken kvit ut, men når du får av det ytste laget, er fedda temmeleg lilla.

Han er ikkje sikker på kva namnet er på løken, men trur det er “Alexandra Smirnoff”, ein slangekvitløk som Alexandra tok med seg frå St. Petersburg til Finland. Ein kvitløkentusiast han kjenner i Tsjekkia, sa at kvitløkane endrar seg og tilpassar seg forholda der han veks med åra, og at me derfor kan kalla kvitløken opp etter oss sjølv!  Eg kallar han “Øyvind”. Kanskje han burde få “Smirnoff” som etternamn, men det minner meg om vodka, og det kan eg ikkje fordra!

Sjølv om det blir rundt 60 fedd, og kvart fedd blir til ein ny kvitløk – var det i minste laget.  Fersk kvitløk er så godt at dei blir oppetne før du får sukk for deg.

Årets fem nye sortar

Eg var så heldig å få ein skatt i posten frå Anita S. Dietrichson i Kristiansand.  Ein stor kvitløk av sorten “Valdres”. Den stammar frå munkane i Kviterussland, og det var gartnar Anders Nordrum som fekk sorten til Norge.

Fedda har eit tydeleg lilla skjær. Hmm, han liknar veldig på mine eigne…

Eg vil forresten anbefala deg å ta ein titt på Facebooksida til Anita, Drivhuset mitt. Eg har stor glede av å fylgja denne.

I tillegg kjøpte eg desse fire sortane på Selvåg gartneri og hagesenter i Stavanger: (Eg er ikkje sponsa, eg betalte full pris).

“Dukat”: Forhandlaren (Nelson Garden) skriv at sorten er kuldetolerant, sjukdomsresistent, kan lagrast i lang tid og har sterk smak. Stor, kvit og tidleg sort frå Tsjekkia. Skal få 5-7 store fedd.

“Unikat”:  Også frå Tsjekkia, toler kulde, god å lagra, tidleg, middels stor med 8-13 fedd, grålilla skal. Denne var den minste av dei nye løkane eg kjøpte.

Dei største hadde franske namn:

“Thermidrome”: Stor, ja skikkeleg kraftige, kvite fedd med svak lilla fargenyanse. Skal kunna gje 8-14 fedd pr. løk. Også denne passar godt til lagring i fylgje forhandlaren, som også puttar på “for deg som elsker det franske kjøkkenet” i sortsomtalen.

“Germidour”: “Perfekt for omnsbaking eller på grillen”, “mild og fyldig smak”, lyd omtalen frå Nelson Garden.  Mindre løk enn “Thermidrome” og meir  lilla i fargen.

Ci 20 løk til 5 kvadratmeter

Til saman 11 kvitløkar utanom mine eigne 10.

Eg hadde sett av om lag 5 kvadratmeter til kvitløkane. Planteavstand 15 centimeter, radavstand 20, stod det på lappen frå Nelson Garden, men me sette dei nok tettare ja – om lag 10 centimter mellom kvart fedd og kvar rad. Og 10 centimeter djupt – det vil seia dobbelt så djupt som fedda er store.

Det passa temmeleg bra – eg fekk bare nokre små fedd frå mine eigne kvitløk til overs.

Nora (4) var flink til å dela kvitløken opp i fedd.

Sol og næring

Kvitløk vil ha sol og god næringsrik jord. Eg blanda inn bortimot ei bøtte med grov kompost pr. kvadratmeter. Vanlegvis pleier det vera nok, men i beda eg hadde blinka ut hadde eg fyrst dyrka tulipanar og løk, deretter kålrot og svartkål. Dessutan er det langt frå dei djupaste beda i Leikeplasshagen… Derfor fekk dei ein neve med Kumix (pellets av ku- og hønsegjødsel) i tillegg pr. kvadratmeter.

Arbeidsdeling

Fire år gamle Nora var perfekt å ha med seg til å setja kvitløk. Ho og mamma Marte delte løkane opp i fedd mens eg gjorde beda klar.  Spissen på kvitløken skal opp, den meir butte enden som ofte har restar av røtene skal ned.

Spissen skal opp.

Sjølve setjinga gjekk fort: Med ein plantepinne (“dibber”) stakk eg ti centimeter djupe hol, så putta Nora og mamma fedda nedi og så raka eg “jorddyna” over dei.  Hadde ikkje vore dumt å gje dei eit ekstra “pledd” av lauv.

Til slutt stakk me ned merkepinnane. Håpar dei får stå i fred… Hundar likar å nappa dei opp, så for å vera på den trygge sida skreiv eg ned kva me sette kor.

Så herleg å ha det gjort! Nå er det bare å venta og gleda seg til irrgrøne kvitløkspirer til våren..

For ei herleg kjensle! Kvitløken er på plass i beda til høgre og tulipanløken fyller det runde bedet etter at sommarblomane har gjort sitt for i år. Ringblomar og svartkål er noko av det du ser i beda lenger bak. Fremst: Sellerirøter. “Buskane” i kvitløkbeda er salvie, sitronmelisse og rosmarin som hadde fått det for trongt i krukkene.

Nora hadde all grunn til å vera stolt etterpå. Tidlegare år er det broren William (nå sju år) som har stått for kvitløksetjinga her i Leikeplasshagen. Men komande sommar blir det Nora som skal få æra av å dra opp dei fyrste kvitløkane:)

Stolt William med årets avling. Det vil seia, me hausta ikkje alt samstundes, me nappa opp litt nå og litt då, så tok William opp eit lass til sist.

LES OGSÅ:

AT KVITLØK KAN VERA SÅ GODT!

DENNE KVITLØKEN VEKS OPP OR GAMLE TOMATPLANTAR

KVITLØK MÅ DU BARE PRØVA Å DYRKA SJØL!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



4 kommentarar om “Tid for å setja kvitløk”

  • Hei Margunn og takk for artig og forfriskende innlegg. Dessverre har jeg hverken hage eller veksthus selv om det hadde vært midt i blinken for meg. Men 70 m2 terrasse som nå skal få en hagestue på 17 m2. Kanskje du ser dette for deg og kan gi meg noen tips på hvordan jeg kan dyrke matvekster? Jeg blir så missunnelig når jeg leser om alt de flott du får til🤗❤️

    • Hei! Du kan dyrka mykje på den plassen. Eg hadde i alle fall hatt masse ulike krydderurter i krukker. Salat og spinat kan du så i breie krukker/baljar/kassar til våren. Rødbeter og gulerøter treng heller ikkje stor plass – her er det bare å prøva seg fram. Fennikel, svartkål og mangold/bladbete treng større krukker – men er jo så dekorative! Busktomatar kan du ha i hagestova fyrst, så flytta ut på terrassen om sommaren. Nå hadde eg sett vårblømande løk i potter. Kanskje kvitløk i ein kasse? Lukke til!

      • 1000 takk for ditt svar med gode tips🤗 Jeg har undersøkt litt det med kasser som er mest praktisk slik jeg ser det, men terrassen har tregulv og jeg er litt spent på om du kan mene en annen type kasser? Den må jo ha bunn og samtidig tåle fuktighet? Er spent på ditt svar😃

        • Hei igjen! Ja meiner krukker og kassar med botn (med dreneringshol). Kassar: Eg har f.eks nokre avlange, temmeleg store og djupe i resirkulert plast (finnes i fleire fargar). Går også an å få kjøpt plastlok til desse. Merket er Elho eller noko slikt så vidt eg hugsar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: