Herleg haustgryte: Ungarsk gulasj

Herleg haustgryte: Ungarsk gulasj

Den gongen muskler og senar i armane var så betente og vonde at eg ikkje kunne trykkja ned ein tast eller lyfta ein kopp, drog eg til Budapest på helsespa for å få behandling og læra meg å slappa av. Kvar kveld sto der ei stor gryte med ungarsk gulasj midt på buffet-bordet. Her får du min vri på gulasj.

Ingrediensar: (10 porsjonar)

  • 2 gule løk
  • 1 kvitløk
  • 1 purre (eg brukte grøne løkstilkar som eg har fleire posar av i frysa)
  • 6 store poteter
  • 1 stilk stangselleri
  • 5 dl kraft kokt på bein og grønsaksavkapp. Du kan også bruka 2 dl vatn med 3 ts buljongpulver og ei ekstra øskje hermetiske tomatar, sjå neste kulepunkt.
  • 1-2 øskjer/boksar hermetiske tomatar. Det var nok med 1 når eg hadde kraft. Brukar du vatn og buljong, bruk 2 øskjer tomatar og 2 dl vatn med buljongpulver.
  • 4 ts tomatpuré
  • 5-6 ts paprikapulver
  • 1 chili utan frø eller 1/2 ts chilipulver (kjem an på kor sterk du vil ha gulasjen).
  • 2 store røde paprika, (eller gjerne rød og oransje/gul)
  • 2 boksar brune bønner (eg brukar vanlegvis det, denne gongen brukte eg “Bønnemix” pluss nokre nevar sukkererter, for det var det eg hadde)
  • 1 bunt fersk oregano eller 2 ts tørka oregano
  • 1 bunt bladpersille

Framgangsmåte:

  1. Skrell og hakk løk og kvitløk.
  2. Skrubb potetene, skjer dei i bitar.
  3. Vask purren, skjer i ringar.
  4. Rens paprika, skjer i bitar.
  5. Skyl bønnene i eit dørslag.
  6. Har du kokt kraft, veit du at feittet flyt opp og legg seg på toppen. Eg tok ei boks kraft ut or frysa, skar av feittlaget og hadde det i gryta fyrst. Har du ikkje det, bruk ein klunk olivenolje.
  7. Røresteik løk og kvitløk i feittet/oljen til han blir litt mjuk og gyllen men absolutt ikkje brun.
  8. Ha så i resten,  bortsett frå paprika, persille og bønnene. Dette kan du la koka med dei siste ti minutta.
  9. Smak til med peppar, eventuelt meir chili og persille.
Av dette kan du laga god mat til ti personar! I tillegg brukte eg nokre små paprika frå drivhuset. Paprikakrydderet her har sonen min kjøpt til meg sist han var i Budapest. Du kan bruka vanleg paprikakrydder som du får kjøpt i butikkane her. Står 2 løk i oppskrifta, her er ein stor og to små. På dette biletet er det også meir tomat enn eg trong.

Enkelt og godt. Legg merke til kor mykje mat det blir! Ruinert blir du heller ikkje når hovedingrediensane er poteter, løk og bønner. Tips ein student!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



4 kommentarar om “Herleg haustgryte: Ungarsk gulasj”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: